tirsdag 8. oktober 2013

Lat oss slutte med skulegudstenester

Lesarbrev på trykk i Vårt Land i dag.

Den evige debatten om skulegudstenester er attende og slik det brukar å vere, ser det ut til å vere ei side med saka ein ikkje diskuterer. Er skulegudstenestene god reklame for kyrka? Eg meiner at at kyrkja bør slutte med desse gudstenestene for vår eiga skuld.

Kvart einaste år losast norske skuleborn inn til skulegudstenester, meir eller mindre frivillig. Kvart einaste år går for mange av desse borna ut frå gudstenestene med ei oppleving som gjer at dei ikkje vil kome att. For kva møter dei på desse gudstenestene? Dei møter prestar som veit dei har lågt motiverte tilhøyrarar og legg preika deretter. Dei møter innslag frå skulane som ofte vert dominerande i lengde. Dei møter ablegøyer frå venene sine og kjeft frå stressa lærarar som vil ha orden. Det dei ikkje møter er ei reell gudsteneste.

Dei møter ikkje ei gudsteneste med søndagsskule , ein kyrkjelyd som deltek naturleg i liturgien eller gleda folk viser over å samlast til gudsteneste. Dei møter kort sagt ikkje det meste av det ein gjer for at folk skal finne seg til rette i kyrkjelyden og kome attende søndag etter søndag.

Kyrkja bør ikkje utsette seg sjølv, eller dei unge, for dette kvart år. Vi bør i staden vise gudstenesta når den er på sitt beste og heller be inn klassar til å observere gudstenester på vanlege søndagar. Då vil dei sjå levande gudstenestefellesskap der truande frivillig kjem saman som kyrkjelyd. Som ein ekstra bonus vil dette truleg løyse mange problem rundt fritak og deltaking.

Først om elevane kjem på dei vanlege gudstenestene kan ein snakke om at dei gjennom desse besøka kan få ei forståing for tradisjonar eller kompetanse til å møte dette utanfor skulesamanheng. Å gå på ei særskild gudsteneste saman med skulen i skuletida er så lite likt det å samlast til gudsteneste saman med kyrkjelyden på ein søndag at det er lite ein kan ta med seg av kompetanse og tradisjonar.

I staden for å kjempe for skulegudstenestene bør derfor Den norske kyrkje avslutte denne praksisen og heller bruke kreftane på vanlege søndagsgudstenester, med eller utan skuleklassar på besøk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar