søndag 17. oktober 2010

Mary MacKillop og historia om ein artikkel på Wikipedia

Mary MacKillop. Henta frå Wikimedia Commons.

Ein gong i februar eller mars i år fekk eg eit spørsmål i quiz-spalten i Morgenbladet  som var noko ala dette: «Hvem blir i oktober Australias første helgen?» Svaret på dette var Mary MacKillop, ei dame eg aldri hadde høyrt om før dette.

Eg vart nyfiken og såg kva eg fann om henne på Wikipedia. Eg las litt på engelsk Wikipedia, og tenkte at norsk Wikipedia burde ha ein betre artikkel om henne. (Artikkelen på engelsk såg slik ut på dette tidspunktetet.) Eg byrja å skrive om henne, delvis basert på kjeldene eg fann i den engelske artikkelen, delvis med hjelp av andre kjelder, og etter kvart tok prestisjen meg, og eg tenkte at før Mary MacKillop vert kanonisert, skulle ho ha ein anbefalt artikkel om seg sjølv på norsk Wikipedia. I april hadde både tanken og artikkelen modna såpass at eg lufta for Morten Haugen tanken om artikkelen som anbefalt artikkel og som forsideartikkel denne veka, veka når MacKillop vert kanonisert av paven.

Symbolet for ein anbefalt artikkel på Wikipedia.
Eg fekk nokre tips for vidare arbeid, og jobba vidare med artikkelen. 16. mai vart artikkelen nominert til status som anbefalt artikkel, og 24. mai fekk artikkelen sitt grøne pluss i margen. Per no er Wikipedia på bokmål og riksmål så vidt eg veit den einaste språkutgåva med ein anbefalt artikkel om ho som vert kanonisert i dag. Den har også vore på forsida heile denne veka. Det vil seie at Wikipedia faktisk kan bringe oppdatert, kvalitetssikra informasjon på norsk om den nyaste helgenen i den katolske kyrkja, den veka ho vert kanonisert. For å skryte litt av mitt eige verk, meiner eg dette er eit døme på Wikipedia på sitt beste. Oppdatert og kjeldebelagt informasjon om aktuelle saker.

Mary MacKillop vert altså kanonisert i dag, 17. oktober. Eg har lese ein del om denne dama, og kan eigentleg  ikkje seie at ho er særleg spanande, trass i at ho er ein av svært få helgenar som har vore ekskommuniserte frå kyrkja. Men det var moro å jobbe med artikkelen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar