fredag 12. april 2013

Gud og vitskap - ei konstruert problemstilling

Henrik Sahlin Pettersen, Tommy Mangerud og Jan-Ole Hesselberg går i ein kronikk på NRK Ytring inn i ein mangefaldig polemikk mot tru på Gud, særleg der denne kjem i kontakt med naturvitskapen sine domene. Der problema kjem for dei er når «religionen hevder å kunne si noe om hva universet består av og hvordan det virker.» Det kan ein sjølvsagt sjå at kan verte problematisk for naturvitskapleg forsking, men er dette ein reell problemstilling? Når skjer det at religionane seier noko om kva universet består av og korleis det fungerar, ut over det naturvitskapen seier? Og når skjer dette med ein slik kraft at det har innverknad på arbeide forskarar og formidlarar gjer? Kanskje ein kan peike på at kreasjonistar i USA delvis gjer dette, men i vår europeiske kontekst kan eg ikkje sjå at dette er ei reell problemstilling. Religiøse grupper som forfektar sjølvstendige teoriar om korleis universet er bygd opp er marginale grupper heilt utan makt, og det er derfor vanskeleg å sjå kva det eigentleg er det vert argumentert mot. Er det forskarar som ikkje gjer jobben sin bør vel vitskaplege tidsskrift vere meir eigna til denne debatten, medan ein talarstol ut i det store offentlege rom, slik Ytring er, er betre eigna til å tale mot trendar i samfunnet. Problemet er at eg ikkje ser at det som vert stilt opp som ei problemstilling er eit reelt problem.

Forfattarane viser også til at Stephen Hawking meiner at universet kan ha oppstått frå ingenting. Det kan godt vere han har rett i det, utan at det på nokon som helst måte vil vere eit banesår for religionane. For å snakke ut frå kristen tru, så meiner vi at Gud har skapt alt eksisterande. Korleis dette skjedde har vi ikkje noko svar på, og det er heller ikkje så viktig. Har Hawking rett, vil vil seie at Gud stod bak dette, og verken religionen eller naturvitskapen trenge å ha problem med dette. Det ligg i «konseptet» Gud at dette er noko som er på eit anna «nivå» enn det naturvitskapen jobbar med, og den konflikten som enkelte ateistar og diverre også enkelte kristne forsøker å teikne opp mellom tru og vitskap er ein kunstig konflikt. Vi som truande kan sjå på dei imponerande funna naturvitskapen gjer som stadige teikn på at det står ein stor Gud bak. Om enkelte forskarar vil meine det er latterleg at vi legg på ein ekstra «nivå», Gud, bak deira funn, kan eg leve godt med det. Om dei derimot hevdar at vi må bevise dette «nivået» gjennom naturvitskapen, er det dei som forsøker å gjere det forfattarane av kronikken seier er problematisk med religion. Då forsøker naturvitskapen å seie kva Gud er og korleis Gud fungerer. Då er det dei som vil blande to «nivå » som ikkje skal blandast.

Ein kan med god grunn meine at ein skapargud står bak alt eksisterande sjølv om Hawking har rett, men det er sjølvsagt ikkje eit argument for at akkurat min religion eller konfesjon har rett forståing av denne skaparguden. Kva religiøs overbygging ein truande set si overtyding om ein skapargud inn i, bør vere revnande likegyldig for naturvitskapen, men det verkar det ikkje som om det er for kronikkforfattarane. Om eg hevdar den guden som tala til Abraham står bak naturlovene, medan ein annan hevdar det er Brahma som står bak dei same naturlovene, endrar ikkje dette på dei faktiske naturlovene. Det er like fullt nokre naturlover der som naturvitskapen har som oppgåve å skildre og forklare. Dei ulike mytologiske forklaringane på kva som ligg som eit bakteppe bak dette er heilt irrelevant for naturvitskapen. Når forfattarane seier at det er like logisk rett å hevde at «den luthersk protestantiske Gud står bak» som andre mytologiske forklaringar, er dei derfor langt utanfor det som fell innanfor naturvitskapen. At eg meiner det er gode grunnar for at skaparguden eg tilbed er det dei omtalar som den «luthersk protestantiske Gud», har med heilt andre ting enn naturvitskap å gjere. Det har sin klare og rasjonelle logikk, men fell som sagt langt utanfor det naturvitskaplege domene. 

Forfattarane seier at «[n]år en forsøker å innarbeide religion i vitenskapen ender en derfor ofte opp med logisk bristende argumentasjon», og noko liknande kan nok også seiast om kva som skjer når ateistar forsøker seg med bibeltolking. Når dei seier at ein ut frå Bibelen må «betrakte homofili som avskyelig, mens kvinneundertrykking,voldtekt og barnemishandling må tolereres», er dette milevidt frå nokon som helst normal lesing av Bibelen. Forfattarane har kritisert andre for manglande kunnskap, og det er nærliggande å svare her at manglande kunnskap om bibelsk hermeneutikk gjev ikkje rett til å finne kva som helst slags tolking som passar deg og din agenda best.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar