På Maria bodskapsdag møter vi ei ung jente som får ei enorm oppgåve. Det er ikkje det etablerte samfunnet vi feirar i dag. Forteljinga viser korleis Gud jobbar på utsida av det som er godteke. Gud jobbar gjennom den unge, ugifte jenta som vert gravid i eit strengt patriarkalsk samfunn. Gjennom ei jente som ikkje hadde makt, truleg heller ikkje særleg økonomiske midlar, og som var ein del av eit okkupert folkeslag i ein utkant av eit imperium. Gud jobba gjennom det som skapte uro og kanskje avsky hos dei som stod for det etablerte, for det "fine" og "rette". Gjennom ei som havna på utsida av samfunnet. Ikkje berre jobba Gud gjennom ho som havna på utsida av det etablerte, men ho havna der nettopp på grunn av det ho sa ja til. Då ho sa ja til å gjere det Gud bad ho om, sa ho ja til å havne på utsida sidan det var måten Gud valgte å jobbe på.
Pussy Riot ser også til Maria i kampen mot autoritære styresmakter som går i tospann med kyrkja. Dei syng på russisk, men songen kan høyrast i ein nydeleg utgåve av Moddi, der teksten er nokonlunde den same som i omsetjingar av songen i media (Som her og her. Moddi sin her) For låta og musikvideoen hamna dei i fengsel. Dei vart anklaga for blasfemi. Så kan ein spørje seg kven som er mest blasfemisk av ei kyrkje som jobbar tett saman med Putin sitt regime som systematisk bryt ned menneskerettane i kampen for eit samfunn som liknar på det polske styresmakter vil ha, eller eit band som peiker på at denne alliansen mellom kyrkjemakt og sekulær makt går ut over nokon. Den går ut over kvinner, dei som ikkje passar inn i den tradisjonelle, statlege definisjonen av "familie", dei som trur annleis enn den ortodokse kyrkja og dei som av andre grunnar havnar på utsida av det "fine" og det "rette". Det går ut over slike som Maria.
Pussy Riot ber Maria vere feminist. Det burde vere ukontroversielt. Forteljinga om Maria burde få oss til å tenke feministisk og jobbe for rettane til kvinner som Maria. Den burde få oss til å tenke som aktivistar for ulike saker som handlar om rettane til dei som fell utanfor det etablerte, "rette", samfunnet. For i forteljinga om Maria ser vi at Gud sjølv jobbar på utsida og gjennom dei som fell utanfor. Det er som om Gud sjølv protesterer mot det etablerte, det "fine" og det "rette".
Det er lett å peike på kvar kyrkja i Polen og Russland gjer feil. Viktigare for oss er jo eigentleg kvar kyrkja i Norge gjer feil. Kvar står vi på feil side og held fram unødvendige normer og reglar om kva som er "riktig", "fint", "sømmeleg" og "kristent" på ein måte som skadar menneske og held dei ute frå fellesskapen i kyrkja?
Det er spørsmålet både ikonet og Punk Prayer får fram i meg i møte med teksten om Maria. Eg veit ikkje svaret, men eg trur vi kontinuerleg må stille oss spørsmålet og be om hjelp til å finne svar. Kyrie eleison!
Ver helsa, Maria, du som har fått nåde,
Herren er med deg.
Velsigna er du mellom kvinner,
og velsigna er ditt livs frukt, Jesus.
Heilage Maria, Guds mor,
be for oss syndarar,
no og i vår dødstime.
Amen.