søndag 14. november 2010

Takk for alt, FK Fotball


FK Fotball sitt profilbilete på Facebook.
FK Fotball har hatt sin siste sending. Det er trist. Kvar skal ein no få oppdateringar på trivia frå heile verda?

Eg har likt godt å høyre på FK Fotball. Ein av grunnane er den gode dekninga dei har gjeve norsk fotball ute i distrikta. Dei har fulgt 3. divisjon i Troms ekstra tett sjølvsagt, på grunn av at denne har hatt namnet FK Fotball-ligaen. Også anna norsk fotball, gjerne fotball i låge divisjonar har fått mykje tid, og vi har fått lære mykje trivia om norske småklubbar.

Også internasjonal fotball har vorte dekka med den same inkluderande haldninga. Det har ikkje vore noko i vegen for å snakke lenge og inngåande om obskure afrikanske lag eller fotballspelarar som held til på stader der ein ikkje skulle tru at nokon kunne verken bu eller spele fotball. Strålande!

Ein av dei flotte tinga med FK Fotball, er at det er eit program som har snakka om dei ulike delane av landet vårt med akkurat same respekt. Programmet har vore fritt for maset om sentrale strøk som andre program ofte er skjemma av. Sjølvsagt kan ein seie at dei har snakka mykje om VIF, men det er trass alt lokalfotball for minst ein av dei. Det må vere lov å kome frå Oslo også...

Radioen har mista eit av sine beste program no, men det måtte vel ta slutt ein gong, dette også. Takk til Aleksander Schau og Thomas Aune for eit strålande radioprogram!

Mitt ynskje til NRK: Gje ut alle programma, gjerne både FK Fotball og FK Alt i ein flott CD-boks. Eg lovar at eg skal kjøpe!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar