mandag 1. februar 2010

Den hellige Brigida av Irland og uklåre helgenar


Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Den hellige Brigida av Irland har minnedag i dag 1. februar. Eg las meg i gjennom biografien om henne på katolsk.no (Ein nettstad eg ikkje kan anbefale varmt nok) og las det som forsåvidt var ein interessant nok biografi, men samstundes uklår i innhaldet.

Mitt inntrykk av desse irske helgenane er at ein veit svært lite om dei. Biografiane er oftast prega av veldig mykje folklore og sagn. Det er i og for seg ikkje noko gale med folklore og sagn, det er flotte og gode ting som vi skal ta vare på, men når det vert blanda saman med helgenbiografiar er ein på uklår mark. Då vert det til ein slags form for kristne eventyr. I dette høvet er denne legendariske figuren også skytshelgen for mellom anna eit heilt land. Ein ber altså om forbøn frå ein legendarisk figur ein ikkje veit så mykje om... Katolsk.no skriv: "de utallige «biografiene» gjør oss ikke i stand til å sette sammen en troverdig beretning om hennes liv." Kanskje dette då er eit punkt der ein burde rydde opp i kven ein markerer og på kva måte? Dei heilage har ein viktig plass i kyrkja, men dette vert fort overskugga om ein også let legender og folklore få fylle den same plassen i liturgi, kyrkjeår og bøner.

Vi i Den norske kyrkje er vel eigentleg ikkje betre. Når vi ein sjeldan gong markerer nokon heilage på våre gudstenester, vel vi anten Olav, ein krigarkonge, eller Sunniva av Selja, ein helgen ein er ganske sikker på at aldri har levd... Illustrerande nok kom Sunniva, i fylgje legenda, frå nettopp Irland.

Eg vil slå eit slag for at vi held oss til dei historiske helgenane. Legendene og slikt er flott og har ein stor verdi, både for å forstå fromheitsliv, kultus og samfunnet i tidlegare tider, men det må ikkje blandast med læra om dei heilage i kyrkja!

Men attende til Brigida. I Brigid's Prayer finn vi flotte ord som eg vil avslutte med:
I should like a lake of ale for the King of Kings / I should like the household of heaven to be there / drinking it for eternity… / I should like cheerfulness to be in their drinking / I should like Jesus here also.

3 kommentarer:

mrsnina sa...

Helgenbiografier har alltid vært preget av legender. Bare les Den Gyldne legende: http://kunsthistorie.com/fagwiki/Den_gyldne_legende. Eller fant engang en kommentar på et bysantinsk nettsted der professoren beklaget at helgebiografiene på katolsk.no var på norsk fordi de er de beste som finnes på nett.

mrsnina sa...

En annen ting det finnes utrolig mye fin kunst som er avbildinger av helgener. Om vi fjerner dette fra kirkerommene slik det var vanlig en stund så mister vi en viktig bit av kulturhistorien. Bare tenk på helgenskapene f. eks. i Mariakirken i Bergen. http://kunsthistorie.com/w/images/8/88/Alterskapmariskirkenbergen.jpg

Steinar Sneås Skauge sa...

Det er heilt sant at legender alltid har vore ein viktig del av helgenbiografier. Poenget mitt er at når vi brukar dette inn i det kultiske livet, må vi stille strengare krav til historisiteten i biografiane.

Særleg må vi gjere det om ein, som meg, er godt planta i ein protestantisk tradisjon som ikkje har tradisjon for å sjå på denne delen av kristendomen med stor forståing. Legendarisk stoff vil, særleg i slike miljø, berre gjere dette meir utilgjengeleg og eit lettare offer for kritikk. Rettvis eller urettvis.

Legg inn en kommentar