Ikkje alle i kyrkja går gjennom det kyrkjelege hierarkiet på same måte, men få kan ha hatt ein meir usansynleg veg til toppen enn denne anglikanske erkebiskopen.
Mannen vi skal ta for oss heiter
Lancelot Blackburne.
Han var anglikansk erkebiskop av York frå 1724 til 1743, og vert av den anglikanske
kyrkja kategorisert under overskrifta
«Some of the more unusual Archbishops...»
Lancelot Blackburne gjekk ut frå erverdige Christ Church College i Oxford og vart
ordinert i 1681. Han ville ikkje bli vanleg sokneprest, men takka i staden ja til å bli
prest i Antigua i Karibien. Dette vart ikkje heilt som han hadde sett for seg, då løna
kom i form av sukker, så han flytta derfor like godt heile verksemda si til øya Nevis.
Her skil yrkesvegen seg drastisk frå det vanlege «presteløpet», for han fekk seg hyre på ei sjørøvarskute. Ombord
fungerte han som ein vanleg pirat og fekk sin del av byttet. Han var populær mellom
dei andre sjørøvarane, men gav seg av ein eller annan grunn med sjørøveriet og
vendte attende til kyrkja. Det vert sagt at då ein av dei gamle skipskammeratene hans
kom heim til England og spurte etter gamle Blackburne, vart han svært overraska
over å høyre at han hadde blitt erkebiskop av York.
Det er mogeleg at sjørøveriet var på oppdrag frå kongen, i alle fall spekulerer både
Church of England og
Dictionary of National Biograhy over dette. Ein kan ikkje
seie noko sikkert, men det eksisterer i alle fall ei kvittering der Blackburne får
utbetalt £20, ein stor sum, for «hemmelege tenester i Antigua».
Etter to år var han i alle fall attende i England, og satsa der på å finne rike, sjuke
prestar og så spele korta sine slik at han både kunne ta over etter dei og arve dei når
dei døydde. På denne måten kom han etterkvart inn i presteskapet rundt katedralen i
Exeter. Her byrja rykta å gå om han. Det vart sagt at han hadde gravd ein tunnell frå
huset sitt og inn til nabohuset, tilfeldigvis huset til ein av stormennene i byen. Denne
tunnellen brukte Blackburne til å besøke kona til stormannnen når han ikkje var
heime. Skandalen gjorde at Blackburne måtte halde seg vekke i eit par år, men då
vart han frikjent for skuldingane og fekk kome attende. Og no steig han raskt i
gradene. Han vart domprost, så erkediakon i Cornwall før han endeleg vart biskop i
Exeter i 1717.
Blacburne sikta høgt og hadde smiska med kongen sidan George I vart konge i 1714.
Måten han vart biskop på, var at han drog til Exeter då han høyrde biskopen var
sjuk, skreiv eit brev til erkebiskopen og sa at han burde få jobben og venta. Slik han
brukte.... Kongen var ikkje vanskeleg å be då Blacburne ville ha jobben, og slik vart
han biskop.
Han ville bli biskop, men han ville tydlegvis ikkje
vere biskop. Han brukte
mesteparten av tida si i London. Rykta i tida ville ha det til at det var mest piker, vin
og sang det gjekk i. I alle fall var det lite kyrkjeleg aktivitet. Det han gjorde av
kyrkjelege handlingar sette derimot spor. Han via kong George I med si tyske kusine
og elskerinne, eit ekteskap som skal ha vore tvilsamt under dei gjeldande lovene og
omdiskutert i kongefamilien, men det gjorde at den tidlegare sjørøvaren fekk
erkebispesetet i York som takk.
Han var erkebiskop i 19 år. Dei siste ti åra ordinerte han ikkje ein einaste prest. Han
brukte heller tida på det han likte best: Posisjonering på slottet og piker, vin og sang.
Han utførte ein og anna konfirmasjon, men skal ha blitt kasta ut av kyrkja under den
eine konfirmasjonen, då han bad om å få inn pipe, tobakk og øl for å halde ut.
Blackburne døydde i 1743 utan å etterlate seg barn, i alle fall ikkje nokon ein var sikre på, men opp til fleire høgtståane geistlege i England måtte i ettertid leve med spekulasjonar rundt om erkebiskopen eigentleg var faren deira.
Artikkelen har som hovudkjelde William Donaldson si bok Brewer's Rogues, Villains and Eccentrics. An A-Z of Rougish Britons Through the Ages, og er i utgangspunktet skrive som ei helsingstale i ei bursdagsfeiring. Teksten er her litt omarbeida, slik at den undelege forteljinga kan lesast av fleire.