fredag 13. september 2013

Ei kyrkje bygd på sand

Kyrkja i sanda.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Har ein vore innom ei norsk kyrkje, ei søndagsskulesamling eller eit bedehus meir enn fem gonger, har ein sikkert møtt på forteljinga om dei to mennene som skulle bygge seg hus og valgte å bygge dette huset på ulikt underlag. Ein på fjell og ein på sand. Det gjekk som det måtte gå. Huset som var bygd på fjell stod støtt, medan huset på sand rann vekk med sanda.

Danskane har ein eigen vri på dette. Dei kan skilte med ei kyrkje som illustrerer at sanda er ein lunefull ven når det kjem til husbygging.

På slutten av 1300-talet vart det bygd ei kyrkje utanfor Skagen. Kyrkja var på dette tidspunktet den største i Vendsyssel og vart vigsla til St. Laurentius. Denne delen av Danmark er jo kjent for dei fine sandstrendene, og dette vart etterkvart eit stort problem.

Huset bygd på fjell
«Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.
Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.»
Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde. Matt 7, 24-29
1500-talet byrja sanden å flytte på seg, og fleire lokalsamfunn vart utsletta av sand.
Heller ikkje denne kyrkja vart spart for dette, og det vart vanskelegare og vanskelegare for kyrkjelyden å grave seg fram til kyrkja når det skulle feirast messe der.
I 1795 gav kongen beskjed om at kyrkja skulle rivast. Ein reiv sjølve kyrkjeskipet, og flytta delar av inventaret over til Skagen kirke, men ein reknar med at døypefonten og altaret framleis står inne i det som er att av kyrkja.

Danskane bygde altså ikkje kyrkja si på sand, men ho hamna uansett inni sanda. Ho fall ikkje, i alle fall ikkje før kongen sa at ho skulle falle, men ho drukna i sanda. Eg gler meg til eg vert beden til Skagen for å tale over Matteus 7, 24-29. Då skal det bli kontekstualisering, då!

Eit einsamt kyrkjetårn i sandhavet.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar