onsdag 25. mai 2011

Don't Panic!

Dette trøystande banneret hang i Innsbruck.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag er det den internasjonale håndkledagen til minne om Douglas Adams, mest kjent for å skrive den fantastiske The Hitchhiker's Guide to the Galaxy.

Endå betre meiner eg bøkene om privatdetektiven Dirk Gently er. St. Isidors minne vil markere handkledagen gjennom eit sitat frå den andre boka om Dirk Gently; The Long Dark Tea-Time of the Soul.  

Tematikken på denne bloggen er oftast religiøs, noko det også er denne gangen. No er det buddhismen vi kjem innom gjennom eit av mine favorittkonsept frå Douglas Adams: Zen-navigering. Frå eigen erfaring kan eg seie at har ein køyrt seg vill, skadar det ikkje med zen-navigering. Det er ikkje sikkert situasjonen vert betre, men det skadar ikkje.

Perhaps it would save time if he went back to get his car, but then again it was only a short distance, and he had a tremendous propensity for getting lost when driving. This was largely because of his method of "Zen" navigaton, which was simply to find any car that looked as if it knew where it was going and follow it. The results were more often surprising than successful, but he felt it was worth it for the sake of the few occasions when it was both.
The Long Dark Tea-Time of the Soul, side 29 i The Dirk Gently Omnibus av Douglas Adams.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar