Viser innlegg med etiketten Islam. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Islam. Vis alle innlegg

fredag 26. oktober 2012

Den vanskelege forteljinga

Abraham og Isak.
Maleri av Adi Holzer.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag feirer muslimane id al-adha. Dette er ei markering der ein hyllar Ibrahim fordi han var villig til å ofre Ismail til Gud. Vi kristne kjenner forteljinga som forteljinga om Abraham og Isak. Vi les forteljinga slik vi finn henne i 1. Mosebok 22, 1-19:
Ei tid etter at dette hadde hendt, sette Gud Abraham på prøve. Han sa til han: «Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.» Då sa han: «Ta son din, den einaste, Isak, han som du elskar, og dra til landet Moria! Der skal du ofra han som brennoffer på eit av fjella, det som eg seier deg.» Tidleg neste morgon stod Abraham opp, leste på eselet sitt og tok med seg to av tenestegutane sine og Isak, son sin. Han kløyvde ved til brennofferet, og så gav han seg i veg til den staden Gud hadde sagt. Tredje dagen såg Abraham opp og fekk auge på staden i det fjerne. Då sa Abraham til tenestegutane: «Ver her med eselet. Eg og guten vil gå bort dit og tilbe, og så kjem vi tilbake til dykk.» Abraham tok offerveden og la han på Isak, son sin. Sjølv tok han elden og kniven i handa, og så gjekk dei saman, dei to. Då sa Isak til Abraham, far sin: «Du far!» Og han svara: «Ja, son min.» Han sa: «Sjå, her er elden og veden, men kvar er brennofferlammet?» Abraham svara: «Gud vil sjølv sjå seg ut eit brennofferlam, son min.» Og så gjekk dei saman, dei to. Då dei kom til den staden Gud hadde sagt, bygde Abraham eit altar der og la veden til rette. Så batt han Isak, son sin, og la han på altaret, oppå veden. Og Abraham rette ut handa og tok kniven for å slakta son sin. Men Herrens engel ropa til han frå himmelen og sa: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg!» Han sa: «Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du fryktar Gud, sidan du ikkje sparte din einaste son for meg.» Då Abraham såg opp, fekk han auge på ein vêr som hang fast etter horna i eit kratt rett bak han. Abraham gjekk bort, tok vêren og ofra han som brennoffer i staden for son sin. Abraham kalla den staden « Herren ser». Den dag i dag seier dei: «På fjellet der Herren lèt seg sjå.» Då ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen for andre gong og sa: «Eg sver ved meg sjølv, seier Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte din einaste son, vil eg velsigna deg rikt og gjera ætta di talrik som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Di ætt skal ta fiendens portar. Ved di ætt skal alle folkeslag på jorda velsigna seg fordi du høyrde på meg.» Så gjekk Abraham tilbake til tenestegutane sine. Dei drog av stad saman med han til Beer-Sjeba. Og Abraham vart buande der.
Dette er absolutt ei av dei vanskelegaste tekstane for kyrkja, for det er svært vanskeleg å sjå nytteverdien i det påbodet Abraham fekk frå Gud. Både for Abraham og Isak må dette ha vore ei foreferdeleg oppleving; for Abraham fordi han fekk beskjed om å drepe den einaste sonen sin, for Isak fordi han opplevde at faren ville drepe han. Dette er ei forteljing som kan verke svært skremande på alle, men særskild på born. Samstundes er det døme Abraham set verdt å tenkje over, ikkje berre med fordøming. For han er villig til å ofre alt for Gud. Dette er også noko som kan trekkjast fram, slik det verkar som muslimane gjer, sjølv om det er problematisk å gjere dette, då det han er villig til å gjere er å drepe nokon.

Kor vanskeleg denne forteljinga er, kom godt fram då biskopen i Møre nekta å godkjenne eit glasmaleri som viste denne forteljinga som skulle inn i Spjelkavik kyrkje for nokre år sidan.

Tenk om vi skulle hatt ei feiring sentrert rundt denne forteljinga i Den norske kyrkje. Det hadde blitt store diskusjonar! Eg vil absolutt ikkje løfte det fram som eit forslag, men kanskje vi kunne lære noko frå muslimane om at også slike tekstar er ein del av vår religion og noko vi må forhalde oss til i større grad enn vi gjer? Det er verken lett eller behageleg, men det kan kanskje vere verdt det? Kanskje kan vi lære noko av det? Eller er det ei betre løysing å heller snakke endå mindre om dette og fokusere meir på andre forteljingar som er lettare å sjå saman med det overbyggjande gudsbiletet vi har i kristendomen? Eg finn det i alle høve interessant at ei av to høgtider i islam er sentrert rundt ei forteljing vi i kyrkja har så store vanskar med å handtere.

Då gjenstår det kun å seie til eventuelle muslimske lesarar: Id mubarak!

torsdag 28. april 2011

Kven terroriserer eigentleg?

VG og Vårt Land (og sikkert andre) melder i dag at islamistar står bak ein minimal del av terroråtaka mot Europa. Det viser seg at islamistar stod bak kun "fem av 940 planlagte, gjennomførte eller avslørte terroraksjonene i Europa de siste tre årene". Samstundes er media fulle av snakk om den enorme terrortrusselen vi lever med. Det kan kvar dag verke som om det berre er flaks om vi ikkje vert sprengde i filler før dagen er over.

Eg har tidlegare vore inne på dette her på bloggen, og peika då på ein del seperatistgrupper som har stått bak enorme mengder terror i Europa dei siste tiåra. Det viser seg at desse gruppene, eller liknande grupper, framleis utfører ein del slike aksjonar, men desse er stort sett langt frå oss. Det er stort sett dei områda som vart ramma på 70-talet som framleis vert ramma. Hellas, Spania, Frankrike osb. Likevel les vi nesten dagleg i avisene våre om trusselen som heng over oss.

Sjølv om det har vore åtak i Danmark og Sverige, er hovudregelen at terroråtak ikkje skjer i Norden.

Ein kan spørje seg kven som verkeleg terroriserer? Er det terroristane eller er det styresmaktene og media som konstruerar eit bilete av eit enormt trugsmål som faktisk ikkje er her? Målet med terror er jo å skremme folk til å gjere slik ein ynskjer. Det kan sjølvsagt skje eit åtak også i Norge, men det tjener ikkje til noko som helst å gå og vente på dette medan ein bit neglar i frykt kvar gong ein ser ein muslim. Samstundes som ein konstruerer dette falske biletet av ein terrorsituasjon som ikkje eksisterar, opplever vi at ein innfører lover under påskot av å kjempe mot dette trugsmålet. Kan ein sjå for seg Datalagringsdirektivet utan eit tiår med intensiv fryktpropaganda på førehand? Neppe.

Europeiske muslimar er ikkje eit trugsmål mot oss! Europeiske muslimar er våre medmenneske, våre medborgarar. Å konstruere eit fiendebilete der ein ser med frykt på ei heil gruppe i samfunnet vårt er ekstremt destruktivt både for dei personane som vert utsett for dette og for samfunnet som heilskap.

Franklin D. Roosevelt sa det presist: "the only thing we have to fear is fear itself".

fredag 25. februar 2011

Across the river

Eg kom over den nydlege plata Dialogue av Sondre Bratland og Javed Bashir i dag. Det er ei flott plate der Sondre Bratland syng kristne norske folketonar og Javed Bashir syng sufitekstar. Dei syng dei som ein dialog, derav namnet på plata, der dei syng til kvarandre kva dei ulike religionane seier om forskjellige emne.

I Across the river er det døden det dreier seg om. Bashir har laga melodien til ein tekst av sufidiktaren Shah Hussain som levde i Punjab på 1500-talet. Diktaren snakkar om at han skal over elva til dødsriket, men slår fast at "I know the true Lord. I will not die but reunite with Allah." Bratland syng sangen "For Guds folk er hvilen tilbake" som mange vil kjenne frå Sangboken og han slår på sin side fast at "For Guds folk er hvilen tilbake i himmelens salige hjem, bak trengselens skyggefulle dage en hviledag venter på dem."

Ein kan fort skulde eit prosjekt som dette for synkretisme, utan at eg er sikker på om det er ei skulding som er riktig. Eg vil heller sjå på det som to religionar som praktiserast samstundes av ulike folk. Uansett kva ein vil meine om innhaldet kjem ein ikkje vekk frå at det musikalske er nydeleg. Lytt songen Across the river, som også er på plata, og nyt!


Trykk i ruta om du ikkje ser filmen. Han kan dukke opp då.

torsdag 10. februar 2011

Tusen tegninger

Det sit langt inne å skryte av hip-hop, men Karpe Diem har laga ein song mange burde høyre og ta til seg bodskapen i. Songen går på det å vere ung og religiøs i dagens Norge. Dei to i gruppa er ein hindu og ein muslim, og songen er frå eit muslimsk utgangspunkt, då den er skreve av Magdi Ytreeide Abdelmaguid som er muslim. Videoen viser bilete frå sju gudshus frå ulike religionar, og poenget i teksten er at «Det går an å være ung og religiøs uten å være gæern. Men det er helt vanlige folk som drar på byen, så kan de dra i kirken eller moskeen eller tempelet dagen etter»

Eg har merka meg at dette er ein tekst som har appell inn i dei kristne ungdomsmiljøa eg har kontakt med, og eg vil tru at også ungdom i andre religiøse tradisjonar vil kjenne seg att i denne songen.

Noko av det eg sett særleg pris på med songen, bortsett frå at det er ein visuell vakker musikkvideo som er laga til den, er at den har i seg ein iboande respekt for ikkje berre sin eigen, men også andre religionar. «Det handler om å godta at noen har en mor som, og kanskje en far som, lærte dem noe annet om livet». Det vert ofte sagt at dei store forskjellane mellom unge i dag finn ein ikkje mellom til dømes kristne og muslimar, men mellom truande og ikkje-truande. Eg trur det er ein god del rett i dette, noko som til dømes gjev utslag i at mange kristne likar denne songen. Samstundes har ein alltid godt av å verte minna på at når ein vil ha respekt for si eiga tru skuldar ein andre å ha respekt for deira tru.

Chirag Patel, han andre i Karpe Diemm, seier dette om låta: «”Tusen tegninger” er en av, om ikke den, viktigste norske raplåta som er gitt ut noensinne. Ingen andre enn han kunne skrevet den, og den sier akkurat det som trenger å bli sagt om det å være ung og religiøs i dagens Norge..» Det kan godt vere han har rett i dette. Songen er i alle fall bra.

lørdag 1. januar 2011

Lat oss hugse kyrkja i Alexandria

2011 starta med ein tragedie for Kyrkja. 21 menneske vart drepne då ein koptisk kyrkjelyd i Egypt vart ramma av ei bombe.

Eg har her på bloggen tidlegare vore innom denne kyrkja som i lengre tid har vore utsett for store prøvingar. Eg legg også no med ein liten filmsnutt som viser noko av den flotte i den koptiske tradisjonen.

Pave Johannes Paul II skreiv ei bøn som høver godt i dag. (Også det ei bøn eg har vore innom på bloggen tidlegare.)

Du, skapar av natur og menneske, du skapar av sanning og venleik, eg ber deg:
Høyr mi stemme. Det er stemma til ofra, ofra for krig og vald, mellom menneske og mellom nasjonar.
Høyr mi stemme. Det er stemma til alle borna, dei som lid og vil lida når menneske satsar på våpen og krig.
Høyr mi stemme, når eg ber deg om å gje alle menneskehjarta freds visdom, rettferds styrke og fellesskaps glede.
Høyr mi stemme. Gje innsikt og kraft, så vi alltid kan svara på hat med kjærleik, svara på urettferd med rettferd, svara på naud med hjelp, svara på krig med fred.
Gud, høyr mi stemme, og gje verda fred, din evige fred.




Ellers er det berre å seie seg einig i Olav Fykse Tveit sine ord: «Å angripe mennesker som er samlet til bønn er den ynkeligste form for angrep man kan tenke seg.»

Angrepte på kyrkja i Alexandria er eit angrep på heile Kyrkja, slik angrepa på kyrkjer i Irak og andre stader har vore det. Når eitt lem lir, lir alle. Men det er viktig å hugse at sjølv om dette er eit angrep på alle kristne, er det ikkje eit angrep frå alle muslimar. Vi kan ikkje la ein liten minoritet få styre vårt bilete av ein religion som omfattar ein milliard menneske. Terror som dette rammar også alle dei uskuldige muslimane gjennom at dei vert stilte til ansvar for noko dei ikkje har noko som helst med. Dette er også Egypt sin president inne på når han seier «Hele Egypt er angrepet. Blind terrorisme skiller ikke mellom koptere og muslimer»


Bøna er henta frå Den store bøneboka. 365 bøner frå ulike tradisjonar. Genesis forlag, 1999. Side 242

fredag 31. desember 2010

Religionsfridomen vert igjen truga


Kvinner med niqab i Tyrkia.
Bilete fra Wikimedia Commons.
Utan at eg skal ha nokon meining om bruk av niqab og burka, den debatten er det muslimane sjølv som må ta, vil eg seie at eg vert trist når eg ser kva leiande politikarar for to av dei største partia i Norge kan få seg til å seie. Eg skulle ønske eg kunne seie at eg vart sjokkert, men begge partia har tidlegare vist at dei ikkje respekterar ein grunnleggjande menneskerett som religionsfridomen.

Ap sin integreringspolitiske talskvinne Lise Christoffersen tar på seg ein overdommarfunksjon og seier rett ut at ho ikkje trur på dei som vel å gå med niqab: "Jeg er tvilende til at noen egentlig ønsker å ha på seg dette. Jeg tror de er utsatt for press og religiøs indoktrinering". Ho trur altså ikkje dei vil, og om dei faktisk vil, er det på grunn av religiøs indoktrinering. Motiva folk har for å kle seg i dei religiøse plagga dei vel, bør vere opp til personane sjølve å vurdere, ikkje opp til politikarar som står på utsida og har som grunnhaldning at niqab ikkje kan diskuterast som eit klesplagg, men som "et undertrykkingsmiddel". Det bør det vere opp til dei som kler seg i det å vurdere. Uansett bør det ringe nokre alarmbjeller hos Christoffersen om ho ser på det som eit utslag av "religiøs indoktrinering". Då er det forbodet ho ynskjer eit alvorleg inngrep i desse kvinnene sin religionsfridom.

Når ho så går vidare til å seie at ei kvinne, den dagen ho "velger å ikle seg burka, sier hun at hun ikke ønsker å delta i det norske samfunnet" stemmer ikkje dette. Om det er nokon som ynskjer å melde kvinna ut av samfunnet er må det vere Christoffersen som ikkje ein gong viser kvinna nok respekt til å tru på henne om ho seier at ho har tatt eit eige val basert på sin religion.


To karmelittnonner i Brasil.
Bilete frå Wikimedia Commons.
Christian Tybbring-Gjedde, ein mann som gang på gang viser ein oppsiktsvekkande arrogant og respektlaus haldning til muslimar kjem nok ein gong med ein håplaus analyse: "Det betyr at islamiseringen av Norge har tatt en ny vending. For et par år siden snakket vi i Frp om snikislamisering, men nå skjer det i full åpenhet". At han får det til å vere "islamisering" av samfunnet at nokre få kvinner vel å kle seg etter sin religiøse overtyding heng ikkje på greip. Er det "katolisering" av samfunnet når katolske nonner går rundt i byane våre med sine ganske så dekkande ordensdraktar? Eller "ortodoksifisering" når ortodokse kvinner tar på seg skaut for å be? Eller "sikhifisering" når sikhar tar på seg ein turban? At vi har ein kyrkjeleg tradisjon som er ganske så blotta for konkrete manifestasjonar i samfunnet gjer ikkje at vi treng å kjenne oss truga av dei tradisjonane som har slike utslag. Dei er like lite trugande for oss som vår mangel på slike symbol er for dei.

Heldigvis er det også krefter i Ap som har prinsippa i orden. Gerd Kristiansen seier: "Det er flott at initiativet kommer fra kvinnene selv og at de selv bidrar til debatten om hvordan de best kan integreres. Ingenting er bedre enn at kvinner selv ønsker å gjøre noe med at niqab-bruk oppleves problematisk" og "Vi er et flerkulturelt samfunn. Det må vi bare akseptere. Jeg forstår ikke dem som velger å bruke niqab eller burka, men jeg aksepterer at de gjør det".

Eg har nok større forståing for valet dei gjer enn Kristiansen, men eg vil seie meg samd med hennar siste kommentar. Vi er eit flerkulturelt samfunn, og då må vi akseptere at ikkje alle folk gjer det same som oss sjølve.

lørdag 4. desember 2010

Avisa Sunnhordland på villspor

Gjennom spalten «Å Vestland» i Bergens Tidende las eg på torsdag denne veka følgjande sitat frå ein leiarartikkel i Sunnhordland:
Me respekterer at andre har sitt religiøse liv, men me er slett ikkje samde i at alle krav som kjem frå den muslimske leiren skal innfriast. Det kan ikkje vera slik at dei som av ulike grunnar flyktar frå sitt eige land for å få eit betre liv, skal koma med krav som vil føra til store omleggingar i eit etablert samfunn, med sin eigen sterke kultur. Det er dei som kjem hit som må innretta seg etter våre reglar, ikkje omvendt.
Bergens Tidende, 2. des 2010. Del 1, side 2. 
Eg veit ikkje kven som skriv leiarartiklane i Sunnhordland, men personen som skreiv dette, bør verkeleg ta ein ny runde med kva prinsipp som vert fronta gjennom avisa. Dette er djupt udemokratisk, det gjer skil på menneskeverdet til folk og det er tankar som er umogelege å gjennomføre, og som til slutt vil kollapse i sin eige galskap.

For det første er det djupt udemokratisk at leiarskribenten vil ta frå dei som kjem til Norge mogelegheiten til å påverke vårt samfunn. Det er «dei» som skal føye seg etter «oss». «Vi» har altså retten til å definere korleis «dei» skal ha det, og «dei» må berre finne seg i dette. Er «dei» ueingige, har «dei» ikkje noko dei skulle ha sagt, «dei» er jo her som ein slags form for permanente gjestart. Det er djupt udemokratisk korleis leiarskribenten vil nekte desse folka å ta del i samfunnsdebatten på lik linje med alle andre folk. Dei har, som alle andre grupper, full rett til å ta opp saker og be om at ting skal tilpassast dei. Det gjer dei heldigvis også, på same måte som alle andre grupper i samfunnet frontar sine sakar. Dei som er borgarar i landet er alle like mykje eit medlem av vårt samfunn, og då har alle like mykje rett til å påvirke samfunnet i den leia dei er interessert i å føre det. Om det er ei lei majoriteten av samfunnet ikkje vil, fungerer demokratiet slik at vi ikkje går dit, men vi tilpassar ofte samfunnet til minoritetsgrupper med gode argument. Leiarskribenten vil ta vekk desse grunnleggjande, demokratiske rettane til desse folka når det vert sagt at «dei» skal inrette seg etter «oss». Den demokratiske, likeverdige måten å gjere dette på, er at alle innrettar seg etter alle. Dei folka som er i eit samfunn, pregar samfunnet og ingen har rett til å seie at «vi var her først, så det er vi som bestemmer.» Det er det «dei store gutane» i femte klasse på skulen seier til dei små i første. Då kallast det mobbing. No seier Sunnhordland det same.

For det andre gjer ein skil på menneskeverdet når ein deler folk inn i rangerte grupper som det vert gjort her. «Dei» høyrer ikkje til her, men det gjer «vi», så då bestemmer «vi». Dette er konklusjonen om ein følgjer logikken i argumentet til Sunnhordland. Alle vil sjå at slike tankar ikkje er noko vi vil ha i vårt samfunn. Vi vil ha eit samfunn der alle er like mykje verdt, uavhengig av etnisk bakgrunn, religion, kor lenge dei har budd i Norge og likande. Vi kan ikkje seie at nokon skal ha fleire grunnleggjande rettar enn andre. Retten til å vere med å bestemme i landet ein bur i, vert slått fast mellom anna i §21 i Menneskerettane, og i §2 vert det slått fast med klare ord at:

Enhver har krav på alle de rettigheter og friheter som er nevnt i denne erklæring, uten forskjell av noen art, f. eks. på grunn av rase, farge, kjønn, språk, religion, politisk eller annen oppfatning, nasjonal eller sosial opprinnelse, eiendom, fødsel eller annet forhold.
Sunnhordland bryr seg ikkje nemneverdig med dette. Dei slår fast at  «Det er dei som kjem hit som må innretta seg etter våre reglar, ikkje omvendt.»

Den innebygde galskapen i det Sunnhordland forfektar vert klar om ein ser litt nærare på det dei seier. Dei snakkar i utgangspunktet om krav frå «den muslimske leiren», før dei slår fast at « dei som kjem hit som må innretta seg etter våre reglar». Korleis meiner Sunnhordland at dette skiljet mellom «dei som kjem hit» og oss andre skal definerast? Er det slik at det er muslimane som gruppe som er «dei som kjem hit» eller er det berre dei muslimane som er fødde i andre land? I så fall, er det greit om muslimar fødde i Norge frontar krav på vegne av gruppa, eller er det berre dei gruppene som finn seg innanfor det vi kan definere som «våre reglar» som kan kome med krav til storsamfunnet? Kva er i så fall dei gruppene som er innanfor? Og korleis kjem ein dit? Hanseatane er dei norske nok? Eller dei danske adelsfamiliane? Tredjegenerasjonsinnvandrarar? Eller kva med kristne innvandrarar? Og vil ein i så fall seie at kristne polakkar har meir rett til å «koma med krav som vil føra til store omleggingar» enn kristne kenyanarar, sidan dei trass alt ligg nærare «våre reglar» kulturelt sett? Ein hamnar i eit uføre der ein til slutt ikkje kan gje nokon rett til å freiste å forme samfunnet vårt.

Kategorisering i «oss» og «dei» skapar dessutan fiendebilete og hidrar både integrering og kommunikasjon. Det stengjer nokon folk ute frå det gode selskap, og byggjer murar mellom grupper. Å setje grupper i samfunnet opp mot kvarandre, slik Sunnhordland gjer, er oppskrifta på å destabilisere samfunnet gjennom å skape mistru, frykt og dårleg kommunikasjonsklima. (Det ironiske er at dei gjer dette medan dei kommenterer eit foredrag av Kjell Magne Bondevik, som snakkar om korleis ein kan byggje fred og kommunikasjon, og slår fast at «me er langt på veg samde med Bondevik».)

Demokratiet sitt vesen er slik at dei som er medlemmar av eit samfunn saman formar reglane og rammene for samfunnet. Når demografien endrar seg, vil også rammene for samfunnet endre seg. Det er heilt naturleg, ja det er eigentleg ynskjeleg i eit demokrati. Når vi får fleire og fleire muslimar i Norge, skal dei ha akkurat dei same rettane som alle andre til å fronte sine saker og til å forandre samfunnet dei er ein del av. Det skulle berre mangle. 

Sunnhordland er diverre ikkje åleine i å fronte slike meiningar. Dei vert ofte fronta i demokratiet sitt namn, sjølv om dei i sitt grunnleggjande vesen er udemokratiske og strir mot grunnleggjande menneskerettar.

torsdag 1. juli 2010

A is for Allah

Yusuf Islam, betre kjent under sitt gamle artistnamn Cat Stevens, har i løpet av det siste året vorte ein av mine favorittartistar. Eg har framleis ikkje kome meg gjennom all musikken hans, sidan eg ikkje oppdaga han før forrige sommar, men er framleis i utforskingsfasen. Ei av platene eg ikkje har høyrt er barneplata A is for Allah som han gav ut i 2000. Plata laga han etter at dattera hans var født, då han ville gje henne, og andre born, ei god opplæring i islam, samstundes som han ville lære henne det arabiske alfabetet. Ein av songane på denne plata er denne songen som heiter det same som albumet, A is for Allah. Utan å ha høyrt meir enn denne songen, verkar den som ei slags oppsummering av resten av plata.

Dette er ein fin song uansett, men pedagogikken i den er vidunderleg. Teksten på songen er ein katekisme i seg sjølve, der den går gjennom dei viktige punkta i islamsk lære og formulerer dei på vers og med enkle huskereglar knytta til alfabetet. (Teksten kan lesast på islamiclyrics.net, der den også er illustrert med dei aktuelle arabiske bokstavane. Eit lynkurs i arabisk og islam, altså.) Melodien skal vere i ein muslimsk musikktradisjon som kallast nasheed, og blir brukt for undervisning i islam.

Nokon av dei musikalske kreftene i kyrkja burde kjenne inspirasjonen frå Yusuf Islam og lage ein tilsvarande musikk-katekisme som dette. Ein enkel tekst som går gjennom hovudpunkta i kristen lære, gjerne knytta opp mot knaggar som alfabetet eller likande, kombinert med ein enkel og fengande melodi. Det er eit sikkert vinnarlag. (Kanhende eksisterar det slike gode songar, men eg kjem ikkje på nokon.)

Fram til nokon lagar ein slik song, får vi nøye oss med Yusuf Islam. Høyr, nyt og lær.



Biletet er henta frå Wikimedia Commons.