torsdag 20. juni 2013

Omsetjaren

Onesimud Nesib
Biletet har eg lånt frå
Dictionary of African Christian Biography.
Artikkelen er i hovudsak basert på denne
biografien.
I dag minnast vi Onesimus Nesib, ein etiopiar med eit spanande liv og ein viktig produksjon. Nesib vert hugsa som han som omsette Bibelen til oromo, sjølv om han også skal ha hatt hjelp av Aster Ganno.

Onesimus vart født i Etiopia rundt 1865, og fekk namnet «Hika » som betyr «Omsetjar». Seinare tok han namnet «Onesimus» etter slaven vi møter i Paulus sitt brev til Filemon.

At han tok dette namnet er ikkje så rart, for Onesimus vart tatt som slave som fireåring. Han vart flytta rundt mellom ulike slaveeigarar, før han vart frigjort i Massawa av den franske visekonsulen. I Massawa hadde svenske misjonærar frå Evangeliska Fosterlands-Stiftelsen ein guteskule, og der byrja han i 1870. Han konverterte til kristendomen, og vart døypt på påskedag i 1872. Då tok han namnet Onesimus.

Onesimus var ein hengjeven kristen, og ville fortelje folket sitt om Jesus. Han tok skulen alvorleg og var ein flikn elev. I 1876 vart han sendt til Johannelunds teologiska högskola i Bromma i Sverige for å få utdanning, og kom attende med utdanning, kone og planar for evangelisering i 1881. Det første forsøket på å nå oromoane  I Wellega gjekk dårleg på grunn av hindringar frå keisaren. Andre forsøk gjekk ikkje noko betre. Han prøvde seg på å komme fram via Sudan, men både han og følget hans vart råka av sjukdom, og ein av mennene døydde. Det braut også ut opprør i landet, og dei måtte trekke seg attende til Kharthoum. I Kharthoum var Onesimus svært sjuk, og svevde mellom liv og død, medan ein annan i følget døydde. Etter ei stund kom helsa seg, og dei fekk høyre om ein veg dei kunne dra for å kome seg til Imkullu, der det tydlegvis var ein misjonsstasjon.

Dei kom seg etterkvart dit, etter at dei hadde strevd med sandstorm og sjukdom gjennom Den nubiske ørkenen. Dei kom dit i midten av juli 1882, og i september skreiv Onesimus eit brev til sin svenske misjonssorganisasjon og tilbaud seg å prøve ein gong til. Medan han venta byrja han å skrive salmar på oromo og han omsette mellom anna Luther si katekisme til oromo.

I 1883 kom han i kontakt med ein sultan som kunne fortelje at utanlandske misjonærar var velkomne i Jimma i omhoro-området. Han fekk etterkvart løyve til å reise di, og drog ut med kona og tre andre i 1885. Heller ikkje dette skulle gå slik han ville. På ordre frå keisaren vart gruppa sendt til Aliyu Amba for å kome seg etter sjukdom, som også no hadde ramma dei. Der oppdaga dei at dei kunne byrje arbeidet sitt, og evangeliserte og dreiv helsearbeid der fram til dei fekk valet mellom å dra attende eller bli ortodokse.

I 1886 kom dei attende til Imkullu, der Onesimus underviste på ein jenteskule. Salmeboka hans var allereie i bruk der. På skulen møtte han den unge jenta Aster Ganno, som skulle bli viktig vidare, for no bestemte han seg for å omsetje Bibelen til oromo.

Dette var vanskelegare enn han hadde trudd, for sidan han hadde blitt tatt vekk av slavehandlarar som ung, kjente han ikkje språket godt nok til dette arbeidet. Her kom Aster Ganno inn og gav mykje og viktig hjelp, sjølv om ho ikkje vart kreditert då NT kom ut i 1893. I 1897 var dei ferdige med GT. Heile Bibelen kom ut samla i 1899, og denne omsettinga var i bruk i heile 75 år for ho vart avløyst av ei ny omsetting.

I 1904 kom han seg til slutt til Wellega. Der opna han ein skule, der han gav basisundervisning og forkynte evangeliet. Først gjorde han det på amharisk, og det vart tolka til oromo, men etter at tolken døydde, skjedde alt på oromo. Med dette hissa han på seg dei ortodokse prestane i området som ikkje forstod oromo. Han vart skulda for blasfemi, og etter ein rettsak, vart han, og alle tilhengjarane hans, dømt til å miste alle eigedomar og bli lagt i lenker. No greip keiseren inn, og sa at han nekta å godta dommen. Han sa derimot at Onesimus ikkje lenger fekk forkynne.

Leiarane i den evangeliske kyrkja tolka dommen frå keiseren til at Onesimus kunne lese frå Bibelen i sin eigen heim og selge bøker, og frå heimen dreiv han forkynning i nokre år, medan andre i kyrkja jobba for å hjelpe han og for å gjere den evangeliske kyrkja lovleg. I 1916 lukkast dette, og Onesimus fekk lov til å forkynne evangeliet slik han ville. Det gjorde han resten av livet, ikkje heilt utan motstand, men stort sett i fridom.

Søndag 21. juni 1931 hasta Onesimus til kyrkja for å preike. Han stoppa ikkje for å snakke med nokon på vegen, men sa til folk at han hadde dårleg tid fordi han skulle døy den dagen. Han følte seg dårleg og stakk innom ein lege før gudstenesta, og der døydde han av slag.

Han vert heidra i Evangelical Lutheran Church of America sin kalender på 21. juni, og Mekane Yesus-kyrkja har oppkalla seminaret sitt i Addis Abeba etter han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar