Viser innlegg med etiketten Nordiske koloniar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nordiske koloniar. Vis alle innlegg

fredag 28. november 2014

Svensk Madagaskar

Nesten ein svensk koloni.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Vi skal igjen til den heller sørgelege svenske kolonihistoria. Denne gongen ser vi på korleis koloniseringa av Madagaskar gjekk. Det kjem vel kanskje ikkje som ei overrasking at Madagaskar aldri vart svensk...

På byrjinga av 1700-talet var det eit stort piratsamfunn på Madagaskar. Desse hadde etterkvart kome opp i ei knipe, då dei ikkje var beskytta av nokon konge med tilhøyrande flåte, så i 1714 tilbaud 1400 piratar frå Madagaskar seg å stille med 25 skip til hjelp i Sverige sin krigføring i Russland. Som takk ville dei stå under den svenske kongen sitt vern. Dette rann ut i sanden, og piratane snakka ein stund med Danmark, før det igjen vart futt i planane med Sverige.

I 1718 var to utsendingar for piratane i Strömstad for å forhandle med svenskane. No var planane større. Piratane forslo at mot at den svenske kongen beskytta dei skulle dei oppgje piratverksemda og i staden drive handel med Kina for svenskane. I tillegg skulle dei gjere Madagaskar til svensk koloni og sende svenskekongen ei flåte med bemanna skip for å styrke den svenske marinen. Dette var ein avtale Karl XII ikkje kunne seie nei til. Ein av piratane, James Morgan, vart gjort til svensk adelsmann og blei utnemd til guvernør av Madagskar.

Saman med ei gruppe svenske offiserar sette dei no kursen mot Madagaskar for å starte arbeidet med å etablere den svenske kolonien. Dei dro avgarde, men måtte stoppe på vegen for å utruste skipa sine skikkeleg for den lange turen. I løpet av denne prosessen døydde Karl XII. Dei svenske styresmaktene vart no i stuss om kva dei skulle gjere. Nokon ville ikkje ha noko med piratar å gjere, medan andre såg det som bra for riket og i tillegg bra at dei omskulerte piratane. Svenskane brukte såpass lang tid på denne nølinga at piratane frå Madagaskar byrja å få kalde føter og hadde kome i økonomiske vanskar.

På grunn av nølinga og pengeproblema måtte det sendast nye skip frå Sverige. Dette tok tid, og i mellomtida flytta piratane seg litt rundt i Spania. Til sjuande og sist drog det så mykje ut i tid at den svenske offiseren som hadde ansvaret for ekspededisjonen, då han endeleg fann piratane att, bestemte seg for at dei hadde kome så langt ut på året at det var  for farleg å segle rundt Afrika. Han segla derfor heim til Sverige. Prosjektet var dermed i praksis over.

Ettersom tida gjekk, vart situasjonen for piratane på Madagaskar stadig vanskelegare. Dei var under angrep frå engelske, franske og portugisiske skip, og mesteparten av den mektige piratflåten var vekke rundt 1724.

Svenskane gav faktisk ikkje heilt opp. I 1726 hoppa dei på endå eit Madagaskar-prosjekt. Dette likna litt på «Boltholm»-saka i det at det dukka opp ein mann med ei god historie og fekk svenskane på kroken. No var det ein mann som hevda han hadde vore fange hos piratane på Madagaskar. Han sa at piratane sette den svenske kongen høgt og hadde stor respekt for det svenske folket, og derfor var det fornuftig for svenskane å slå seg ned på øya. Fleire personar høgt oppe i det svenske systemet sette inn økonomiske ressursar på å realisere dette prosjektet, men dei klarte ikkje skaffe nok pengar til å gjere noko, og også dette rann ut i sanda, og med det heile det svenske kolonieventyret på Madagaskar.

Kjelder
Herman Linqvist - Levande Historia, «Svenska kolonier» (Podcast 18. oktober 2010)
Dick Harrison, «Kunde Madagaskar ha blivit svensk koloni?»
Michael Wanner, «The Madagascar Pirates in the Strategic Plans of Swedish and Russian Diplomacy 1680-1730» 

tirsdag 11. november 2014

Boltholm

Gustav III kunne nok med fordel ha vore litt meir kritisk til
kven som skaffa koloniar for han.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Vi tar ein ny tur i den skandinaviske kolonihistoria, og denne gongen er det ein særleg mislukka del av det meir eller mindre mislukka svenske koloniimperiet vi skal til. Eller det vil seie: Vi skal kanskje ikkje dit, for sansynlegvis eksisterte aldri Boltholm. Her er historia om den ikkje-eksisterande svenske kolonien.

I 1784 var Gustav III av Sverige på statsbesøk i Paris. Medan han var der dukka det opp ein interessant kar hos den svenske ambassadøren. Mannen kalla seg Gonzalez Baretto og hevda han var portugisar. Han sa at han kunne skaffe svenskane ein koloni ein stad mellom Cape Town og Indonesia. Der kjende han til ei øy dei kunne få ta over for ein god slump pengar. Han skulle i tillegg skaffe dei eit bygg med lager og verkstad på kysten av India.

Dette var eit tilbod som svenskane ikkje kunne seie nei til, for danskane var på dette tidspunktet i ferd med å bygge opp sitt koloninettverk som, sjølv om det ikkje var så stort, var meir vellukka enn det svenske.

Baretto fekk snakke med kongen, som spanderte tur på han til Sverige, der Baretto fekk forhandle med riksråden. Portugisaren var ikkje portugisisk, men viste seg å  vere ein tyskar med namnet William Bolt. Han hadde jobba for det engelske austindiakompaniet før han fekk jobb i det austerrikiske austindiakompaniet rett før det gjekk konkurs. Ein skulle tru at ein tyskar som hevda han var portugisar og hadde jobba for både britane og Austerrike ikkje var den ein først gav seg i handel med, men den svenske finansministeren Johan Liljencrantz såg tydlegvis på denne multipakken av nasjonale interesser som ein gavepakke for det svenske austindiakompaniet som då var i oppstartsfasen. Ein investering på 400 000 riksdalar skremde han heller ikkje, og saman drog Liljencratnz og Bolt til kongen som då hadde kome til Uppsala.

I Uppsala inngjekk dei ein avtale og kongen lova Bolt at han skulle få to svenske fregattar og eit handelsskip til disposisjon. Dei skulle segle frå Sverige i 1787 under kommando av Bolt. Då dei kom til «Boltholm», som var namnet dei gav den nye kolonien, skulle Bolt bli den første guvernøren. Bolt fekk også provisjonar på handel frå kolonien og ein saftig pensjon, mot at han skulle gje frå seg rettane han hadde fått til øya av «naboben av Scindia».  Sjølvsagt fekk Bolt også eit generøst forskot slik at han kunne førebu ekspedisjonen. Alt dette, trass i at han framleis ikkje hadde sagt noko meir om kvar denne øya låg, anna enn at ho låg ein plass mellom Cape Town og Indonesia...

På eitt eller anna tidspunkt må det ha byrja å kome nokre kritiske røyster i det svenske hoffet, for dei oppdaga at ingen kart viste nokon øy som kunne passe med den «Boltholm» dei skulle få i eige. Det var heller ikkje nokon som kjende til nokon nabob på Scindia. I 1787 fekk i alle fall Bolt beskjed om at han ikkje fekk skipa han var lova. Svenskane trengte dei i krigen dei planla mot Russland.

Den svenske kolonien «Boltholm» har aldri blitt oppdaga, mest truleg fordi han kun eksisterte inne i hovudet til den portugisiske tyskaren med så stor godvilje for britiske, austerrikiske og svenske koloniar...

Kjelde
Herman Lindqvist - Den svenska kononin i Ostindien - en stof bluff

torsdag 30. oktober 2014

Treeiningskyrkja i Fredriksted

Kyrkja frå 1792.
Biletet er tatt av Martin Lie, og ligg på Wikimedia Commons
CC-BY-SA-3.0
Vi skal igjen til kolonihistoria vår, og drar endå ein gong til Saint Croix, men no til Fredriksted, som er den andre byen på øya. Fredriksten gjekk under namnet «Westenden» i tida då øya låg under den danske kongen, men vi held oss til det noverande namnet. Byen vart grunnlagt på 1750-talet rundt kolonifortet Fort Fredrik, og allereie då vart kyrkjetomta lagt på ein ås på vestsida av byen. I 1766 bygde ein ei trekyrkje, men denne brann ned, og ein fekk i staden bygd kyrkja som framleis står der.

Den heilage treeiningskyrkja i Fredriksten vart vigsla av Martin Peter Ohm 15. januar 1792, etter å ha blitt jobba på i ti år. Den lange byggeperioden kom av at ein innimellom mangla pengar til bygginga, og derfor måtte stoppe. Kyrkja gjekk under namnet «Danskekyrkja».

Det var to kyrkjelydar i Fredriksten: Den danske kyrkjelyden og misjonskyrkjelyden, som begge brukte kyrkja og hadde same prest. Fram til 1859, altså i heile perioden denne kyrkjelyden var ein del av det same kyrkjesamfunnet som oss i Norge, var han ein del av Christiansted prestegjeld, og hadde presteteneste derifrå.

Det første dokumentet ein har frå kyrkjelyden i Fredriksten er ei medlemsliste frå misjonskyrkjelyden i 1788. Den vert ein underleg kontrast til vårt snakk om den forferdelege «400-årsnatta». I medlemslista vert det rekna opp kven som er med, om dei er svart eller mulatt og om dei er slave eller fri... Kanskje var det andre delar av kongeriket som hadde større grunn til å klage over eit undertrykkande regime enn oss i nord?

Det var ein stadig mangel på lutherske prestar i området, mykje fordi dei andre kolonimaktene der ikkje var lutherske, noko som gjorde at prestedekkinga til tider var sporadisk. Misjonskyrkjelyden vart leia av Michael Samuelsen, som trass det danske namnet var ein slave.

Når det gjeld Martin Peter Ohm, har eg ikkje funne ut så mykje. Han var gift i 18 år med Margretha Sophia Ohm. Ho ligg gravlagt på kyrkjegarden i Christiansted. Ho vart fødd i 1745 og døydde etter nokre harde år i 1792. I 1776 fekk Margretha og Martin Peter ei dotter saman, men ho døydde året etter. Martin Peder gav ut 24 utgåver av det eg vil tru er eit slags tidsskrift ,han kalla «Borgeren i Guds Rige», alle i 1772.

Ein underleg, og litt trist, del av det som også er ein del av den norske kyrkjehistoria. Ein kyrkjelyd med medlemslister som oppgjev om ein er slave eller fri.

torsdag 23. oktober 2014

Lutheran Church of the Zebaoth

Det viste seg vanskeleg å finne bilete av den kyrkja som var i
bruk  medan det framleis var ein «norsk» kyrkjelyd, men
slik eg forstår det, kan ein sjå kyrkjetårnet på dette biletet.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Det er tid for ei ny reise til kolonikyrkjene som ein gong har vore ein del av det kyrkjesamfunnet som i dag går under namnet Den norske kyrkja. I dag går turen til Dei amerikanske jomfruøyane, som ein gong gjekk under namnet «Dansk Vestindia», og vi skal til øya med det fromme namnet «Den heilage krossen», eller «Saint Croix». Saint Croix vart lagt under den danske trona i 1754, ei skjebne som øya mellom anna delte med Norge.

Allereie i 1733 vart øya kjøpt av det danske handelskompaniet Vestindisk-Guineisk Kompagni, og i 1734 hadde den danske, lutherske kyrkjelyden i hovudstaden Christiansted si første gudsteneste. Ein byrja ikkje på bygginga av eit kyrkjebygg før i 1750 og kyrkja vart vigsla i 1753 under namnet «Lutheran Church of the Zebaoth». Ho husa kyrkjelyden i 78 år, med eit midlertidig opphold i den anglikanske kyrkja i byen i 1831, då den lutherske kyrkja måtte pussast opp. Bygget går i dag under namnet «Steeple House» og vert brukt som museum.

I 1834 kjøpte kyrkjelyden kyrkjebygget til den nederlandske, reformerte kyrkjelyden som då forlot Christiansted, og har sidan det holdt hus i eit anna bygg.

I  «vår» tid, altså medan kyrkjelyden var ein del av den same kyrkja som oss i Norge, var det altså det første kyrkjebygget som vart brukt, men delar av interiøret i den gamle kyrkja vart flytta då kyrkjelyden bytta bygg, så det er framleis «norske» restar i kyrkja. Mellom anna kan ein finne eit minnesmerke over ein norsk prest.

Slik eg forstår gravsteinen, var presten Johannes Jacobus Stoud  som vart fødd i Kristiansand 27. september 1707. Han var barnebarn til Ludvig Stoud som var biskop i Kristiansand. Johannes kom som prest til St. Croix i 1740, rett frå studia, og gifta seg på øya. Han «døde salig efter en langvarig Sygdom d. 19 April 1749», og enka fekk satt opp minnesteinen etter han.

Stoud var altså prest i den lutherske kyrkjelyden i perioden før den første kyrkja vart bygd. Det er mogeleg det også var andre norske prestar i kolonikyrkja etter Stoud, men eg har ikkje funne nokon. Dette er noko Den norske kyrkje si avdeling for kolonikyrkjehistorikk absolutt bør finne ut av.

søndag 21. september 2014

St. Olav i India

I Vest-Bengal i India ligg byen Seramapore. Eg vil tru det er ein ganske liten by i India, sidan det «berre» bur rundt 200 000 menneske der. Men vi tar likevel turen til Serampore, for i denne byen finn ein noko så spesielt som ei kyrkje med det underleg norske namnet «St. Olav's Church». «Korleis hamna heilage Olav i India?» spør du kanskje, og det skal vi svare på no.

Frå 1755 til 1845 var Serampore ein del av det ikkje veldig imponerande danske imperiet, og altså ein del av det same kongeriket som det Olav skal ha kristna rundt 700-800 år tidlegare. I 1776 fekk ein mann med namn Ole Bie ansvaret for byen. Bie var frå Trondheim, og må ha hatt det som verkar som det vanlege trønderske synet på Olav, nemleg at det vel eigentleg ikkje har levd ein større helt nokon gong. Ole Bie fekk nemleg for seg at han ville bygge eit nytt landemerke i byen sin, og valet for bygning fall på ei kyrkje. Kva var vel då meir naturleg enn at trønderen Bie valgte å namngje kyrkja etter den største mannen som nokon gong har anda ut i Trøndelag? «Ingenting», vil nok trønderar seie, og det sa i alle fall Ole Bie, og dermed tok arbeidet med St. Olavs kyrkje i Sermapore til i 1800.

Bie fekk aldri sett sitt forsøk på å bygge Trondheim i India bli fullført, for han døydde i 1805, og då stod det framleis att å byggje fronten og tårnet på kyrkja. Heile kyrkja stod ferdig i 1806. Ei dansk, luthersk kyrkje midt i India.

Ein skulle kanskje trudd at Bie gjekk for ein norsk, eller i det minste nordisk, stil på kyrkja, men den er meir engelsk i stilen og liknar på engelske kyrkjer i Calcutta som igjen var inspirert av St. Martin-in-the-Fields i London. Sentralt, midt på tårnet, er våpenskjoldet til kong Christian VII.

Våpenskjoldet, og kyrkja, er der framleis, som om det er det mest naturlege å ha på eit kyrkjetårn i India, men kyrkja har hatt eit hardt liv. Den har vore i bruk heilt fram til 2009, som kyrkje for ei lokal baptistkyrkjelyd og eit teologisk fakultet i byen. Inne i kyrkja skal det vere fleire vitnemål om den danske fortida. Kyrkja er no stengt, sidan der er fare for at heile bygget kan kollapse, men det pågår eit restaureringsarbeid som delvis er finansiert frå Danmark. Dette skal sikre dette minnet om dansk stormannsgalskp for framtida. Eit minne som også seier ganske mykje om norsk historie.

Om Den norske kyrkje skal stille på gjennopninga, noko eg meiner vi bør gjere sidan det er ei norsk kyrkje, tar eg gjerne på meg å representere. Eg reknar med at ansvarleg for norske kolonikyrkjer finn telefonnummeret mitt når det vert aktuelt.