torsdag 28. april 2011

Kven terroriserer eigentleg?

VG og Vårt Land (og sikkert andre) melder i dag at islamistar står bak ein minimal del av terroråtaka mot Europa. Det viser seg at islamistar stod bak kun "fem av 940 planlagte, gjennomførte eller avslørte terroraksjonene i Europa de siste tre årene". Samstundes er media fulle av snakk om den enorme terrortrusselen vi lever med. Det kan kvar dag verke som om det berre er flaks om vi ikkje vert sprengde i filler før dagen er over.

Eg har tidlegare vore inne på dette her på bloggen, og peika då på ein del seperatistgrupper som har stått bak enorme mengder terror i Europa dei siste tiåra. Det viser seg at desse gruppene, eller liknande grupper, framleis utfører ein del slike aksjonar, men desse er stort sett langt frå oss. Det er stort sett dei områda som vart ramma på 70-talet som framleis vert ramma. Hellas, Spania, Frankrike osb. Likevel les vi nesten dagleg i avisene våre om trusselen som heng over oss.

Sjølv om det har vore åtak i Danmark og Sverige, er hovudregelen at terroråtak ikkje skjer i Norden.

Ein kan spørje seg kven som verkeleg terroriserer? Er det terroristane eller er det styresmaktene og media som konstruerar eit bilete av eit enormt trugsmål som faktisk ikkje er her? Målet med terror er jo å skremme folk til å gjere slik ein ynskjer. Det kan sjølvsagt skje eit åtak også i Norge, men det tjener ikkje til noko som helst å gå og vente på dette medan ein bit neglar i frykt kvar gong ein ser ein muslim. Samstundes som ein konstruerer dette falske biletet av ein terrorsituasjon som ikkje eksisterar, opplever vi at ein innfører lover under påskot av å kjempe mot dette trugsmålet. Kan ein sjå for seg Datalagringsdirektivet utan eit tiår med intensiv fryktpropaganda på førehand? Neppe.

Europeiske muslimar er ikkje eit trugsmål mot oss! Europeiske muslimar er våre medmenneske, våre medborgarar. Å konstruere eit fiendebilete der ein ser med frykt på ei heil gruppe i samfunnet vårt er ekstremt destruktivt både for dei personane som vert utsett for dette og for samfunnet som heilskap.

Franklin D. Roosevelt sa det presist: "the only thing we have to fear is fear itself".

5 kommentarer:

Steinar Sneås Skauge sa...

Tariq Ramadan er ein interessant professor som mange kan ha godt av å lære av. Alle bør til dømes lese Europeisk islam – Å være muslim i Vesten. Den seier ikkje berre noko om korleis ein kan/bør leve som muslim i Vesten i dag, men kan også lesast som gode råd for dagens kristne. Hitchens har eg derimot ikkje noko til overs for.

Denne bloggposten handlar ikkje om nokon av dei eller den diskusjonen dei har på filmen, og derfor vil eg heller ikkje late ein diskusjon etter bloggposten gå på det dei diskuterar her. Saken er interssant i seg sjølv, men bloggposten, og dermed diskusjonen, handlar om at det er svært lite islamistisk terror i Europa, trass i det mediebiletet vil ha oss til å tru.

Som vanleg når eg har oppe denne tematikken på bloggen har det kome inn anonyme kommentarar som forfektar ein religions- og kulturkrig i Europa. Slike kommentarar, anonyme eller under namn, vil bli sletta. Bloggen min skal ikkje brukast som eit talerøyr for dei som vil spreie frykt og hat mot ei religiøs gruppe.

Hans-Petter sa...

Bruce Schneier hadde en fin prat på TED.com ang sikkerhet. Et av hans hovedpoeng er at sikkerhet er to forskjellige konsepter i ett ord. Sikkerhet handler både om følelsen av å være trygg og sikkerhet handler om risikoen for at noen uønsket skal skje. De to trenger ikke nødvendigvis henge sammen, men kan føle seg ganske trygg samtidig som riskioen for at noe uønsket skal skje er høy, eller motsatt, begge deler eller ingen av delene.

Ett av hovedpoengene hans er at ting man kan lese om i avisene og se på nyhetene, det er ikke ting man trenger å uroe seg over. Avisene og nyhetene tar kun opp ting som nesten aldri skjer. Vold i hjemmet, bilulykker, ulykker på kjøkkenet, denslags er det veldig høy risiko for og derfor skriver ikke avisene om dem.

Islamister som utfører terror er mye i avisene, ergo skjer det ikke så ofte.

.T sa...

CELINE'S FIRST LAW:

National Security is the chief cause of national insecurity.

http://duhexenhase.blogspot.com/2010/02/celines-laws.html

BHalland sa...

Magnus Ranstorp: Alla vansterdebattorer har en tendens att dra fram Europol:s statistik kring terrorhotet i Europa (finns pa natet och heter TE-SAT rapporten) som bevis for att islamistiska terrorismen ar overdriven. Tva fel med detta: Storbrittanien rapporterar inte in statistik (och de har over 235 terror domda; de senaste 10 aren har de haft 20 planerade terrordad (inkl. London 2005) varav 8 var riktigt allvarliga och 6 av dessa hade kopplingar till Pakistan) och statistiken visar inte avvarjda dad (eftersom man ocka gar in polisiart tidigare). Denna typ av argumentation ar totalt missvisande och tyvarr dras den ofta upp i debatten att det inte finns nagot terrorhot. 11:13, 13 december 2010"

Steinar Sneås Skauge sa...

Jo,Storbritannia rapporterer inn til denne rapporten, men på grunn av ulike kriteria er ikkje tala med i talmaterialet. «Although the UK provided Europol with quantitative data regarding terrorist attacks and qualitative data regarding terrorist activities, the quantitative data is not included in the figures on attacks because of differences in the statistical criteria applied.»

I det som vert omtala som kvalitativt materiale er derimot Storbritannia med, og der er det omtale av islamistisk aktivitet, (t.d side 17 og 18 i TE-SAT 2010) seperatistaktivitet i Nord-Irland, (side 27) anarkistisk ekstremisme (side 35) høgreekstrem ekstremisme, (side 37) anna nasjonalistisk ekstremisme (side 38) og økoterrorisme (side 40 og 41). «Skobombaren» som kom frå ein britisk flyplass vert omtala på side 43, i den generelle oppsummeringa av trendane.

Britiske trender er altså med når Europol vurderer og kommenterer dei tala dei ulike landa har meldt inn, sjølv om ikkje dei britiske tala umiddelbart lar seg settje opp i same tabellar som dei andre landa sine tal. Det er ingen grunn til å hevde at ikkje det Europol seier stemmer.

Om «vansterdebattorer har en tendens att dra fram Europol:s statistik kring terrorhotet i Europa» har eg inga meining, men om så er, er det eit godt trekk. Kven er betre til å føre statistikk over dette enn Europol? At ikkje tala stemmer for dei som ynskjer å framstille Islam som den store, stygge ulven seier ikkje at Europol sin statistikk er feil, men heller at biletet av Islam som eit trugsmål må revurderast.

Legg inn en kommentar