torsdag 8. mars 2012

Pavinne Johanna

Pavinne Johanna.
Bilete frå 1493.
Henta frå Wikimedia Commons.
Sidan det er kvinnedagen i dag høver det godt med ei av dei meir obskure forteljingane frå kyrkjehistoria. Det er ingenting som tyder på at forteljinga er sann, men ein skal heller aldri late sanninga få øydeleggje ei god forteljing. Vi skal bli kjent med pavinne Johanna.

Soga går omtrent som dette: Engelskmannen Johannes fekk ein grundig og god opplæring i Athen som born. Etterkvart kom han til Roma og utmerka seg der som ein særs lærd mann i dei fleste felt. Då pave Leo IV døydde i 855 vart Johannes valgt til hans etterfølgjar på pavestolen. Der sat han i to år, sju månader og fire dagar før alt gjekk frykteleg gale. I ein prosesjon mellom Peterskyrkja og Laterankyrkja fødte brått paven  og døydde ganske umiddelbart etterpå. Det viste seg at paven var ei kvinne, og at ein av hennar næraste medarbeidarar hadde gjort henne gravid.

Det er sjølvsagt ulike variantar av denne forteljinga. I ein versjon døyr ho ikkje, men lever vidare. Sonen hennar vert til slutt biskop i kyrkja mora var pave i.

Den versjonen av forteljinga om den kvinnelege paven eg har fortalt over er frå litt utpå 1200-talet. Ho vart sett på som sann og vart svært populær etter at ein Martin av Troppau hadde forteljinga med i ei bok. Men han var ikkje den første som kunne fortelje om den kvinnelege paven. I byrjinga av same hundreår, kan dominikanaren Jean de Mailly fortelje oss at rundt år 1100 hadde ei kvinne utkledd som mann tatt seg opp i det katolske hierarkiet og blitt pave. Denne paven fødte eit born medan ho gjekk opp på ein hest og vart umiddelbart avretta.
Ein fødande pave.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Utover på 1300- og 1400-talet rekna ein med at den kvinnelege paven var ein reell historisk figur og ein lagde til dømes statuar av henner: Jan Hus refererte også til henne før han vart avretta utan at nokon reagerte på dette.

Det voks det fram meir skepsis til historia utover på 15- og 1600-talet, og i dag er det ingen som ser på historia som sann.

Historia dukka opp, rett nok i kyrkjelege kretsar, men fleire hundre år etter at paven skulle ha hatt makta. Det er ingen samtidige kjelder som omtalar dette, noko ein skulle tru det var om ein pave plutseleg fødde på open gate, og det er heller ingen rom i paverekkja der noko slikt skulle ha skjedd. Ein har til dømes myntar med bilete av Benedikt III, som tok over etter Leo IV, saman med keisaren som døydde rett etter Leo. Det er dermed ikkje plass til ein ekstra pave der. Heller ikkje rundt hundreårsskiftet til 1100-talet er det plass. Ein finn også ein liknande forteljing om bispestolen i Konstantinopel, der det gjekk rykter om både evnukkar og ei kvinne i bispestolen.

Historia om den fødande pavinnen er altså ikkje sann, men den gav næring for ein minst like artig forteljing om kva som skjer i dei pavelege gemakka. Historia fortel at for å sikre seg at ikkje ein slik katastrofe skjedde ein gong til fekk ein seg ein stol i Laterankyrkja der det var eit hol i setet. Paven måtte sittje der medan ein av kardinalane forsikra seg om at det var testiklar i holet. Det vert også sagt at før ein nyvalgt pave vert pressentert for folket vert han bore over kardinalane som ser opp og forsikrar seg om at alt er slik det skal vere før dei seier "Testiculos habet et bene pendentes", noko som skal tyde noko slikt som "Han har testiklar og dei heng fint".

Ingen av historiene stemmer, men gode historier er det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar