tirsdag 22. april 2014

SC Tasmania 1900 Berlin - Eit særs dårleg fotballag

SC Tasmania 1900 Berlin.
Biletet er henta frå engelsk Wikipedia.
For lenge sidan var eg her på St. Isidors minne innom Abergavenny Thursdays, eit av dei fotballaga som må ha den mest begredelege historia. Vi skal no innom eit anna slik lag. Denne gangen er det SC Tasmania 1900 Berlin vi skal ta for oss.

Som med Abergavenny Thursdays høyrde eg første gong om Tasmania Berlin på «FK Fotball» (fred vere med minnet). Eg vart så minna om den fantastiske forteljinga om Tasmania sin forferdelege sesong i 1965/66 av ein flott artikkel i Josimar 1/14, og det er no på tide å spreie dette til fleire. Her kjem ei perle av ei historie om noko av det dårlegaste eit fotballag har prestert. Skadefryd er lov!

Vi må byrje forteljinga litt før sjølve sesongen 1965/66. Den tyske Bundesligaen var på dette tidspunktet i sin barndom - det hadde kun blitt spelt to sesongar før. Ligaen var ikkje bygd opp som no, med dei beste laga i landet samla i ein liga, men ein hadde eit system som sikra at dei ulike regionane skulle vere representert slik at det vart ein landsdekkande liga for Vest-Tyskland.

Her byrjar problema for Tasmania Berlin. Saken var nemleg den at Berlin ikkje var nokon stor fotballby. Hertha Berlin, som var dei som representerte byen i den første sesongen enda som nummer 14 av 16, og bestemte seg for at noko måtte gjerast. Det dei då valgte å gjere var ein velprøvd taktikk: Dei gjekk for juks. Ligaen var på dette tidspunktet i stor grad ein amatørliga, og for å skaffe seg betre spelarar innførte Hertha Berlin hemmelege bonusar. Dette vart avslørt før den famøse 1965/66 sesongen, og Hertha mista lisensen. 

Altså måtte ein ha inn eit nytt lag. Etter ein del om og men og trugsmål om å trekke fotballforbundet for retten fekk både Karlsruhe SC og Schalke 04 - som begge hadde rykka ned som nummer 15 og 16 - bli i toppserien i staden for Hertha som hadde enda på ein ny 14. plass. Også Bayern Munchen og Borosia Mönchengladbach, som begge hadde rykka opp, fekk plass. Det skulle jo berre mangle. For å få til dette måtte ein utvide ligaen med to lag. Det naturlege ville så vore at det beste laget som ikkje rykka opp hadde fått den siste plassen, men slik vart det ikkje. For ein måtte jo ha Berlin med. Og no tar galskapen verkeleg til

Logoen dei brukte i sesongen 1965/66.
Biletet er henta frå tysk Wikipedia.
Tennis Borusia var det beste laget frå Berlin. Dei hadde vunne den regionale serien i Berlin, men kom sist i sluttspelgruppa som Bayern Munchen vann. Dette vart problematisk, for dei hadde jo på sett og vis spelt om plass og mista han i sluttspelet, så ein gav derfor ikkje dei plassen. I staden gjekk ein til dei som kom som nummer to i regionligaen. Dette var Spandauer SV. Klubbleiinga her såg det alle andre burde ha sett, nemleg at dei ikkje var gode nok for toppserien, og takka derfor nei. Ein måtte då gå vidare i rekka. Vi har no kome rundt to veker før sesongstart og no fekk Tasmania tilbodet.

Det fjerde beste laget i Berlin, som var den dårlegaste regionen i fotballtyskland, fekk altså tilbod om å spele i Bundesligaen. Og dei takka ja. 

Klubben snudde seg raskt for å førebu seg. Alle spelarane fekk beskjed om å seie opp jobben for å satse på fulltid, sjølv om alle såg kvar dette måtte ende. I tillegg vart den gamle stjernespelaren Horst Szymaniak henta inn frå Italia der han var proff, for å forsterke laget. Om dette var eit lurt trekk kan nok diskuterast, for han må ha sett kvar det gjekk og tok med seg ei busslast med vin frå Italia og både før og etter kvar trening skal han ha samla heile laget for å drikke vin og ete kjøtbollar. Og som det vert sagt i Josimar: «Ein kunne kanskje førestelle seg at laget ville vore meir konkuransedyktig viss dei ikkje heile tida hadde trena i berusa tilstand, men dette er ein moralistisk ståstad som eg personleg har lite til overs for.» Spelarane førebudde seg i alle fall som best dei kunne på å gå frå små, lokale kampar til store, nasjonale toppkampar.

Olympiastadion.
Biletet er tatt av Sir James og ligg på Wikimedia Commons.
CC-BY-SA-3.0
Sesongen byrja med eit brak. Dei spelte kampane sine på den massive Olympiastadion som på denne tida tok 100 000 tilskodarar. I den første kampen tok dei imot Karlsruher for heile 81 000 tilskodarar, og som ved eit mirakel vann dei kampen 3-1. Deretter gjekk det sørgeleg nedover. Dei kom sjølvsagt heilt sist i ligaen. Det er jo ikkje så spesielt. Nokon må jo kome sist. Det som gjer dette til den fantastiske forteljinga det er, er dei utrulege rekordane dei tok. Dei fleste av desse held dei framleis.

SC Tasmania 1900 Berlin tok i sesongen 1965/66 desse rekordane:
  • Minst poeng i løpet av ein sesong med 8 poeng. (10 om ein hadde brukt det systemet ein har no.)
  • Minst sigrar på ein sesong med 2. (Wuppertaler SV klarte også dette i 1974/75)
  • Flest tap på ein sesong med 28.
  • Dei er det einaste laget som har spela i Bundesligaen utan å vinne på bortebane.
  • Flest kampar utan siger med 31.
  • Flest heimetap på ein sesong med 12.
  • Flest heimetap på rad med 8. (Hansa Rostock klarte også dette i 2004/05)
  • Flest tap på rad med 10. (Arminia Bielefeld klarte også dette i 1990/2000)
  • Dårlegaste målforskjel med 15-108
  • Toppscoraren med minst mål. Han hadde 4.
  • Største margin i eit heimetap med 0-9.
  • Flest minutt utan å score med 831. (Denne har to lag seinare slått)
  • Dette gjer sjølvsagt at dei ligg som nummer 52 av 52 lag på maratontabellen for Bundesliga
Det tristaste, og derfor gøyaste, for meg er likevel den siste rekorden deira. Dei har også rekorden for minst tilskodarar på ein kamp i Bundesliga. I runde 19 spelte dei mot Borussia Mönchengladbach for kun 827 tilskodarar. Det er rundt ein prosent av dei som var der i opningskampen. Dei mista altså 99% av tilskodarane. Det er fantastisk!

Hatten av for SC Tasmania 1900 Berlin! Eit fantastisk fotballag på sin måte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar