lørdag 16. april 2011

Fin fyr, men ein norsk helgen?

Magnus Orknøyjarl.
Biletet er tatt av E.Dreier
og ligg på Commons.
Norge renn ikkje akkurat over av folk som vert rekna som heilage av Kyrkja. Dei vi har er mellom anna ein krigarkonge i Olav den heilage, ei prinsesse som nok ikkje er ein historisk person i Sunniva og ein munk vi ikkje kjenner så godt i Torfinn. Så har vi Hans Nielsen Hauge som vert minna av Evangelical Lutheran Church of America og Missourisynoden i USA. Vi har også nokre folk som Petter Dass, Eivind Berggrav og Lars Olsen Skrefsrud som nok kunne ha hatt eit meir verdsett minne om i stod i ein annan tradisjon.

Kanskje det er derfor vi reknar Magnus Orknøyjarl, som har minnedag i dag, for ein norsk helgen? Resten av verda ser visst på han som skotsk, sjølv om han rett nok levde i ei tid då Orknøyane var norsk.

Magnus vart født på Orknøyane i 1076 som son av ein norsk høvding. Ettersom han vart eldre hamna han i konflikt med søskenbarnet sitt, Håkon, som vart sendt til Norge for å skape ro på Orknøyane. I Norge knytta han band til Olav Kyrre og Magnus III Berrføtt, og fekk med seg kongen på å vinne kontroll over Orknøyane. Magnus Berføtt tok øyane og sette sonen sin som herskar der, medan vår Magnus måtte bli med søskenbarnet Håkon og bror sin i fylgjet til kongen.

Det vert sagt at han kjempa som dei andre i kampane på Orknøyane, men då han måtte dra på viking til Skotland og England saman med kongen ville han ikkje kjempe på same måte. Han sa at han ikkje ville slåst mot nokon han ikkje hadde noko uavklara med, og medan dei andre gjekk i land, heldt han seg i skipet og bad tidebøn.

Dette gjorde sjølvsagt at kongen og Magnus ikkje gjekk så godt saman, og ved høve hoppa Magnus over borde og søkte tilflukt hjå den skotske kongen Edgar den fredlege. Hjå Edgar vart den religøse krisa han hadde vore i på båten djupare, og han fekk også selskap som kunne lede han i kristentru. Han angra djupt på det han hadde gjort i ungdomen, og levde eit svært fromt liv.

I Skotland gifta han seg også. Ho han gifta seg med veit vi lite om, men ho heitte Ingarth. Desse to lova at dei skulle leve saman som bror og søster, og levde kyske heile livet.

I 1103 døydde Magnus Barfot, og sonen hans som då var på Orknøyane, drog til Norge for å verte konge. Håkon vart då gjort til jarl over heile Orknøyane. Magnus drog då frå Skotland til Orknøyane og gjorde krav på å verte jarl for halvparten av øyane. Dette var populært mellom bøndene der, og Håkon såg etterkvart at han måtte gje Magnus det han krevde, under visse krav.

Det var no fred på Orknøyane ei stund. Magnus styrte etter ein målestokk han fann i trua si. Han var hard mot valdsmenn og liknande, og freista å vere god og hjelpsam mot dei fattige. Samstundes var han hard mot stormennene som framleis drog på viking, noko som gav han uvenner mellom dei. Desse stormennene stilte seg på side med Håkon, og tilhøva vart etterkvart umogelege for Magnus.

Skjærtorsdag 1115 var det avtalt at dei to jarlane skulle møtast for å kome fram til ein avtale for å skape ro på øyane. Magnus møtte opp med så mange folk som avtalt, medan Håkon hadde med seg ein stor hær. Magnus gav beskjed om at dei ikkjeskulle kjempe, og mesteparten av hans menn drog frå staden. Så gjekk han inn i ei kyrkje, der han våka og bad heile natta, før han feira messe på langfredag. Han gjekk så ut for å møte Håkon.

Magnuskatedralen i Kirkwall.
Biletet er frå Commons.
I møte med Håkon tilbaud Magnus seg å dra på pilegrimsferd for å gjere bot for syndene til begge to. Dette vart avslått, og heller ikkje eit tilbod om å dra til Skotland fall i god jord. Magnus foreslo då at Håkon skulle kappe av han kroppsdelar eller blinde han, slik at han i alle fall ikkje fekk liv på samvetet. Håkon godtok dette, medan ein av mennene hans tok til orde og sa at ein av dei måtte døy for å skape ro på øyane. Håkon beordra då at Magnus skulle drepast. Magnus knela ned og bad for dei som drap han og velsigna sverdet som skulle halshogge han. 16. april 1115 vart han drepen med to hogg.

Liket hans vart gravlagt i Kristkirken i Birsay, og det vart snart eit pilegrimsmål. Han fekk raskt ry som ein heilag mann, og vart den viktigaste helgenen nord på dei britiske øyane. Liket hans må ha blitt flytta litt rundt, og ligg no mest sansynleg i Magnuskatedralen i Kirkwall. Han vart offisielt heilagkåra i 1898, og er med det den eianste norske helgenen som har blitt offisielt heilagkåra. Om han då er norsk...

Slik ser etiketten ut.
Biletet er henta frå destilleriet.
Eg vil kome med ein sjeldan produktomtale på St. Isidors minne. Bloggen er ikkje i ferd med å verte rosa, og eg får nok ikkje sponsorpengar for dette, men det er verdt å nemne at St. Magnus ligg framme i dagens kultur også. I september 2010 kom Orknøyane sitt eige destilleri, Highland Park, med whiskyen Saint Magnus, ein svindyr affære med heile 55% alkohol. Whiskyen har godgjort seg i 12 år, og dei har berre tappa rundt 12000 flasker av dette. Eg skulle gjerne slått kloa i ei av desse flaskene, for kva er betre enn å nyte det som mest sannsynleg er ein nydeleg whisky og samstundes minnast ein mann som heller ville døy enn å drepe andre. Highland Park skriv dette om Magnus: «Saint Magnus was a man of peace, contemplation and scholarly learning; spiritual intensity is more a feature of Magnus’ Saga than violence and cruelty. It is a life story of Christian devotion and forgiveness, qualities that are not usually associated with the Vikings, and includes the healing of the sick, crippled, blind and insane.»

Ein kan sjølvsagt sjå på namnet og hyllesten til Magnus som eit pr-triks frå destilleriet, men det fins verre ting ein kan minne oss om for å selgje eit produkt enn «Christian devotion and forgiveness».

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar