fredag 18. juli 2014

Den gjævaste bjønneskyttaren

Det er vanskeleg å ta bilete av eit bilete bak glas, men her
er Tor Tarjeison Austad.
Det er på tide å ta eit djupdykk i ættesoga att. Sist gong eg gjorde det, såg eg på ein av mine forfedre med ein spesiell livhistorie, nemleg On Tong Wiese. Denne gongen går turen til den andre sida av slektstreet, og til ein mann som også hadde ei spesiell livhistorie, men på ein annan måte. Han var ein meisterjeger, og tok åleine livet av over 60 bjørnar.

Tor Tarjeison Ausatd vart fødd i 1785 og døydde i 1879. Han levde heile livet sitt på garden Austad i Drangedal, og var ein av to store bjørnejegarar i Drangedal på den tida, men Tor var den som skaut flest bjørn. Allereie som tolvåring skaut han sin første bjørn. Denne bjørnen skaut han med hagle, og trudde ikkje han hadde drepe han før han tilfeldig fann han daud rett etter at han hadde skote etter han.

Han vart ofte henta inn for å ta livet av bjørn som herja i buskapen i bygdene i dalen, og hevda at han ikkje var redd når bjørnen luska rundt han, for det var kun skadeskoten bjørn som var farleg, meinte han. I tillegg til binner med unge, sjølvsagt.

Det gjekk mange forteljinger om Tor og bjørnene. Ein gong hadde han skadeskote ein bjørn som kom mot han på to bein. Bjørnen stoppa rett framfor han, og dei stod og stirra på kvarandre. Så gjekk bjørnen ned på alle fire og luska vekk. Då fekk Tor lada om og drap bjørnen. Ein annan gong jaga ein bjørn han opp på ein stor stein. Der sat han medan bjørnen gjekk rundt steinen til Tor hadde fått lada om og skaut bjørnen.

Tor hadde også ein bjørn heime, av alle ting. Han tok med seg ein bjørnunge ein gong, sansynlegvis etter å ha skote mora. Bjørnungen budde i ein jordkjellar på Austad heilt til han vart vaksen, men «då blei han så sinna, at dei måtte gjøre av med'n». Tor hadde tydelegvis blitt glad i denne bjørnen, for han fekk henta inn svogeren sin for å ta livet av han.

Tilsaman drap Tor Tarjeison Austad 65 bjørnar. Då han hadde drepe 60 fekk han premie. Ei sølvkanne som kosta 60 spesidalar. På lokket var det ein bjørnefigur. Geværet han skaut dei fleste bjørnane med var framleis på garden i 1924. Han hadde fila inn eit merke i geværet for kvar bjørn han skaut med det. På geværet var det 58 merker. I tillegg til bjørnane skaut han og mange ulvar, utan at det skal vere nokre historier om dette.

Også for ein gamal jeger tar det slutt. Bjørnejakta hadde sansynligvis allereie tatt slutt, men som åttiåring ville han skyte rev. Då la han ut åte og sat seg på ein stol i fjøset og venta. Heldigvis for Tor kom det ikkje rev, for han hadde lada geværet slik at det sansynlegvis hadde eksplodert om han hadde skote med det...

Dette var altså historia om ein av minne tipp-tippar. I dag er det rart at nokon får premie for å ta livet av kanskje det flottaste og mest majestetiske dyret i dei norske skogane, men verda har ikkje alltid sett ut som no. Eg trur ikkje vi skal måle ein gamal bjørnejeger etter våre mål for kva som er rett og gale når det kjem til rovdyrpolitikk. Han var ein mann av sin tid, og i sin tid var han «den gjævaste bjønneskyttaren» i bygda.

Kjelde:
Olav Sannes, Drangedal med Tørdal: ei bygdesoga, 1924. S. 92-94

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar