tirsdag 8. februar 2011

Den svarte mor

Biletet er henta frå engelsk Wikipedia, som
brukar det via sin politikk om "fair use".
8. februar er det minnedag for ei dame med ei gripande historie. Den heilage Josefina Bakhita vert minna i dag. På St. Isidors minne har eg tidlegare vore innom den første helgenen frå Australia og ein som byrja livet sitt som slave men som no kanskje vert kanonisert. Josefina Bakhita var ei dame som hadde begge desse aspekta. Ho vart den første helgenen frå Sudan då ho vart heilagkåra i 2000, og ho byrja livet sitt som slave.

Ein veit lite om barndomen hennar, men ho vart fødd i Sør-Sudan i 1869. Då ho var rundt ti år gamal, i oktober 1879, vart ho kidnappa av arabiske slavehandlarar. Saman med ei anna jente vart ho teken til ein slavemarknad, men klarte å rømme. Ho vart fanga att og vart solgt til ein annan slavehandlar.

Som ein kan tenkje seg, sette dette djupe spor i ei lita jente. Ho kunne seinare ikkje hugse mykje frå barndommen sin, til dømes hugsa ho verken foreldra sine namn eller sitt eige namn. Namnet "Bakhita" fekk ho av ein av kidnapparane. Det tyder ironisk nok "den heldige".

Ho vart så solgt fleire gonger før ho havna hos ein arabisk stormann som kjøpte henne som tjenestejente for dottera si. Ho hadde det relativt godt hjå dei, men vart solgt vidare etter å ha knust ein vase. Ho vart solgt til ein tyrkisk offiser. Hjå han vart ho regelmessig piska og fekk som trettenåring 114 snittsår som det vart strødd salt i!

I 1882 dro tyrkaren heimatt, og ho vart kjøpt av ein italiensk diplomat, Callisto Legnani. Hjå han hadde ho det greit, og då han måtte dra heim til Italia fekk ho vere med, noko som skulle få enorme konsekvenser for henne. I 1888 måtte familien som "eigde" henne dra til Raudehavet for å ta seg av eit hotell dei eigde der. Dette gjorde at Bakhita vart plassert på ein skule dreve av Canossa-søstrene. På skulen vart ho kjent med den kristne Gud. Då husfrua kom att frå Raudehavet og ville hente henne, nekta ho å vere med. Autoritetane i byen vart henta inn, og det vart slått fast at sidan slaveri var forbode i Italia, kunne Bakhita gjere som ho sjølv ville.

Nokre dagar seinare 9. januar 1890, vart ho døypt, deltok i sin første nattverd og vart konfirmert. Ho fekk då døypenamna Josefina Margareta Fortunata Maria. Ho vart snart meir og meir klar over eit kall for å tre inn i ein orden, og gjekk i desember 1893 inn i Canossa-søstrene. Tre år seinare, i desember 1896, avla ho dei høgtidlege løfta.

Dei neste femti åra var ho nonne. Dei evige løfta avla ho i 1927. Ho ville eigentleg dra attende til Afrika for å drive misjon der, men med ry for å vere heilag og ein biografi om henne som vart svært populær vart ho verande i Italia, mesteparten av tida i Schio fram til ho døydde 8. februar 1947.

Ho låg på lit-de-parade i tre dagar, og ei stor mengde folk ville vise sin siste respekt. I Schio vert ho framleis hugsa som "vår svarte mor". Ho vart saligkåra i 1993 og heilagkåra i 2000, begge delar som den første sudanesar.

Vatikanet skildrar henne slik på sine sider:
When she was on duty at the door, she would gently lay her hands on the heads of the children who daily attended the Canossian schools and caress them. Her amiable voice, which had the inflection and rhythm of the music of her country, was pleasing to the little ones, comforting to the poor and suffering and encouraging for those who knocked at the door of the Institute.


Her humility, her simplicity and her constant smile won the hearts of all the citizens. Her sisters in the community esteemed her for her inalterable sweet nature, her exquisite goodness and her deep desire to make the Lord known.

“Be good, love the Lord, pray for those who do not know Him. What a great grace it is to know God!”

As she grew older she experienced long, painful years of sickness. Mother Bakhita continued to witness to faith, goodness and Christian hope. To those who visited her and asked how she was, she would respond with a smile: “As the Master desires.”

I går meldte BBC at valet i Sør-Sudan, området der Josefina Bakhita kom frå, har resultert i eit brakande fleirtal for lausriving. Livet til Bakhita gjekk frå total ruin i slaveri til eit fredeleg, velsigna liv i kloster. Lat oss vone og be om at dette også må vere slik det går med landet Sudan. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar