torsdag 15. mai 2014

Ein vi sikkert kjem til å gløyme 17. mai 2014

For ei stund sidan var eg i Hosanger kyrkje på Osterøy. Der såg eg denne gravsstøtta som eg vart nyskjerrig på. «Her Under hviler Støvet af Dannebrogsmand Johannes Johannsen Hoshovde», står det på krossen. Eg hadde aldri høyrd om slike «Dannebrogsmenn» før, og leita opp ein artikkel i Store Norske Leksikon. Der kunne eg lese at dette var folk som hadde fått det danske heidersteiknet Dannebrogordenens hederstegn. Dette vart innstifta i 1808, og vart i byrjinga utdelt til dei som ikkje nådde opp til neste heidersmerke, men har sidan utvikla seg til å bli det som ser ut som ei ganske stor greie.

Vår mann, Johannes Johannsen Hosehvove d.y. var nok av dei som fekk denne heideren medan det framleis var noko som vanlege folk kunne få, for han fekk det for innsats i krig mot svenskane, først var han i krigen frå 1808-1809, så i krigen i 1814. Sidan Danmark vel kun var med i den første krigen, vil eg gå ut ifrå det var der han gjorde seg fortent til heideren.

I Osterøy i soge og samtid 1990 kan ein lese meir om Johannes Johannsen Hosehove d.y. i ein artikkel av Ola Tveiten. Johannes kom frå Hosehovde i Hosanger og vart fødd i 1786. Grunnen til at han vert omtala som «den yngre» er at han hadde ein to år eldre bror som også heitte Johannes. Det var derfor eit behov for å skilje mellom dei to brørne. Absolutt av dei meir unødvendige problema eit foreldrepar kan skaffe seg.

I 1808 var begge Johannesane sende saman med Midthordalandske Skarpskytter Kompani til svenskegrensa for å krige mot Sverige. Vår mann vart populær hos ein major Krebs, og vart snart ordinans for majoren. Han vart sendt på mange farlege oppdrag, særleg som speidar, og det vart sagt at kulene ikkje beit på han. Han vart treft mange gonger, men kulene gjekk ikkje gjennom huden på han. Det er klart at ein speidar med skotsikker hud er fint å ha i krig.

Også i 1814 vart han sendt til fronten, og også denne gongen under major Krebs, no som privatordinans for majoren. Og også i denne krigen skal Johannes ha vore utsendt på mange farlege tokt mot svenskane.

På eit tidspunkt, eg veit ikkje om det var før eller etter 1814, fekk han Dannebrogsordenen for særleg dugande militærteneste. Dette var noko som sjeldan skjedde med bønder, og må ha vore ei stor ære. Då han mykje seinare, i 1875, døydde. skal presten ha gått før kista ut av kyrkja med ordenskrossen på ei pute. I dag er grava hans freda.

Eg har i utgangspunktet ikkje mykje til overs for å heidre soldatar, men eg går ut ifrå at det vil vanke godord om opptil fleire soldatar i 17. mai-talar i år. Denne mannen trur eg derimot ikkje vi vil høyre noko særleg om. For kven vil vel minnast ein som kjempa for dei fæle danskane? Sjølv om han stod i teneste for fedrelandet på same måte som dei som gjorde det under eit flagg med ein ekstra farge nesten 150 år seinare... Ettertida kan vere nådelaus.



1 kommentar:

Unknown sa...

Ja 6 år etter du skrev dette kom jeg over din blogg. J. J. Hoshovde var min tipp tipp oldefar og bloggen din dukket opp på grunn av at jeg leitet etter noe materiell om han som jeg kunne benytte i mine etterladenskaper til mine barn og barnebarn. Jeg hadde fått med meg historien at Johannes hadde vært bak svenskenes linjer og skutt disses tamburmajor og basert på hans "spion" innsats fikk Danebro ... i det kongelige danske hofs statskalender for 1848 er det å lese at ordenen ble tildelt 28 mai 1809.

I mine skriverier håper jeg det er greit for meg å referere til hva do har skrevet og håper det er mulig å kunne benytte de to bildene du har siden jeg bor i Italia og ikke er sikker på om jeg får foreviget graven med det første. Håper på bekreftelse ... takk på forhånd og med ønsker om en fredelig jul og nyttårshelg ... Kjetil Egeland (kjetilegeland@hotmail.com)

Legg inn en kommentar