fredag 1. november 2013

Drukna kyrkjer VI - St. Ivan Rilski-kyrkja i Bulgaria

Kyrkjeruinane i kanten av vatnet.
Biletet er tatt av Ivan Hadji og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)
Vi tar turen til Bulgaria og St. Ivan Rilsku-kyrkja, ei kyrkje omtrent midt i landet. Ho vart lagt under vatn då ein bygde ein dam på 1960-talet.

Alt eg veit om denne kyrkja har eg frå ei maskinomsetjing frå bulgarsk Wikipedia, så eg er open for at eg har feil, men det ser ut som om det er ei kyrkje frå 1895, vigsla til Bulgaria sin nasjonalhelgen St. Ivan Rilski.

På 1960-talet lagde ein ein dam, og i løpet av 1965 vart kyrkja, og resten av landsbyen Zapalnya oversvømma. Dei restane av kyrkja som står att i dag skal vere dei einaste ruinane av det som var ein landsby. Kvifor kyrkja ligg på land på bileta veit eg ikkje, men kanskje dammen vert tappa ned av og til?

Slik kan det sjå ut inne i ei kyrkje etter at vatnet har fått råde.
Biletet er tatt av Ivan Hadji og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)

onsdag 30. oktober 2013

Drukna kyrkjer V - Spanske kyrkjer

Vi skal sjå på endå fleire drukna kyrkjer, og denne gongen tar vi turen til Spania, der eg har funne bilete av to drukna kyrkjer på Wikimedia Commons.

Vi byrjar med Santa Romà-kyrkja. Sau-dammen som la seg over denne kyrkja var ferdig i 1962, så vi kan vel gå ut ifrå at det var då kyrkja forsvann, sjølv om ho framleis er synleg når det er lite vatn i dammen. Lat oss sjå på nokre av dei mange bileta som ligg på Commons.

Slik såg det ut i 2005. Ein kan sjå kyrkja på tørt land ute i elva.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Kyrkja på nært hald i 2007.
Biletet er tatt av Francesc Ojeda og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)

Kyrkja under vatn i 2013.
Biletet er tatt av DagafeSQV og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)
Så går vi vidare til kyrkja i Mediano. Dette er ei kyrkje frå 1500-talet som no ligg under vatn. Ut frå bileta kan vi sjå at det her også er kraftutbygging som er syndaren, men når dette skjedde veit eg ikkje. Også her ligg det fleire bilete på Commons.

Oversiktsbilete der vi ser kyrkjetårnet midt ute i vatnet.
Biletet er tatt av Jesus Abizanda og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-2.0)

Og her ligg kyrkja.
Biletet er tatt av Juan R. Lascroz og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)
Skulle du ynskje å sjå endå ei drukna kyrkje, har Arve Kjell Uthaug blitt inspirert av denne serien, og skriv om ei drukna kyrkje i Wales på sin blogg. Vel verdt å lese!

fredag 25. oktober 2013

Taddeus McCarthy - bortimot ein biskop

I dag er det minnedag for den salige Taddeus McCarthy. Taddeus var ein ire som levde på siste halvdel av 1400-talet. Han var nok ein flink prest og heilt sikkert ein from mann, men det er ikkje det som gjer at eg tar han fram i dag. Taddeus klarte nemleg kunststykket å bli utnemnd til biskop i to bispedømme, utan at han faktisk vart biskop nokon plass. Det skjedde på denne måten:

Taddeus vart født og vaks opp i Irland. Han fekk muligens uttdanning av irske fransiskanarar, og i alle fall ein onkel av han var prest og gav han opplæring. Han hadde også ein slektning som underviste ved universitetet i Paris, og der var Taddeus ei stund før han vart ordinert i Cork. Etter dette dro han til Roma for å studere vidare.

Taddeus må ha gjort det godt i Roma, for medan han var der utnemde paven han til biskop i Ross, sør i Irland. Taddeus var då berre 27 år gamal. Han vart så vigsla i Roma og drog til Irland for å ta over bispedømmet, noko som skulle vise seg å by på problem. Den gamle hjelpebiskopen hadde då allereie blitt vigsla til biskop i bispedømmet av erkebiskopen, og Taddeus hamna midt inne i ein kamp om makta i Irland mellom rivaliserande klanar; McCarthy-klanen på den eine sida og O'Driscoll på den andre. Begge sider hevda at dei hadde den rette biskopen.

Saka hamna hos paven, som desverre for Taddeus ikkje var den same som hadde utment han. Dei mektige støttespelarane til den sitjande biskopen i Ross fekk i første omgang overbevist paven om at Taddeus var ein bedragar, og han vart bannlyst frå kyrkja. Då han klaga vart begge biskopane kalla inn til paven, før det vart to år med undersøkingar som endte med at Taddeus vart frikjent og tatt inn i varmen att. Den sitjande biskopen kom også godt ut av det heile, då han fikk bli sitjande i setet. Dette var kanskje som ein kunne forvente, men det var kanskje meir overraskande at Taddeus i same slengen vart utnemt til biskop i eit nytt bispedømme, no i Cork og Cloyne.

Heller ikkje her skulle det ordne seg for Taddeus. Då han kom  til katedralen viste det seg at ein heller ikkje her ville ha ein biskop frå McCarthy-klanen. Kyrkja var barrikadert slik at Taddeus ikkje kom seg inn, noko han heller ikkje gjorde dei neste åra. I to år forsøkte han å krevje retten paven hadde gitt han, men lukkast i så lita grad at han til og med mista støtta frå McCarthyane. I eit siste forsøk på å ordne opp drog han til Roma, og fekk der med seg eit brev frå pave Innocent XIII som beordra den sterkaste hærføraren i Irland til å rydde veg for Taddeus.

Med brevet i hand la så Taddeus i veg nordover att. Kledd som ein vanleg pilegrim vandra han nordover, til han ein dag la seg til å sove i eit vertshus dreve av munkar nord i Italia. Der døydde han 24. oktober 1492, utan at han nokon gong vart biskop i Irland. Han har minnedag 25. oktober, ein minnedag som vert feira i Ivrea i Italia, der han døydde, og i Ross, Cork og Cloyne bispedømmer i Irland. Dei han aldri fekk.
Altar i Ivrea med relikvie av Taddeus.
Biletet er tatt av Laurom og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)

onsdag 23. oktober 2013

Reformasjonsøl - Noko for Bjørgvin?

Det er jamn flyt av idear mellom dei skandinaviske folkekyrkjene, og no har Aalborg stift i Folkekirken i Danmark kome opp med ein strålande ide som også vi i Den norske kyrkje bør adoptere. I samband med reformasjonsjubileet som skal feirast i 2017 lanserte dei i går sitt eige reformasjonsøl.


Her bør eit av dei norske bispedømma, gjerne Bjørgvin, ta opp tråden. Det er ein flott måte å skape merksemd om reformasjonsjubileet, støtte eit lokalt mikrobryggeri og knytte seg inn mot den gamle og store kyrkjelege tradisjonen det er med ølbrygging.

Det er altså snakk om tre typar øl. Akkurat kva typar det er snakk om veit eg ikkje, men sidan det er Bryghuset Vendia og ikkje eit eller anna industribryggeri som har fått oppdraget, får vi tru at ein ikkje bryt det som vistnok skal ha stått i lovene i Augsburg på 1200-talet:
«Å selgje dårleg øl er eit brotsverk mot kristen kjærleik.»[1] 
Dei tre øla er kalla opp etter tre sentrale personar i den lutherske reformasjonen: Martin Luther, Katharina von Bora og Philipp Melanchthon.

Katharina hadde vore ansvarleg for brygginga i klosteret ho var i før ho gifta seg med Luther, og ho skal ha laga svært godt øl, noko Luther satt stor pris på. Melanchthon skal ha vore meir dempa når det kom til mat og drikke enn mange andre av reformatorane, også med øl, men då han låg for døden var det suppe laga av øl frå Hamburg han ville ha.[2] Så kanskje han også har ein naturleg plass på ei ølflaske? Det er uansett vanskeleg å kome vekk frå Melanchthon når ein skal nemne dei sentrale i den lutherske reformasjonen.

Eg håpar eg klarer å få tak i eit sett eller to av desse flaskene. Om nokon skal til Aalborg er det berre å gje ein lyd.

Vi rundar av med eit sitat frå eit brev Martin Luther sendte heim til kona då han var på reise i juli 1534:
Det hadde vore fint om du kunne sende meg heile vinkjellaren og ei flaske av ølet ditt så ofte som du kan. Gjer du ikkje det, kjem eg ikkje heim til det nye ølet. Gud velsigne deg og borna og huset. Amen. Din elskar, Martin Luther.[3]
Fotnoter
[1] Jim West, Drinking with Calvin and Luther. A history of alcohol in the church, Oakdown 2003. Side 39 (Mi omsetjing)
[2] Ibid. Side 44-45
[3] Ibid. Side 30 (Mi omsetjing)

tirsdag 15. oktober 2013

Erkebiskopen av Canterbury om kyrkja

Dette biletet, med tilhøyrande sitat frå Justin Welby, kom inn i Facebookstraumen min. Utan at eg veit nok om rettane til biletet legg eg det ut her.

mandag 14. oktober 2013

Drukna kyrkjer IV - St. Nikolaskyrkja i Mavrovo

Vi skal endå ein gong sjå på ei drukna kyrkje, og denne gongen skal vi til Makedonia, og St. Nikolaskyrkja som låg i landsbyen Mavrovo. Kyrkja var frå 1850, og fekk fungere i litt over hundre år, før ho hamna under Mavrovosjøen i 1953, sjølvsagt var det eit kraftverk som fekk prioritet også her.

St. Nikolaskyrkja i Mavrovo har, som kyrkja i Potosi, dukka opp att frå vatnet. Etter årtusenskiftet har det vore lite vatn, og kyrkja har stort sett stått på tørr mark att. Vi skal sjå på nokre bilete av kyrkja her, og det er mogeleg å finne mange fleire på Wikimedia Commons.

Kyrkja under vatn i 2009.
Biletet er teke av Ggia og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)

Kyrkja på tørr mark i 2007.
Biletet er teke av Sanja Nikolic og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-2.0)

Kyrkja på tørr mark.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)

tirsdag 8. oktober 2013

Lat oss slutte med skulegudstenester

Lesarbrev på trykk i Vårt Land i dag.

Den evige debatten om skulegudstenester er attende og slik det brukar å vere, ser det ut til å vere ei side med saka ein ikkje diskuterer. Er skulegudstenestene god reklame for kyrka? Eg meiner at at kyrkja bør slutte med desse gudstenestene for vår eiga skuld.

Kvart einaste år losast norske skuleborn inn til skulegudstenester, meir eller mindre frivillig. Kvart einaste år går for mange av desse borna ut frå gudstenestene med ei oppleving som gjer at dei ikkje vil kome att. For kva møter dei på desse gudstenestene? Dei møter prestar som veit dei har lågt motiverte tilhøyrarar og legg preika deretter. Dei møter innslag frå skulane som ofte vert dominerande i lengde. Dei møter ablegøyer frå venene sine og kjeft frå stressa lærarar som vil ha orden. Det dei ikkje møter er ei reell gudsteneste.

Dei møter ikkje ei gudsteneste med søndagsskule , ein kyrkjelyd som deltek naturleg i liturgien eller gleda folk viser over å samlast til gudsteneste. Dei møter kort sagt ikkje det meste av det ein gjer for at folk skal finne seg til rette i kyrkjelyden og kome attende søndag etter søndag.

Kyrkja bør ikkje utsette seg sjølv, eller dei unge, for dette kvart år. Vi bør i staden vise gudstenesta når den er på sitt beste og heller be inn klassar til å observere gudstenester på vanlege søndagar. Då vil dei sjå levande gudstenestefellesskap der truande frivillig kjem saman som kyrkjelyd. Som ein ekstra bonus vil dette truleg løyse mange problem rundt fritak og deltaking.

Først om elevane kjem på dei vanlege gudstenestene kan ein snakke om at dei gjennom desse besøka kan få ei forståing for tradisjonar eller kompetanse til å møte dette utanfor skulesamanheng. Å gå på ei særskild gudsteneste saman med skulen i skuletida er så lite likt det å samlast til gudsteneste saman med kyrkjelyden på ein søndag at det er lite ein kan ta med seg av kompetanse og tradisjonar.

I staden for å kjempe for skulegudstenestene bør derfor Den norske kyrkje avslutte denne praksisen og heller bruke kreftane på vanlege søndagsgudstenester, med eller utan skuleklassar på besøk.