torsdag 9. september 2010

KrF på ville vegar!

Eg har aldri vore ein tilhengar av KrF, og kjem nok aldri til å verte det, særleg om dei skal fortsetje med den siste leflinga si med nokre av dei mest ekstreme tankane Norge har å by på. Ole Jørgen Anfindsen har vore og snakka til lokallaget i Oslo, han vil verte invitert til Stavanger, og Bergen er heller ikkje framande for tanken. Eg undrar meg på: veit dei i det heile kva denne mannen står for?

I mai i år gav Anfindsen ut boka Selvmordsparadigmet. Det han meiner med tittelen er at den vestlege kulturen er i ferd med å ta sjølvmord, sidan vi let folk frå andre kulturar få kome og bu mellom oss.[1] Dette utdjupar han med rasing mot alt frå den forrige regjeringa KrF sat i til FN og EU. Ei av hovudtesene til Anfindsen er at det er biologiske forskjellar mellom menneske, altså rasar, og at politikk bør byggjast på den forutsetninga at ulike rasar har ulike eigenskapar. Ser ein på litteraturlista han tipsar lesarar om finn ein mellom anna Tatu Vanhanen, ein mann som hevda at grunnen til at det var så mange fattige i Afrika, var at dei hadde låg IQ der. Ein burde derfor få inn så mange europearar, amerikanarar og asiatar som mogeleg i leiarstillingar i Afrika.[2] Arnfindsen viser også til boka Gode formål – gale følger? der det vert sagt følgande om situasjonen i Norge i dag: "Med erfaringene fra krigens dager i minnet kan det synes underlig at den islamske utfordringen ikke vekker en tilsvarende mobilisering i våre dagers vestlige demokrati"[3] Meiner forfattaren med dette at ein ser det  som eit naturleg svar på islamsk innvandring at ein oppretter væpna motstandsgrupper og går til geriljakrig? Dette var to døme på litturaturen Anfindsen anbefalar å lese. Han seier sjølv at "Ovenstående bøker er formodentlig for konservative, for islamofobe, for rasistiske eller for mye et eller annet annet til at vår prektige elite i det hele tatt gidder å nedlate seg til å lese dem"[4]  At dei er islamofobe og rasistiske verkar det som han har heilt rett i, og eg vonar han også har rett i at vår elite ikkje les desse bøkene.

Kva seier så mannen sjølv?  Om UNESCO seier han mellom anna følgjande:
Videre ser vi at organisasjonen, ettersom den politiske og vitenskapelige utviklingen frem mot 1978 gikk i en ’uønsket’ retning, i stadig sterkere ordelag fordømte dem som tenkte annerledes enn en selv, og man tok dessuten til orde for å bekjempe nevnte utvikling ved hjelp av virkemidler som ville ha fått anerkjennende nikk fra både Hitler, Stalin og Mao.[5]
Dette er noko han har henta frå ein annan, men han utdjupar det vidare, og seier at
Det ser altså ikke ut til at å være dekning for å hevde at sammenligningen av UNESCOs forsøk på politisk styring av forskningen med ”det man hadde sett i nazi-Tyskland og i Sovjet-Russland” skulle være spesielt ”grov” (Lavik 1998, side 108, sitert ovenfor). Riktignok har man ikke tatt i bruk tortur, vilkårlig fengsling eller henrettelser[6]
Så kan ein jo lure på korleis dette ikkje kan vere for grovt om UNESCO ikkje brukte "tortur, vilkårlig fengsling eller henrettelser"...

Av særskild interesse for KrF kan det vere å lese dette som han seier om den forrige regjeringa dei var med i:

FN og EU er, i hvert fall et stykke på vei, både intellektuelt og moralsk korrupte (jf Klaus 2006, 2009; Støvring 2009b). Situasjonen er ikke stort bedre i det offisielle Norge, noe som ikke minst illustreres av at Bondevikregjeringen i 2002 la frem en handlingsplan mot rasisme og diskriminering hvis hovedformål var å bekjempe sannheten, nærmere bestemt sannheten om raseforskjeller.[7]
Den var altså "både intellektuelt og moralsk korrupt", noko han tydlegvis må ha stor tru på at i hovudsak gjaldt dei andre partia i regjeringa eller dei som har gått ut av politikken seinare, sidan han no vel å snakke med KrF.

KrF må vere desperate når dei slepp denne mannen til på sine talarstolar. KrF snakkar høgt om å vere eit verdiparti og forsvarar av menneskeverdet, men visar no at dette er noko dei er villige til å ofre på populismen sitt altar. Dei ansvarlege, fornuftige, menneskekjære folka det fins mange av i KrF bør ta tak i dette og rydde opp i uvesenet som har kome inn i partiet før det får tid til å slå rot. Eg har som sagt aldri vore ein forkjempar for KrF, men dette hadde eg verkeleg ikkje trudd om dei!


[1] http://www.honestthinking.org/no/index.html
[2] http://www.hs.fi/english/article/1076153484261
[3] http://www.nytid.no/arkiv/artikler/20030312/et_angrep_pa_det_flerkulturelle_norge/
[4] http://selvmordsparadigmet.no/manus/Del1.Kap08.Hummer_og_kanari.htm
[5] http://selvmordsparadigmet.no/manus/Del2.Appendiks.H.Unesco.htm
[6] Ibid
[7] http://selvmordsparadigmet.no/manus/Del1.Kap05.Offisielle_logner.htm

4 kommentarer:

Kalle6 sa...

Anfindsen burde lese de 10 bud og særlig det 8. Dessuten kan han

Forøvrig mener jeg å erindre at jeg leste i media at da K.M.Bondevik gjestet Sarons dal, sa Aril Edvardsen til ham at et parti kan ikke være religiøst.

KrF, som nå nærmer seg sperregrensen, bør oppløses, og de forskjellige politikerne der bør gå inn i de øvrige partiene de føler seg næmest politisk sett.

Øystein Skauge sa...

Anfindsen, og mange med han, rasar mot det dei ser på som kulturelt sjøvmord av landet vårt. Innvandring er ukultur er det nye ordet.
I dag var eg i gravferd. Avdøde var amerikanar, og det var ikkje noko galt med han.Tvert om. Han jobba og gjorde ærleg arbeid til gagn for samfunnet vårt. Han døydde ein alt for tidleg død og let etter seg familie og kollegaer i sorg. Slik det som regel er når folk døyr. Men gravferda hans var veldig amerikansk. Også det er i og for seg greit. Flagg på kista og salutt frå CD-spelar på grava for ein irakveteran. Vi kan leve med det. Men norsk er det ikkje. Det er framand kultur. Eg vil seie: Det er like mykje ukultur som minaretrop når det smell i børseskot frå ein gravkant utanfor ei norsk kyrkje. Men det er det vel vanskeleg å innrøme for vestfokuserte blindgangarar i kulturlandskapet.

Monika sa...

Jeg tror du har rett i at mange ikke var klar over hva Anfindsen sto for da han ble invitert. Heldigvis har flere i Oslo KrF vært tydelige på at han aldri burde vært invitert, og at hans raseargumentasjon er forkastelig.

Steinar Sneås Skauge sa...

Ja, ein la seg ganske langflate i Vårt Land dagen etter møtet, men så langt eg hugsar frå oppslaget i VL, gjaldt dette berre dei i Oslo. Eg har ikkje fått med meg noko om at Stavanger og Bergen har endra planane sine...

Dagfinn Høybråten har til ein viss grad tatt tak i dette, sjølv om eg får ein vond smak i munnen av formuleringar som «streng og rettferdig» innvandringspolitikk». Dette høyrast ut som sverming for FrP-verdiar i mine øyre.

Det er heller ikkje oppmuntande at Inge Lise Hansen vil sammarbeide med FrP. Verdiane FrP frontar, til dømes gjennom det siste utspelet frå Tybbring-Gjedde er verdiar som bør prege det norske samfunnet. KrF har framleis mykje ryddearbeid å gjere!

Legg inn en kommentar