torsdag 10. februar 2011

Tusen tegninger

Det sit langt inne å skryte av hip-hop, men Karpe Diem har laga ein song mange burde høyre og ta til seg bodskapen i. Songen går på det å vere ung og religiøs i dagens Norge. Dei to i gruppa er ein hindu og ein muslim, og songen er frå eit muslimsk utgangspunkt, då den er skreve av Magdi Ytreeide Abdelmaguid som er muslim. Videoen viser bilete frå sju gudshus frå ulike religionar, og poenget i teksten er at «Det går an å være ung og religiøs uten å være gæern. Men det er helt vanlige folk som drar på byen, så kan de dra i kirken eller moskeen eller tempelet dagen etter»

Eg har merka meg at dette er ein tekst som har appell inn i dei kristne ungdomsmiljøa eg har kontakt med, og eg vil tru at også ungdom i andre religiøse tradisjonar vil kjenne seg att i denne songen.

Noko av det eg sett særleg pris på med songen, bortsett frå at det er ein visuell vakker musikkvideo som er laga til den, er at den har i seg ein iboande respekt for ikkje berre sin eigen, men også andre religionar. «Det handler om å godta at noen har en mor som, og kanskje en far som, lærte dem noe annet om livet». Det vert ofte sagt at dei store forskjellane mellom unge i dag finn ein ikkje mellom til dømes kristne og muslimar, men mellom truande og ikkje-truande. Eg trur det er ein god del rett i dette, noko som til dømes gjev utslag i at mange kristne likar denne songen. Samstundes har ein alltid godt av å verte minna på at når ein vil ha respekt for si eiga tru skuldar ein andre å ha respekt for deira tru.

Chirag Patel, han andre i Karpe Diemm, seier dette om låta: «”Tusen tegninger” er en av, om ikke den, viktigste norske raplåta som er gitt ut noensinne. Ingen andre enn han kunne skrevet den, og den sier akkurat det som trenger å bli sagt om det å være ung og religiøs i dagens Norge..» Det kan godt vere han har rett i dette. Songen er i alle fall bra.

2 kommentarer:

Peter sa...

Godt innlegg. Intervjuet med Karpe Diem på VG nettTV: http://bit.ly/karpe

Øystein Skauge sa...

Visuelt vakkert. Veldig!
Ibuande respekt for andre religionar. Flott. Eigentleg sjølvsagt.
Samstundes kjem ein ikkje utanom at dette er ein balansegang på ei syltynn grense mot synkretisme. Er ikkje heilt sikker på at ein er på rett side av grensa.

Legg inn en kommentar