torsdag 12. juli 2012

Militarismen øydelegg samfunnet, også i fredstid.

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Hadde det ikkje vore for eit vannvittig overforbruk på militærmateriell, hadde ikkje Hellas vore i den økonomiske krisa dei er i i dag. Dette melder Vårt Land i dag.[1] Dei byggjer på ein rapport frå Norges Fredslag som argumenterer overbevisande for akkurat dette.

Dette gjev krisa i Hellas ein ekstra, tragisk dimensjon. Den katastrofa som har ramma tusenvis av menneske der er totalt unødvendig og situasjonen kunne vore totalt annleis om ikkje milliardar av kroner hadde vore spydd ut på våpen. At Tyskland og Frankrike, som har vore pådrivarane for hjelpepakkene for den greske økonomien, samstundes har pressa på for å eksportere våpen til Hellas, som Hellas så må betale med lånte pengar, er nesten utruleg i sin surrealisme.

At mange fattige land brukar enorme summar på våpen og nesten ingenting på helsestell, skule og liknande for folk i landet er ikkje noko nytt. Det er ein stadig pågåande tragedie korleis pengar som kunne blitt brukt til å gje det mest naudsynte for fattige i staden vert overførte til dødsprofitørane i våpenindustrien. I dette mønsteret passar det som skjer i Hellas godt inn. Dei som produserer og sel våpen, tener seg rike på pengar som heller burde ha blitt brukt til å skape verdige levekår for menneske.

Noko som ikkje kjem fram i denne saka, men som er eit interessant poeng, er at også Norge må ta sin del av ansvaret for dette. Hellas er i konflikt med Tyrkia, og kjøper derfor mykje våpen. Norge auka sitt våpensal til Tyrkia med 166 millionar i 2011,[2] noko som gjer Norge til ein profitør i våpenkappløpet som har drive Hellas ut i katastrofa.

Lat oss vende oss til Norge. Ingen kan seie at Norge er eit dårleg land å leve i, men vi har sjølvsagt våre utfordringar. «I-landsutfordringar», men framleis utfordringar. Skular har elendig inneklima, lange ventelister på viktige sjukebehandlingar, dårlege vegar og jernbane osb. Forslaget til forsvarsbudsjett i 2012 var på 40,5 milliardar kroner.[3] Om ein halverer forsvarsbudsjettet har ein brått 20 milliardar ekstra å bruke på desse områda. Og då snakkar ein ikkje om «nye pengar», men om offentlege midlar ein allereie har. Det er kun snakk om omfordeling av pengar. Store problem i det offentlege Norge kunne vore løyst om ein ikkje hadde kasta pengane bort på våpen. Også i Norge ser ein altså at militarismen skadar samfunnet vårt.

Takk til Vårt Land, for å gjere oss klar over denne saka, sjølv om den godt kunne ha kome på eit betre tidspunkt. Dette er for viktig til at det skal forsvinne i flått og sommarstemne.

Referansar
[1] Vårt Land, 12. juli  2012, side 10-11
[2] SSB - Norsk våpeneksport 2007-2011. Uendret våpeneksport i 2011
[3] Aftenbladet - Norge bruker mest penger på militæret

Rapporten til Norges Fredslag finn ein forøvrig her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar