tirsdag 17. mai 2011

Junia - eit godt namn mellom apostlane

Junia saman med Andronikus og
Athanasius av Christianopoulos.
Ikonet er henta frå Wikimedia Commons.
Enkelte av dei ortodokse kyrkjene markerer i dag, altså 17. mai, ein person eg trur dei er åleine om å markere i Kyrkja, men som vi absolutt burde leggje meir vekt på. Dei minnast i dag Junia, ei kvinne i kyrkjelyden i Roma som saman med Andronikus som kanskje var mannen hennar, vert sagt å ha «eit godt namn mellom apostlane». Ho vert altså omtala som apostel, og med det har ein altså ein kvinneleg apostel omtala i NT.

Noko av grunnen til at vi ikkje har høyrt så mykje om Junia, kan vere at ho vart omtala som Junias, altså med mannsnamn, til dømes i NO78/85.

Helsa Andronikus og Junias, landsmennene mine, som har sete i fengsel saman med meg. Dei har eit godt namn mellom apostlane, og dei vart kristne før meg.
(Rom 16,7 - NO78/85)
Hels Andronikos og Junia, som er landsmennene mine og fengselskameratane mine. Dei har eit godt namn mellom apostlane, og dei kom til trua på Kristus før meg.
(Rom 16,7 - NT05)
Eg er ikkje ein ekspert på gresk eller tekstkritikk, men dei enkle fakta i saka skal vere ganske greie. Namnet Juina var eit vanleg romersk kvinnenamn. Dei tidlege kristne forstod personen utelukkande som ei kvinne. Gresken ein finn i håndskriftene er utan aksentar, men den naturlege lesinga av ordet Ἰουνίαν er i femininum. Det er også omsett som eit kvinnenamn i dei tidlege omsetjingane til gamal-latin, i Vulgata, i ulike koptiske versjonar og til syrisk. Likevel vart dette plutseleg til eit mannsnam i løpet av historia.

Dette mannsnamnet, Junias, er ikkje eit namn ein kjenner frå nokon kjelder frå Jesu tid, men er eit konstruert mannsnamn ein har laga avdi ein har meint at denne personen som vert omtala som ein apostel må vere mann. Den første som omtala Junia som ein mann skal ha vore Aegidius av Roma (ca. 1243/47-1316). Fram til dette vart ho konsekvent omtala som den kvinna ho var. Viktigast for vår lesing av namnet var nok likevel Martin Luther si bibelomsetjing Das Neue Testament detzsch frå 1522 der han omtala henne som mann. Deretter har dette blitt ei «sanning».

Ser ein derimot på dei oldkyrkjelege kjeldene får vi presentert Junia som ei kvinne. Store autoritetar i kyrkjehistoria har snakka om denne kvinna: Origenes, Ambrosiaster, Johannes Chrysostomos, Hieronymus, Theodoret av Kyros, Primasius, Johannes av Damaskus, Hraban av Fulda, Haymo av Halberstadt, Atto av Vercelli, Oecumenius, Lanfranc, Bruno Karteuseren, Theophylact, Peter Aberlard, Peter Lombardus, Ambrosius, Claudius av Torino, Sedulius Scottus, Guillemus Abbas og Hervé de Bourg-Dieu skriv alle om Junia i kommentarar til dette verset. Viktigast av desse, i alle fall i dette høvet, var Johannes Chrysostomos som skreiv følgjande:

Berre det å vere ein apostel er noko stort, men det å vere blant dei fremste av dei: tenk for ei lovprising å få! Dei utmerka seg med sine handlingar og dyd. Tenk, for ei visdom denne kvinna må ha hatt for å vere verdig tittelen apostel.
Johannes Chrysostomos i sin kommentar til  Romarbrevet. Mi omsetjing frå teksten slik ein finn han på CCEL. Side 870 i PDF-en.  
Junia har altså vorte løfta fram som ei heilt særskild kvinne i kyrkjehistoria. I NT finn vi ei kvinne som vert kalla apostel. Det er ikkje Maria Magdalena, det er ikkje den andre Maria eller Marta. Det er ikkje Maria, Jesu mor, eller nokon anna, men Junia, ei kvinne vi stort sett har gløymt og faktisk har omsett ut av Bibelen!

Ein kan sjølvsagt spekulere i kvifor dette har skjedd. Har ein lese tekstane i lys av ein patriarkalsk samtid og tenkt at ei kvinne ikkje kunne få ein slik tittel? Har ein medvite «gjort henne til mann» for å byggje opp under eit politisk eller teologisk standpunkt? Har ein rett og slett berre bomma i omsetjinga? Det er eigentleg ikkje så viktig. Det viktige er at ein no veit at det var ein apostel som var kvinne. 

Biletet er henta frå Amazon.co.uk.
Eit boktips til slutt: Det første eg høyrde om Junia var ein kort kommentar om endringar i Romarbrevet i samband med NT05 på ein forelesing om Romarbrevet på Misjonshøgskulen. Det som gjorde at eg satte meg meir inn i saka, var at eg fann boka Junia: The First Woman Apostle av Eldon J. Epp ståande i hylla for nye bøker på biblioteket til MHS. Dette er ei flott lita bok som gjev ei grundig innføring i tekstkritikken, den greske og latinske grammatikken og korleis Junia har vorte oppfatta gjennom historia. Eg vert ikkje særleg overraska om eg på min dødsseng vil innrømme at dette er den einaste boka om tekstkritikk eg har likt i heile mitt liv. Boka er absolutt verdt å lese. Denne bloggposten er i grove trekk ein oppsummering av det ein finn i boka, men Epp legg sjølvsagt det heile fram på ein meir grundig og fagleg solid måte. 


Forteljinga om korleis Junia vart til Junias i løpet av historia har gjort meg nyfiken på kva andre kvinner som har vorte gløymde i kyrkjehistoria. Som eg har vore inne på på denne bloggen tidlegare har kyrkjehistoria vore mykje prega av menn, men det kan også vere at vår lesing av historia gjer Kyrkja si historie meir mannsdominert enn det ho faktisk har vore. Har vi gløymt ein apostel kan vi lett ha gløymt andre viktige folk...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar