onsdag 2. februar 2011

Eit særs patetisk salsforsøk

Nokon har plukka vekk klistremerket som opplyser postvesenet om at eg ikkje er open for å motta all reklamen dei har med seg i bilen sin. Dette har gjort at eg for tida får store mengdar reklame. Eg brukar å hive denne rett i papirdunken, men ei samling med kupongar kom innepakka i plast. Eg tok dei derfor med meg inn og kom heldigvis i skade for å lese litt på dei. Eg seier heldigvis ikkje fordi eg fekk eit tilbod eg ikkje kunne seie nei til, men fordi eg fekk oppleve eit særs underhaldande salsforsøk.

Det byrjar så flott med eit bilete av eit vakkert lommeur. Overskrifta slår til og med fast at dette er eit "forsølvet lommeur". Då er det berre å ta fatt på lesinga.

"Skjem bort deg selv med dette unike forsølvede lommeuret for bare kr. 39,-" - For eit tilbod. Eit unikt lommeur. Noko som verkeleg stikk seg ut i mengda. Og det berre for 39 kroner. Og då er det i tillegg med sølv. Absurditeten i å leggje fram noko ein sel via kupongar i postkassa som "unikt" er artig nok om ein ikkje skal spe på med å seie at ein skjemmer seg bort med å bruke 39 kroner på dette. 39 kroner er mindre enn mange bruker på aviser om dagen. Ein skjemmer seg ikkje bort, men ein skjemmer seg kanskje ut?

Det heile vert betre. Det er ikkje grenser for kva dette uret som kostar kjøparen heile 39 kroner er: "Det forener kunst og teknikk på en utrolig måte og retter seg nøyaktig etter det berømte forbildet fra 1700-tallet. Et eksklusivt smykke til spesielle anledninger." For å byrje med det siste først. Dei fleste smykkene dei sel på H&M og Cubus kostar meir enn 39 kroner, så desse kjedene bør snarast sjå sitt snitt og endre marknadsføringa si til dei som er opptekne av eksklusive kunstsmykker. Dei er tydlegvis ikkje orienterte om kvar prisnivået på dei eksklusive smykka ligg.

Det er svært mogeleg at eg er litt rusten når det kjem til lommeurhistoria, men eg ser ikkje umiddelbart kva det "berømte forbildet fra 1700-tallet" skal vere. Ein forklaring kunne sikkert ha vore på sin plass, om slike ignorantar på smykke- og urmarknaden som meg skal kjøpe uret. Eller kan det kanskje vere at det berømte forbildet ikkje er verken berømt eller reelt? Uansett er dette eit røvarkjøp. For kun 39 kroner får ein ein utruleg sameining av kunst og teknikk. For verkeleg å kunne garantere for vener at dette er kunst og teknikk på eit sameiningsnivå verda stort sett ikkje har sett, freistar selgjaren også med at ein får med  "det tilhørende ekthetsbeviset i en elegant eske." Her er det altså ikkje noko å nøle med. Eit vaskeekte kvalitetsur, vakkert og eit eksklusivt smykke, lagd etter modellar frå 1700-talet, unikt og ein utruleg sameining av kunst og teknikk. Ein skulle kanskje tru dette kosta meg min førstefødde, ei nyre og eit tresifra tal timar i oppvasken, men nei: Alt dette får eg for kun 39 kroner!

Eg las sjølvsagt dette høgt for madammen, verda og eventuelle overvakarar. Då vi hadde ledd litt saman (Madammen og meg. Eg kan ikkje uttale meg om overvakarane.) snudde eg kupongen og det heile vart endå betre. På baksida står det å lese: "Ja takk, send meg det forsølvede lommeuret + dokumentasjon for bare kr 39,- inkl. porto sammen med de tre gavene. Deretter vil jeg cirka hver 4 uke vil (sic) motta et nytt lommeur til gratis gjennomsyn."  Her har ein akkurat reklamert for det mest fantastiske kvalitetsur med kunst og teknikk sameina i eit utruleg nivå, og så viser det seg at ein kvar fjerde veke reknar med at dei som "skjemmer seg vekk" og går til innkjøp av dette unike uret treng eit nytt eksklusivt ur i posten. Og når sant skal seiast er dette kanskje på sin plass? Dei har reklamert med at dette uret er unikt, forsølva, med ein fabelaktig sameining av kunst og teknikk og eksklusivt. Dei har aldri sagt at det er bra, haldbart eller strengt tatt at det faktisk går...

Eg er tilbøyeleg til å meine at dei som kjøper slike ting som dette fortener det produktet dei får. Ein får ikkje eit produkt som er nær denne skildringa sjølv om ein hiv på eit par nullar bak prisen, så å skulle få dette uret, pluss nokre juggel i gåve pluss porto som sikkert åleine er dyrare enn uret, er sjølvsagt alt for godt til å vere sant. Og er noko for godt til å vere sant, er det oftast verken godt eller sant. Men produsenten skal ha ros for eit prisverdig dårleg forsøk. Det er ikkje så mykje som eit lite hint av truverd i tilbodet.

1 kommentar:

Anonym sa...

Bestilte dessverre uret. Da jeg etter en del undersøkelser fant ut at dette var et abonnement, angra jeg meg dagen etter. Svarte på e-posten om mottatt bestilling at jeg annullerte min bestilling. Eter en uke har jeg ikke fått svar, selv ikke etter en purring. Ja, så dette er vel bare skikkelig svindel.

Legg inn en kommentar