onsdag 29. september 2010

Mikkelsmess og englar

Russisk ikon som viser dei sju erkeenglane. Henta frå Wikimedia Commons
I dag, 29. september, er dagen kyrkja tradisjonelt har feira Mikkelsmess, dagen der ein minnast erkeengelen Mikael og alle englane. Dagen forsvann sjølvsagt ut av kyrkjekalenderen i Den norske kyrkja, men vart teken inn att i 1999, då som ei valfri markering. Her i Meland skal vi markere Mikkelsmess med kveldsbøn i kveld. Bibelselskapet har forøvrig ein flott artikkel om Mikkelsmess på sine nettsider.

På ei slik kveldsbøn er det naturleg å bruke mykje av det vi har av songar, bøner og lovprisningar frå englane. Å finne nok til ei kveldsbøn er ikkje noko problem, for også i våre vanlege gudstenester er det mykje vi har frå englane.

I starten på gudstenestene våre syng vi med orda englane på Betlehemsmarka brukte då Jesus vart født;
Ære vere Gud i det høgste og fred på jorda hjå menneske som gud har hugnad i.
Luk 2,14
og under nattverdutdelinga syng vi englane sin lovprising frå Jesaja;
Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot, all jorda er full av hans herlegdom.
Jes 6,3
I samband med nattverden kjem vi nok så nær ei påkalling av englar eller å tiltale dei som vi nokon gong gjer i Den norske kyrkje, når presten seier at;
ved han [Jesus] lovsyng englane din herlegdom, og di kyrkje i himmelen og på jorda prisar namnet ditt med samrøysta lovsong. Med dei vil vi og blanda våre røyster og tilbedande syngja:
So kjem orda frå Jesaja 6.

I liturgien vil vi ikkje tiltale englane direkte, men minst ein av salmane våre kan tolkast som ei oppmoding til englane og dei heilage om å syngje for Kristus. Det er "Atterløysar, guddomsdrott!" som står i Salmer 1997, der vi syng

Englar, helgnar, folkeslag, syng for Kongen Krist i dag!

Mikael i kamp med Satan. Henta frå Wikimedia Commons.

Om dette er ein oppmoding eller ein konstaterande setning er sjølvsagt opp til lesaren/songaren, då den kan tolkast begge vegar. Eg tolkar det slik at ropeteiknet på slutten visar at dette er imperativ, altså ei oppmoding der ein vender seg til englane og dei heilage og oppmodar dei til å vere med på lovsongen.

I vår tradisjon er nok dette det lengste ein strekk seg i å tiltale englane, men i kyrkjefamilien er dette noko som er langt vanlegare. I veska mi har eg med meg ei bok som heiter En liten katolsk bønnebok 2, og i den er det fleire bøner som er vendt til englane, då både til kvar person sin verneengel (Slik vi finn det fortalt i Matteus 18,10) og til Mikael. Bøna til erkeengelen Mikael er slik:

Hellige erkeengel Mikael, forsvar oss i striden, vern oss mot djevelens ondskap og snarer. Ydmykt trygler vi om at Gud må undertrykke den onde. Og vi ber deg, de himmelske hærskarenes fyrste, om at du med den makt Gud har gitt deg, vil styrte i helvetet Satan og ondskapens ånder som streifer omkring i verden til sjelenes ulykke. Amen

Smått komisk bilete av Rafael og Tobias. Henta frå Wikimedia Commons.

Eg vil til slutt gje eit lite lesetips. Ein artig bok som ein sjeldan kjem borti er er Tobit, ein av dei deuterokanoniske bøker. I denne boka les vi mellom anna om Tobias som er ute på tur saman med erkeengelen Rafael og ein hund for å hente nokre pengar, og på turen vert han jammen gift også. Absolutt verdt å lese på ein dag som er via til englane.

1 kommentar:

Øystein Skauge sa...

Insiktsfull og bra artikkel. Nyttig.

Legg inn en kommentar