Eg kom over den nydlege plata Dialogue av Sondre Bratland og Javed Bashir i dag. Det er ei flott plate der Sondre Bratland syng kristne norske folketonar og Javed Bashir syng sufitekstar. Dei syng dei som ein dialog, derav namnet på plata, der dei syng til kvarandre kva dei ulike religionane seier om forskjellige emne.
I Across the river er det døden det dreier seg om. Bashir har laga melodien til ein tekst av sufidiktaren Shah Hussain som levde i Punjab på 1500-talet. Diktaren snakkar om at han skal over elva til dødsriket, men slår fast at "I know the true Lord. I will not die but reunite with Allah." Bratland syng sangen "For Guds folk er hvilen tilbake" som mange vil kjenne frå Sangboken og han slår på sin side fast at "For Guds folk er hvilen tilbake i himmelens salige hjem, bak trengselens skyggefulle dage en hviledag venter på dem."
Ein kan fort skulde eit prosjekt som dette for synkretisme, utan at eg er sikker på om det er ei skulding som er riktig. Eg vil heller sjå på det som to religionar som praktiserast samstundes av ulike folk. Uansett kva ein vil meine om innhaldet kjem ein ikkje vekk frå at det musikalske er nydeleg. Lytt songen Across the river, som også er på plata, og nyt!
Trykk i ruta om du ikkje ser filmen. Han kan dukke opp då.
fredag 25. februar 2011
tirsdag 22. februar 2011
Biskop Polykarp og martyriet
Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Polykarp døydde martyrdøden, og det er interessant å sjå på kva han sjølv sa om dette. Martyriet var ikkje ukjent for dei første kristne som heilt frå Stefanus hadde måtte tåle å verte forfølgde for trua si.
Ignasius av Antiokia leid martyrdøden saman med Zosimus og Rufus, og medan desse tre sat fengsla, var Polykarp på vitjing i fengselet i Roma. Etter deira død skreiv Polykarp dette, som i den norske omsetjinga har fått overskrifta «Martyrenes eksempel», i sitt brev til kyrkjelyden i Filippi:
Så formaner jeg dere alle til å adlyde rettferdighetens ord og vise all tålmodighet, den dere også har fått se på nært hold, ikke bare i møte med de salige menn Ignasius, Zosimus og Rufus, men også hos andre fra deres menighet, dessuten hos Paulus selv og de andre av apostlene. Dere er overbevist om at ingen av disse er løpt forgjeves, men i tro og rettferdighet. De er nådd frem til det sted som tilkommer dem hos Herren, han som de også har lidt med. For de elsket ikke den nåværende verden. De elsket han som døde for oss og han som for vår skyld ble reist opp av Gud.Polykarp tar her frem Ignasius, Zosimus og Rufus saman med Paulus og andre som leid martyrdøden som døme til etterfylgjing. Sjølv leid han også martyrdøden. Kyrkjelyden i Smyrna skildra dette i eit brev til kyrkjelyden i Filomelion, eit skrift som har fått namnet Polykarps martyrium og som i fylgje Reidar Hvalvik er det tidlegaste vitnemålet om martyrkulten som veks fram i den tidlege kyrkja. I skriftet les vi om korleis han vart henretta det vert gjenngjeve denne bøna han bad medan han var bunde til bålet som skulle drepe han:
(Pol Fil 9, 1-2)
Herre Gud, du allmektige, Jesu Kristi Far. Gjennom din elskede og velsignede Sønn har vi mottatt kunnskapen om deg. Du er Gud over engler og makter, over hele skapningen og de rettferdiges slekt, de som lever for ditt åsyn. Jeg priser deg fordi du har funnet meg verdig denne dagen og timen for å bli regnet blant martyrene og få drikke Kristi beger for å oppstå til evig liv med kropp og sjel i Den Hellige Ånds udødlighet. Måtte jeg i dag bli motatt blant dem for ditt åsyn - som et rikt og velbehaglig offer, slik som du på forhånd har gjort i stand, åpenbart og fullført, du trofaste og sanne Gud. Derfor lovsynger jeg deg for alle ting; jeg priser deg, jeg ærer deg ved den evige og himmelsek øversteprest, Jesus Kristus, din elskede sønn. Ved ham og sammen med ham og Den Hellige Ånd tilkommer æren deg, nå og i de kommende tider. Amen.
(Pol Mart 14, 1-3)
I bøna ser vi spor av ein martyrkult i at han takkar for at han er funnet verdig til å verte martyr, og dette kjem også tydeleg fram seinare i skriftet, men då ikkje frå Polykarp, men frå dei kristne i Smyrna:
Til sist tok vi hans ben, mer dyrebare enn kostelige stener og mer verdt enn gull, så la vi dem på et passende sted. Der vil Herren, hvis det er mulig for oss, la oss komme sammen i jubel og glede for å feire årsdagen for hans martyrium - til minne om dem som tidligere har stridt og til øvelse og forbredelse for dem som siden skal strideVi ser altså ein tydeleg martyrkult, noko som ikkje var så rart, ettersom det å lide martyrdøden var noko som ramma mange av dei tidlege kristne. Ordet «martyr» er eigentleg det greske ordet μάρτυς som tyder vitne, då helst meint i tydinga «blodvitne». I dag har det gjerne fått ein negativ klang, assosiert med terror. Det er viktig å hugse på at martyriet var ein viktig del av den tidlege kyrkja, og at det også er noko som er ein meir framtredande del av dagens kyrkje enn vi kanskje likar å tenkje på. I store delar av verda må våre kristne brør og søstre lide for sine vitnemål om si kristne tru. Martyriet er noko kyrkja lever med den dag i dag, og vi må aldri gløyme verken dei tidlege eller dagens martyrar. Minnedagen for Polykarp sitt martyrium er ein fin dag å minnast alle martyrane. Eg er litt usikker på denne tradisjonen med vernehelgenar, men skal ein drive å kople visse helgenar med visse område, burde Polykarp vore vernehelgen for martyrane, ikkje for noko så tøysete som øyreverk.
(Pol Mart 18, 1-2)
Alle sitata i denne posten er henta frå boka De apostoliske fedre, redigert av Ernst Baasland og Reidar Hvalvik
Kategoriar:
Helgenar,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Merkedagar
fredag 18. februar 2011
Martin Luther og såmannssøndagen
Martin Luther Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
THE DISCIPLES & THE FRUITS OF GOD'S WORD
4 Mykje folk strøymde no saman frå alle byane rundt omkring. Då ei stor folkemengd hadde samla seg om han, fortalde han dei ei likning:
5 «Ein såmann gjekk ut for å så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen. Det vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp. 6 Noko fall på steingrunn, og det visna med same det kom opp, fordi det ikkje fekk væte. 7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp saman med kornet og kvelte det. 8 Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre gonger det som vart sådd.» Då han hadde sagt dette, ropa han ut: «Den som har øyre å høyra med, høyr!»
9 Sidan spurde disiplane han kva denne likninga skulle tyda. 10 Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om Guds rike. Men dei andre får det i likningar, for at dei skal
sjå, men ikkje sjå,
og høyra, men ikkje skjøna.
11 Likninga tyder: Såkornet er Guds ord. 12 Dei attmed vegen er dei som høyrer ordet; men så kjem djevelen og tek det bort frå hjartet deira, så dei ikkje skal tru og bli frelste. 13 Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur ei tid, men når dei blir sette på prøve, fell dei frå. 14 Det som fall mellom klunger, er dei som høyrer ordet, men på vegen gjennom livet blir dei kvelte av sorger og rikdom og nytingar og ber ikkje fullmogen grøde. 15 Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit fint og godt hjarte, held ut og ber grøde. __________________________________________________________________
SECTION I. THE NATURE OF THE WORD SPOKEN HERE.
1. This Gospel treats of the disciples and the fruits, which the Word
of God develops in the world. It does not speak of the law nor of human
institutions; but, as Christ himself says, of the Word of God, which he
himself the sower preaches, for the law bears no fruit, just as little
as do the institutions of men. Christ however sets forth here four
kinds of disciples of the divine Word.
__________________________________________________________________
SECTION II. THE DISCIPLES OF THIS WORD.
2. The first class of disciples are those who hear the Word but neither
understand nor esteem it. And these are not the mean people in the
world, but the greatest, wisest and the most saintly, in short they are
the greatest part of mankind; for Christ does not speak here of those
who persecute the Word nor of those who fail to give their ear to it,
but of those who hear it and are students of it, who also wish to be
called true Christians and to live in Christian fellowship with
Christians and are partakers of baptism and the Lord's Supper. But they
are of a carnal heart, and remain so, failing to appropriate the Word
of God to themselves, it goes in one ear and out the other. Just like
the seed along the wayside did not fall into the earth, but remained
lying on the ground in the wayside, because the road was tramped hard
by the feet of man and beast and it could not take root.
3. Therefore Christ says the devil cometh and taketh away the Word from
their heart, that they may not believe and be saved. What power of
Satan this alone reveals, that hearts, hardened through a worldly mind
and life, lose the Word and let it go, so that they never understand or
confess it; but instead of the Word of God Satan sends false teachers
to tread it under foot by the doctrines of men. For it stands here
written both that it was trodden under foot, and the birds of the
heaven devoured it. The birds Christ himself interprets as the
messengers of the devil, who snatch away the Word and devour it, which
is done when he turns and blinds their hearts so that they neither
understand nor esteem it, as St. Paul says in 2 Tim 4:4: "They will
turn away their ears from the truth, and turn aside unto fables." By
the treading under foot of men Christ means the teachings of men, that
rule in our hearts, as he says in Mt 5:13 also of the salt that has
lost its savor, it is cast out and trodden under foot, of men; that is,
as St. Paul says in 2 Thes. 2:11, they must believe a lie because they
have not been obedient to the truth.
4. Thus all heretics, fanatics and sects belong to this number, who
understand the Gospel in a carnal way and explain it as they please, to
suit their own ideas, all of whom hear the Gospel and yet they bear no
fruit, yea, more, they are governed by Satan and are harder oppressed
by human institutions than they were before they heard the Word. For it
is a dreadful utterance that Christ here gives that the devil taketh
away the Word from their hearts, by which he clearly proves that the
devil rules mightily in their hearts, notwithstanding they are called
Christians and hear the Word. Likewise it sounds terribly that they are
to be trodden under foot, and must be subject unto men and to their
ruinous teachings, by which under the appearance and name of the Gospel
the devil takes the Word from them, so that they may never believe and
be saved, but must be lost forever; as the fanatical spirits of our day
do in all lands. For where this Word is not, there is no salvation, and
great works or holy lives avail nothing, for [it is] with this, that he
says: "They shall not be saved," since they have not the Word, he shows
forcibly enough, that not their works but their faith in the Word alone
saves, as Paul says to the Romans: "It is, the power of God unto
salvation to every one that believeth" (Rom 1:16).
5. The second class of hearers are those who receive the Word with joy,
but they do not persevere. These are also a large multitude who
understand the Word correctly and lay hold of it in its purity without
any spirit of sect, division or fanaticism, they rejoice also in that
they know the real truth, and are able to know how they may be saved
without works through faith. They also know that they are free from the
bondage of the law, of their conscience and of human teachings; but
when it comes to the test that they must suffer harm, disgrace and loss
of life or property, then they fall and deny it; for they have not root
enough, and are not planted deep enough in the soil. Hence they are
like the growth on a rock, which springs forth fresh and green, that it
is a pleasure to behold it and it awakens bright hopes. But when the
sun shines hot it withers, because it has no soil and moisture, and
only rock is there. So these do; in times of persecution they deny or
keep silence about the Word, and work, speak and suffer all that their
persecutors mention or wish, who formerly went forth and spoke, and
confessed with a fresh and joyful spirit the same, while there was
still peace and no heat, so that there was hope they would bear much
fruit and serve the people. For these fruits are not only the works,
but more the confession, preaching and spreading of the Word, so that
many others may thereby be converted and the kingdom of God be
developed.
6. The third class are those who hear and understand the Word, but
still it falls on the other side of the road, among the pleasures and
cares of this life, so that they also do nothing with the Word. And
there is quite a large multitude of these; for although they do not
start heresies, like the first, but always possess the absolutely pure
Word, they are also, not attacked on the left as the others with
opposition and persecution; yet they fall on the right side, and it is
their ruin that they enjoy peace and good days. Therefore they do not
earnestly give themselves to the Word, but become indifferent and sink
in the cares, riches and pleasures of this life, so that they are of no
benefit to any one. Therefore they are like the seed that fell among
the thorns. Although it is not rocky but good soil; not wayside but
deeply plowed soil; yet, the thorns will not let it spring up, they
choke it. Thus these have all in the Word that is needed for their
salvation, but they do not make any use of it, and they rot in this
life in carnal pleasures. To these belong those who hear the Word but
do not bring under subjection their flesh. They know their duty but do
it not, they teach but do not practice what they teach, and are this
year as they were last.
7. The fourth class are those who lay hold of and keep the Word in a
good and honest heart, and bring forth fruit with patience, those who
hear the Word and steadfastly retain it, meditate upon it and act in
harmony with it. The devil does not snatch it away, nor are they
thereby led astray, moreover the heat of persecution does not rob them
of it, and the thorns of pleasure and the avarice of the times do not
hinder its growth; but they bear fruit by teaching others and by
developing the kingdom of God, hence they also do good to their
neighbor in love; and therefore Christ adds, "they bring forth fruit
with patience." For these must suffer much on account of the Word,
shame and disgrace from fanatics and heretics, hatred and jealousy with
injury to body and property from their persecutors, not to mention what
the thorns and the temptations of their own flesh do, so that it may
well be called the Word of the cross; for he who would keep it must
bear the cross and misfortune, and triumph. field,
8. He says: "In honest and good hearts." Like a field that is without a
thorn or brush, cleared and spacious, as a beautiful clean place: so a
heart is also cleared and clean, broad and spacious, that is without
cares and avarice as to temporal needs, so that the Word of God truly
finds lodgment there. But the field is good, not only when it lies
there cleared and level, but when it is also rich and fruitful,
possesses soil and is productive, and not like a stony and gravelly
field. Just so is the heart that has good soil and with a full spirit
is strong, fertile and good to keep the Word and bring forth fruit with
patience.
9. Here we see why it is no wonder there are so few true Christians,
for all the seed does not fall into good ground, but only the fourth
and small part; and that they are not to be trusted who boast they are
Christians and praise the teaching of the Gospel; like Demas, a
disciple of St. Paul, who forsook him at last (2 Tim. 4:10); like the
disciples of Jesus, who turned their backs to him (John 6:66). For
Christ himself cries out here: "He that hath ears to hear, let him
hear," as if he should say: O, how few true Christians there are; one
dare not believe all to be Christians who are called Christians and
hear the Gospel, more is required than that.
10. All this is spoken for our instruction, that we may not go astray,
since so many misuse the Gospel and few lay hold of it aright. True it
is unpleasant to preach to those who treat the Gospel so shamefully and
even oppose it. For preaching is to become so universal that the Gospel
is to be proclaimed to all creatures, as Christ says in Mk. 16:15:
"Preach the Gospel to the whole creation;" and Ps. 19:4: "Their line is
gone out through all the earth, and their words to the end of the
world." What business is it of mine that many do not esteem it? It must
be that many are called but few are chosen. For the sake of the good
ground that brings forth fruit with patience, the seed must also fall
fruitless by the wayside, on the rock and among the thorns; inasmuch as
we are assured that the Word of God does not go forth without bearing
some fruit, but it always finds also good ground; as Christ says here,
some seed of the sower falls also into good ground, and not only by the
wayside, among the thorns and on stony ground. For wherever the Gospel
goes you will find Christians. "My word shall not return unto me void"
(Is. 55:11). [pages 119-121 omitted (section III) in this on-line
edition]
__________________________________________________________________
SECTION IV. WHY CHRIST CALLS THE DOCTRINE CONCERNING THE DISCIPLES AND THE
FRUITS OF THE WORD A MYSTERY.
19. But what does it mean when he says: "Unto you it is given to know
the mysteries of the kingdom of God", etc.? What are the mysteries?
Shall one not know them, why then are they preached? A "mystery" is a
hidden secret, that is not known: and the "mysteries of the kingdom of
God" are the things in the kingdom of God, as for example Christ with
all his grace, which he manifests to us, as Paul describes him; for he
who knows Christ aright understands what God's kingdom is, and what is
in it. And it is called a mystery because it is spiritual and secret,
and indeed it remains so, where the spirit does not reveal it. For
although there are many who see and hear it, yet they do not understand
it. just as there are many who preach and hear Christ, how he offered
himself for us; but all that is only upon their tongue and not in their
heart; for they themselves do not believe it, they do not experience
it, as Paul in 1 Cor. 2:14 says: "The natural man receiveth not the
things of the Spirit of God!" Therefore Christ says here: "Unto you it
is given", the Spirit gives it to you that you not only hear and see
it, but acknowledge and believe it with your heart. Therefore it is now
no longer a mystery to you. But to the others who hear it as well as
you, and have no faith in their heart, they see and understand it not;
to them it is a mystery and it will continue unknown to them, and all
that they hear is only like one hearing a parable or a dark saying.
This is also proved by the fanatics of our day, who know so much to
preach about Christ; but as they themselves do not experience it in
their heart, they rush ahead and pass by the true foundation of the
mystery and tramp around with questions and rare foundlings, and when
it comes to the test they do not know the least thing about trusting in
God and finding in Christ the forgiveness of their sins.
20. But Mark says (4:33), Christ spake therefore to the people with
parables, that they might understand, each according to his ability.
How does that agree with what Matthew says, 13:13-14: He spake
therefore unto them in parables, because they did not understand? It
must surely be that Mark wishes to say that parables serve to the end
that they may get a hold of coarse, rough people, although they do not
indeed understand them, yet later, they may be taught and then they
know: for parables are naturally pleasing to the common people, and
they easily remember them since they are taken from common every day
affairs, in the midst of which the people live. But Matthew means to
say that these parables are of the nature that no one can understand
them, they may grasp and hear them as often as they will, unless the
Spirit makes them known and reveals them. Not that they should preach
that we shall not understand them; but it naturally follows that
wherever the Spirit does not reveal them, no one understands them.
However, Christ took these words from Is. 6:9-10, where the high
meaning of the divine foreknowledge is referred to, that God conceals
and reveals to whom he will and whom he had in mind from eternity.
Kategoriar:
Helgenar,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Merkedagar,
Talar
onsdag 16. februar 2011
Voynich-manuskriptet
Ei side frå manuskriptet. Henta frå Wikimedia Commons. |
No i veka minna forskning.no meg på eit av dei mysteria som har fascinert meg lenge. Dei skreiv at Voynich-manuskriptet var eldre enn ein har trudd til no, og at ein no har datert det til mellom 1404 og 1438. Då eg var liten hadde eg som fast rutine når eg var på vitjing hjå besteforeldra mine å lese i ei bok der det mellom anna stod om spanande emne som Oak Island, Nazcalinene, krystallskaller og sjølvsagt også Voynich-manuskriptet. Boka var eit høgdepunkt, og mysteria sit klistra, for dette er artige greier som verkeleg kan få fantasien på gli!
På engelsk Wikipedia kan ein lese ein god artikkel om Voynich-manuskriptet. Manuskriptet kjem frå tidleg 1400-tal og inneheld rundt 240 sider. Dei fleste av desse er rikt illustrert, oftast med teikningar ein ikkje forstår kva forestiller, og all teksten er skreve med teikn ein ikkje forstår og i ein kode ein ikkje klarer å knekke. Alt i alt har ein eit manuskrip ein ikkje veit kven som har skreve, kva handlar om eller korleis skal lese det. Det er altså den perfekte gåte.
Ut frå bileta kan det sjå ut som det handlar om botanikk, medisin eller alkymi. Eventuellt ein kombinasjon av desse emna. Det kan sjølvsagt også handle om noko heilt anna. Eller det kan hende det berre er ein einaste stor bløff.
Som om ikkje den komplette mangelen på kunnskap om innhaldet i manuskriptet er nok til å gjere ein nyfiken, er også historia rundt det spanande. Det dukkar opp hjå ein aklymist i Praha på 1500-talet, og han skal ha vore like forvirra som alle andre om kva i alle dagar dette var for noko. Via rektoren på Karlsuniversitetet i Praha hamna det så i hendene til Athanasius Kircher, ein jesuitt som jobba på Collegium Romanum, jesuittane sitt universitet i Roma. Der dukkar det opp att to hundre år seinare då Vatikanet vart innvadert og universitetet evakuerte biblioteket sitt til professorane sine private bibliotek. I prosessen hamna det i biblioteket til sjefen for jesuittordenen, og dokumentet har derfor hans stempel i dag. I 1912 bestemte jesuittane seg for å selgje delar av samlinga si, og manuskriptet vart kjøpt av boksamlaren Wilfrid Voynich, som har gjeve det namn. Etter hans død bytta det igjen eigar fleire gongar, før det vart donert til Yale, som har det i dag.
Detalj som viser den uforstålege skrifta i manuskriptet. Henta frå Wikimedia Commons. |
Teoriane rundt manuskriptet er sjølvsagt mange. Kan det vere ein spøk for å lure Athanasius Kircher som var ein kjent kodeknekkar? Kan det vere notata til ein arkitekt som skulle på reise og ikkje ville at kunnskapen hans skulle hamne i gale hender? Kan det vere den engelske munken og vitskapspioneren Roger Bacon som står bak? Kan det vere eit asiatisk språk skreve på kode? Kan det vere tungetale skreve ned i ein slags transe? Det er berre å spekulere i veg!
Slike objekt som dette er fantastiske stimuli for fantasien og vitelysta. Kva i alle dagar fekk ein, eller fleire, til å bruke all den tida det må ha tatt å lage denne boka og alle dei pengane det må ha kosta for seks hundre år sidan? Kan nokon ha brukt så mykje energi bare på tull? Eg likar å tru at det ligg noko fantastisk skjult bak koden til Voynich-manuskriptet.
Om ein vil sjå dette utrulege verket, ligg heile greia på Wikimedia Commons, endå til i riktig rekkefølgje. Det er berre å klikke seg inn, kose seg og late fantasien gå berserk.
Eg skulle gjerne likt å lese meir om manuskriptet, men som nokon heilt riktig påpeika på Twitter då eg bad om boktips der; bøker om denne tematikken som ikkje er skreve av folk i foliehatt er vanskeleg å finne. Eg har sett på The Voynich Manuscript: The Unsolved Riddle of an Extraordinary 16th Century Book Which Even Today Defies Interpretation og lurar på om den kan vere brukbar. Om nokon skulle sitte inne med eit godt litteraturtips om Voynich-manuskriptet, vil eg gjerne høyre det.
Kategoriar:
Historie,
Historiske kuriositetar,
Litteratur
mandag 14. februar 2011
Vernarar av Europa
Biletet er henta frå Wikimedia Commons |
Desse to karane har eit langt vita, for langt til at eg vil gå inn på det her, men dei vert rekna som dei som førte Kyrkja til slavarane, Kyrillios vert rekna som opphavsmannen til det kyrilliske alfabetet, saman lagde dei det glaglotiske alfabetet som vert brukt i kyrkjeslavisk og i misjonsarbeidet dei gjorde blant slavarane gjorde dei eit pionerarbeide i å bruke morsmål som liturgisk språk. Dei vert æra i stort sett det som kan krype og gå av kyrkjesamfunn og dagen i dag står også i anglikanske og lutherske festkalenderar. I dei ortodokse kyrkjene vert dei hedra med tittelen «apostel-like», ei ære dei deler med folk som Maria Magdalena, kvinna med brønnen og St. Patrick.
Dei vert rekna som vernehelgenar for ei rekkje slaviske folkeslag, land og område og i 1980 erklærte Johannes Paul II dei til vernehelgenar for heile Europa. På grunn av måten dei, som utsendingar frå Bysants, møtte paven og fekk bruke kyrkjeslavisk i liturgien, vert dei også rekna som vernehelgenar for økumenikk.
Lat oss heller nemne desse karane når vi omtalar 14. februar. Det fortener det meir enn italienske legender.
Kategoriar:
Helgenar,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Merkedagar,
Økumenikk
torsdag 10. februar 2011
Tusen tegninger
Det sit langt inne å skryte av hip-hop, men Karpe Diem har laga ein song mange burde høyre og ta til seg bodskapen i. Songen går på det å vere ung og religiøs i dagens Norge. Dei to i gruppa er ein hindu og ein muslim, og songen er frå eit muslimsk utgangspunkt, då den er skreve av Magdi Ytreeide Abdelmaguid som er muslim. Videoen viser bilete frå sju gudshus frå ulike religionar, og poenget i teksten er at «Det går an å være ung og religiøs uten å være gæern. Men det er helt vanlige folk som drar på byen, så kan de dra i kirken eller moskeen eller tempelet dagen etter»
Eg har merka meg at dette er ein tekst som har appell inn i dei kristne ungdomsmiljøa eg har kontakt med, og eg vil tru at også ungdom i andre religiøse tradisjonar vil kjenne seg att i denne songen.
Noko av det eg sett særleg pris på med songen, bortsett frå at det er ein visuell vakker musikkvideo som er laga til den, er at den har i seg ein iboande respekt for ikkje berre sin eigen, men også andre religionar. «Det handler om å godta at noen har en mor som, og kanskje en far som, lærte dem noe annet om livet». Det vert ofte sagt at dei store forskjellane mellom unge i dag finn ein ikkje mellom til dømes kristne og muslimar, men mellom truande og ikkje-truande. Eg trur det er ein god del rett i dette, noko som til dømes gjev utslag i at mange kristne likar denne songen. Samstundes har ein alltid godt av å verte minna på at når ein vil ha respekt for si eiga tru skuldar ein andre å ha respekt for deira tru.
Chirag Patel, han andre i Karpe Diemm, seier dette om låta: «”Tusen tegninger” er en av, om ikke den, viktigste norske raplåta som er gitt ut noensinne. Ingen andre enn han kunne skrevet den, og den sier akkurat det som trenger å bli sagt om det å være ung og religiøs i dagens Norge..» Det kan godt vere han har rett i dette. Songen er i alle fall bra.
Eg har merka meg at dette er ein tekst som har appell inn i dei kristne ungdomsmiljøa eg har kontakt med, og eg vil tru at også ungdom i andre religiøse tradisjonar vil kjenne seg att i denne songen.
Noko av det eg sett særleg pris på med songen, bortsett frå at det er ein visuell vakker musikkvideo som er laga til den, er at den har i seg ein iboande respekt for ikkje berre sin eigen, men også andre religionar. «Det handler om å godta at noen har en mor som, og kanskje en far som, lærte dem noe annet om livet». Det vert ofte sagt at dei store forskjellane mellom unge i dag finn ein ikkje mellom til dømes kristne og muslimar, men mellom truande og ikkje-truande. Eg trur det er ein god del rett i dette, noko som til dømes gjev utslag i at mange kristne likar denne songen. Samstundes har ein alltid godt av å verte minna på at når ein vil ha respekt for si eiga tru skuldar ein andre å ha respekt for deira tru.
Chirag Patel, han andre i Karpe Diemm, seier dette om låta: «”Tusen tegninger” er en av, om ikke den, viktigste norske raplåta som er gitt ut noensinne. Ingen andre enn han kunne skrevet den, og den sier akkurat det som trenger å bli sagt om det å være ung og religiøs i dagens Norge..» Det kan godt vere han har rett i dette. Songen er i alle fall bra.
Kategoriar:
Hinduisme,
Islam,
Kristendom,
Musikk,
Samfunn
tirsdag 8. februar 2011
Den svarte mor
Biletet er henta frå engelsk Wikipedia, som brukar det via sin politikk om "fair use". |
Ein veit lite om barndomen hennar, men ho vart fødd i Sør-Sudan i 1869. Då ho var rundt ti år gamal, i oktober 1879, vart ho kidnappa av arabiske slavehandlarar. Saman med ei anna jente vart ho teken til ein slavemarknad, men klarte å rømme. Ho vart fanga att og vart solgt til ein annan slavehandlar.
Som ein kan tenkje seg, sette dette djupe spor i ei lita jente. Ho kunne seinare ikkje hugse mykje frå barndommen sin, til dømes hugsa ho verken foreldra sine namn eller sitt eige namn. Namnet "Bakhita" fekk ho av ein av kidnapparane. Det tyder ironisk nok "den heldige".
Ho vart så solgt fleire gonger før ho havna hos ein arabisk stormann som kjøpte henne som tjenestejente for dottera si. Ho hadde det relativt godt hjå dei, men vart solgt vidare etter å ha knust ein vase. Ho vart solgt til ein tyrkisk offiser. Hjå han vart ho regelmessig piska og fekk som trettenåring 114 snittsår som det vart strødd salt i!
I 1882 dro tyrkaren heimatt, og ho vart kjøpt av ein italiensk diplomat, Callisto Legnani. Hjå han hadde ho det greit, og då han måtte dra heim til Italia fekk ho vere med, noko som skulle få enorme konsekvenser for henne. I 1888 måtte familien som "eigde" henne dra til Raudehavet for å ta seg av eit hotell dei eigde der. Dette gjorde at Bakhita vart plassert på ein skule dreve av Canossa-søstrene. På skulen vart ho kjent med den kristne Gud. Då husfrua kom att frå Raudehavet og ville hente henne, nekta ho å vere med. Autoritetane i byen vart henta inn, og det vart slått fast at sidan slaveri var forbode i Italia, kunne Bakhita gjere som ho sjølv ville.
Nokre dagar seinare 9. januar 1890, vart ho døypt, deltok i sin første nattverd og vart konfirmert. Ho fekk då døypenamna Josefina Margareta Fortunata Maria. Ho vart snart meir og meir klar over eit kall for å tre inn i ein orden, og gjekk i desember 1893 inn i Canossa-søstrene. Tre år seinare, i desember 1896, avla ho dei høgtidlege løfta.
Dei neste femti åra var ho nonne. Dei evige løfta avla ho i 1927. Ho ville eigentleg dra attende til Afrika for å drive misjon der, men med ry for å vere heilag og ein biografi om henne som vart svært populær vart ho verande i Italia, mesteparten av tida i Schio fram til ho døydde 8. februar 1947.
Ho låg på lit-de-parade i tre dagar, og ei stor mengde folk ville vise sin siste respekt. I Schio vert ho framleis hugsa som "vår svarte mor". Ho vart saligkåra i 1993 og heilagkåra i 2000, begge delar som den første sudanesar.
Vatikanet skildrar henne slik på sine sider:
When she was on duty at the door, she would gently lay her hands on the heads of the children who daily attended the Canossian schools and caress them. Her amiable voice, which had the inflection and rhythm of the music of her country, was pleasing to the little ones, comforting to the poor and suffering and encouraging for those who knocked at the door of the Institute.
Her humility, her simplicity and her constant smile won the hearts of all the citizens. Her sisters in the community esteemed her for her inalterable sweet nature, her exquisite goodness and her deep desire to make the Lord known.
“Be good, love the Lord, pray for those who do not know Him. What a great grace it is to know God!”
As she grew older she experienced long, painful years of sickness. Mother Bakhita continued to witness to faith, goodness and Christian hope. To those who visited her and asked how she was, she would respond with a smile: “As the Master desires.”
I går meldte BBC at valet i Sør-Sudan, området der Josefina Bakhita kom frå, har resultert i eit brakande fleirtal for lausriving. Livet til Bakhita gjekk frå total ruin i slaveri til eit fredeleg, velsigna liv i kloster. Lat oss vone og be om at dette også må vere slik det går med landet Sudan.
Kategoriar:
Helgenar,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Merkedagar,
Samfunn
søndag 6. februar 2011
Ein difus skare
Gresk ikon som viser heile Kyrkja. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
For lesarar av St. Isidors minne vil det ikkje kome som nokon overrasking at eg meiner helgenane har for liten plass i Den norske kyrkje. Eg meiner at det skjedde ei katastrofe for Kyrkja i reformasjonen då vi klarte å «gløyme» ein stor og viktig del av kyrkja, nemleg alle dei heilage. Helgenane, og forsåvidt også englane om enn ikkje i så stor grad, er noko vi nesten aldri snakkar om når vi snakkar om Kyrkja. I vår tradisjon kan det nesten verke som om den einaste gongen det er legitimt å snakke om helgenar er om ein syng om dei. Det gjer vi nemleg ein del i salmeboka, og ein av dei gongane er i denne salmen. Eg tenkte at dette passa godt på ein einskapsfest. Einskap på jorda, og einskap med resten av kyrkja.
Eg vart derfor litt paff då eg såg kva som kom i andre vers på salmen, der vi vanlegvis syng om den syngjande helgenskaren. Då vi kom dit stod det å lese:
Hellig, hellig hellig! synger helgens skarer.Eg veit ikkje om ein skal legge så mykje i akkurat dette. Det kan vere at ein i kyrkjelege miljø som ikkje har så mykje til overs for læra om dei heilage finn det vanskeleg å syngje om dei, og heller syng om til dømes kyrkjelyden som «helgens skare». Det er i så fall ein legitim og grei omskriving for å få ein flott salme til å passe inn i kyrkjelyden sin bruk. Det kan også vere at det rett og slett berre var nokon som hadde skreve feil.
Eg veit altså ikkje kor mykje ein skal legge i det, men det vart likevel eit talande bilete for meg på det store arbeidet ein har å gjere når ein skal arbeide med økumenikk. Vi har rett og slett ikkje alltid same mål og ynskjer med det vi gjer. Der nokon vil samle alle under biskopen av Roma meiner andre at ein ikkje skal bry seg med kven som er leiarar, kva kyrkjesamfunn ein står i og slikt i det heile. medan enkelte, som meg, ser det som eit mål at ein i det minste kan sjå heile Kyrkja som eitt, også helgenskaren.
Visjonen i fjerde vers i den aktuelle salmen høver godt som avslutning. Uansett kva ein ser som det jordiske målet i det økumeniske arbeidet, trur eg alle vil seie seg einige i dette endelege målet.
Hellig, hellig, hellig! Herre Gud allmektig,
jord og hav og himmel, se alt skal prise deg!
Hellig, hellig, hellig! Nådefull og prektig,
Fader, Sønn og Ånd, all ære være deg!
Kategoriar:
Gudstenester,
Helgenar,
Kristendom,
Sitat,
Økumenikk
onsdag 2. februar 2011
Eit særs patetisk salsforsøk
Nokon har plukka vekk klistremerket som opplyser postvesenet om at eg ikkje er open for å motta all reklamen dei har med seg i bilen sin. Dette har gjort at eg for tida får store mengdar reklame. Eg brukar å hive denne rett i papirdunken, men ei samling med kupongar kom innepakka i plast. Eg tok dei derfor med meg inn og kom heldigvis i skade for å lese litt på dei. Eg seier heldigvis ikkje fordi eg fekk eit tilbod eg ikkje kunne seie nei til, men fordi eg fekk oppleve eit særs underhaldande salsforsøk.
Det byrjar så flott med eit bilete av eit vakkert lommeur. Overskrifta slår til og med fast at dette er eit "forsølvet lommeur". Då er det berre å ta fatt på lesinga.
"Skjem bort deg selv med dette unike forsølvede lommeuret for bare kr. 39,-" - For eit tilbod. Eit unikt lommeur. Noko som verkeleg stikk seg ut i mengda. Og det berre for 39 kroner. Og då er det i tillegg med sølv. Absurditeten i å leggje fram noko ein sel via kupongar i postkassa som "unikt" er artig nok om ein ikkje skal spe på med å seie at ein skjemmer seg bort med å bruke 39 kroner på dette. 39 kroner er mindre enn mange bruker på aviser om dagen. Ein skjemmer seg ikkje bort, men ein skjemmer seg kanskje ut?
Det heile vert betre. Det er ikkje grenser for kva dette uret som kostar kjøparen heile 39 kroner er: "Det forener kunst og teknikk på en utrolig måte og retter seg nøyaktig etter det berømte forbildet fra 1700-tallet. Et eksklusivt smykke til spesielle anledninger." For å byrje med det siste først. Dei fleste smykkene dei sel på H&M og Cubus kostar meir enn 39 kroner, så desse kjedene bør snarast sjå sitt snitt og endre marknadsføringa si til dei som er opptekne av eksklusive kunstsmykker. Dei er tydlegvis ikkje orienterte om kvar prisnivået på dei eksklusive smykka ligg.
Det er svært mogeleg at eg er litt rusten når det kjem til lommeurhistoria, men eg ser ikkje umiddelbart kva det "berømte forbildet fra 1700-tallet" skal vere. Ein forklaring kunne sikkert ha vore på sin plass, om slike ignorantar på smykke- og urmarknaden som meg skal kjøpe uret. Eller kan det kanskje vere at det berømte forbildet ikkje er verken berømt eller reelt? Uansett er dette eit røvarkjøp. For kun 39 kroner får ein ein utruleg sameining av kunst og teknikk. For verkeleg å kunne garantere for vener at dette er kunst og teknikk på eit sameiningsnivå verda stort sett ikkje har sett, freistar selgjaren også med at ein får med "det tilhørende ekthetsbeviset i en elegant eske." Her er det altså ikkje noko å nøle med. Eit vaskeekte kvalitetsur, vakkert og eit eksklusivt smykke, lagd etter modellar frå 1700-talet, unikt og ein utruleg sameining av kunst og teknikk. Ein skulle kanskje tru dette kosta meg min førstefødde, ei nyre og eit tresifra tal timar i oppvasken, men nei: Alt dette får eg for kun 39 kroner!
Eg las sjølvsagt dette høgt for madammen, verda og eventuelle overvakarar. Då vi hadde ledd litt saman (Madammen og meg. Eg kan ikkje uttale meg om overvakarane.) snudde eg kupongen og det heile vart endå betre. På baksida står det å lese: "Ja takk, send meg det forsølvede lommeuret + dokumentasjon for bare kr 39,- inkl. porto sammen med de tre gavene. Deretter vil jeg cirka hver 4 uke vil (sic) motta et nytt lommeur til gratis gjennomsyn." Her har ein akkurat reklamert for det mest fantastiske kvalitetsur med kunst og teknikk sameina i eit utruleg nivå, og så viser det seg at ein kvar fjerde veke reknar med at dei som "skjemmer seg vekk" og går til innkjøp av dette unike uret treng eit nytt eksklusivt ur i posten. Og når sant skal seiast er dette kanskje på sin plass? Dei har reklamert med at dette uret er unikt, forsølva, med ein fabelaktig sameining av kunst og teknikk og eksklusivt. Dei har aldri sagt at det er bra, haldbart eller strengt tatt at det faktisk går...
Eg er tilbøyeleg til å meine at dei som kjøper slike ting som dette fortener det produktet dei får. Ein får ikkje eit produkt som er nær denne skildringa sjølv om ein hiv på eit par nullar bak prisen, så å skulle få dette uret, pluss nokre juggel i gåve pluss porto som sikkert åleine er dyrare enn uret, er sjølvsagt alt for godt til å vere sant. Og er noko for godt til å vere sant, er det oftast verken godt eller sant. Men produsenten skal ha ros for eit prisverdig dårleg forsøk. Det er ikkje så mykje som eit lite hint av truverd i tilbodet.
Det byrjar så flott med eit bilete av eit vakkert lommeur. Overskrifta slår til og med fast at dette er eit "forsølvet lommeur". Då er det berre å ta fatt på lesinga.
"Skjem bort deg selv med dette unike forsølvede lommeuret for bare kr. 39,-" - For eit tilbod. Eit unikt lommeur. Noko som verkeleg stikk seg ut i mengda. Og det berre for 39 kroner. Og då er det i tillegg med sølv. Absurditeten i å leggje fram noko ein sel via kupongar i postkassa som "unikt" er artig nok om ein ikkje skal spe på med å seie at ein skjemmer seg bort med å bruke 39 kroner på dette. 39 kroner er mindre enn mange bruker på aviser om dagen. Ein skjemmer seg ikkje bort, men ein skjemmer seg kanskje ut?
Det heile vert betre. Det er ikkje grenser for kva dette uret som kostar kjøparen heile 39 kroner er: "Det forener kunst og teknikk på en utrolig måte og retter seg nøyaktig etter det berømte forbildet fra 1700-tallet. Et eksklusivt smykke til spesielle anledninger." For å byrje med det siste først. Dei fleste smykkene dei sel på H&M og Cubus kostar meir enn 39 kroner, så desse kjedene bør snarast sjå sitt snitt og endre marknadsføringa si til dei som er opptekne av eksklusive kunstsmykker. Dei er tydlegvis ikkje orienterte om kvar prisnivået på dei eksklusive smykka ligg.
Det er svært mogeleg at eg er litt rusten når det kjem til lommeurhistoria, men eg ser ikkje umiddelbart kva det "berømte forbildet fra 1700-tallet" skal vere. Ein forklaring kunne sikkert ha vore på sin plass, om slike ignorantar på smykke- og urmarknaden som meg skal kjøpe uret. Eller kan det kanskje vere at det berømte forbildet ikkje er verken berømt eller reelt? Uansett er dette eit røvarkjøp. For kun 39 kroner får ein ein utruleg sameining av kunst og teknikk. For verkeleg å kunne garantere for vener at dette er kunst og teknikk på eit sameiningsnivå verda stort sett ikkje har sett, freistar selgjaren også med at ein får med "det tilhørende ekthetsbeviset i en elegant eske." Her er det altså ikkje noko å nøle med. Eit vaskeekte kvalitetsur, vakkert og eit eksklusivt smykke, lagd etter modellar frå 1700-talet, unikt og ein utruleg sameining av kunst og teknikk. Ein skulle kanskje tru dette kosta meg min førstefødde, ei nyre og eit tresifra tal timar i oppvasken, men nei: Alt dette får eg for kun 39 kroner!
Eg las sjølvsagt dette høgt for madammen, verda og eventuelle overvakarar. Då vi hadde ledd litt saman (Madammen og meg. Eg kan ikkje uttale meg om overvakarane.) snudde eg kupongen og det heile vart endå betre. På baksida står det å lese: "Ja takk, send meg det forsølvede lommeuret + dokumentasjon for bare kr 39,- inkl. porto sammen med de tre gavene. Deretter vil jeg cirka hver 4 uke vil (sic) motta et nytt lommeur til gratis gjennomsyn." Her har ein akkurat reklamert for det mest fantastiske kvalitetsur med kunst og teknikk sameina i eit utruleg nivå, og så viser det seg at ein kvar fjerde veke reknar med at dei som "skjemmer seg vekk" og går til innkjøp av dette unike uret treng eit nytt eksklusivt ur i posten. Og når sant skal seiast er dette kanskje på sin plass? Dei har reklamert med at dette uret er unikt, forsølva, med ein fabelaktig sameining av kunst og teknikk og eksklusivt. Dei har aldri sagt at det er bra, haldbart eller strengt tatt at det faktisk går...
Eg er tilbøyeleg til å meine at dei som kjøper slike ting som dette fortener det produktet dei får. Ein får ikkje eit produkt som er nær denne skildringa sjølv om ein hiv på eit par nullar bak prisen, så å skulle få dette uret, pluss nokre juggel i gåve pluss porto som sikkert åleine er dyrare enn uret, er sjølvsagt alt for godt til å vere sant. Og er noko for godt til å vere sant, er det oftast verken godt eller sant. Men produsenten skal ha ros for eit prisverdig dårleg forsøk. Det er ikkje så mykje som eit lite hint av truverd i tilbodet.
Abonner på:
Innlegg (Atom)