tirsdag 29. mai 2012

Fin satsing frå regjeringa.

Det er vanskeleg å få til slike gravferder i Norge.
Biletet er frå Japan og henta frå Wikimedia Commons.
Det vert i dag meldt om at regjeringa har løyva 7 millionar til å lage fleire livssynsnøytrale seremonirom. Dette er ei god satsing frå regjeringa si side, og noko eg vonar vert vidareført i mykje større skala.

Behovet for livssynsnøytale seremonirom er aukande, og det burde etterkvart vore noko ein finn i alle kommunar i landet. Dette handlar om at alle menneske i landet skal ha dei same mogelegheitene og rettane til å få høvelege seremoniar ved viktige livshendingar. Slik det er no er dette ofte vanskeleg for dei som ikkje høyrer heime i eit av dei større trus- eller livssynssamfunna, og ikkje så reint få stader er det kun Den norske kyrkje som har rom som er store nok og samstundes ikkje ser ut som (eller er) ein gymsal eller liknande.

For dei som står utanfor Den norske kyrkje vil slike rom vere eit stort skritt framover, men også for oss i Den norske kyrkje kan slike rom vere viktige. For det første vil det mest sansynleg frigjere ressursar, ved at seremoniar utanfor kyrkjeleg regi vil vere eit lettare alternativ å velgje for dei som er i tvil om dei vil ha ein kyrkjeleg seremoni. For det andre vil det også verte lettare for dei ansvarlege prestane og musikarane i kyrkja å halde på det kyrkjelege innhaldet i seremoniane våre om ein veit at det er eit høveleg alternativt lokale om folk ikkje finn seg tilrette med dei kyrkjelege seremoniane og den valfridomen som er i dei. Kyrkja står altså friare til å vere kyrkje og må i mindre grad gå på akkord med seg sjølve. For det tredje kan ei auka satsing på slike seremonirom føre til at det kyrkjelege frisleppet frå staten sitt fangenskap vil gå fortare. Har ein høvelge seremonirom treng ein ikkje kyrkjelege seremonimeistrar eller kyrkjer til å halde seremoniane i, i så stor grad som no, og den statlege økonomistyringa kan gå ut samstundes som prestane ikkje lenger er statstenestemenn.

Alt i alt er det svært mange gode ting med ei auka satsing på livssynsnøytrale seremonirom, både for Den norske kyrkja og for alle som står utanfor denne kyrkja. Eg vonar regjeringa held fram med den kursen dei no har gått inn på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar