lørdag 9. april 2011

Phil Ochs

I dag er det dødsdagen til Phil Ochs, ein av dei store visesongarane. Phil Ochs skreiv protestsongar rundt tematikk som Vietnamkrigen, borgarrettar og arbeidarar sine rettar. Tekstane hans var humoristiske, skarpe, treffsikre og ofte fantastisk gode.

Han gav ut nokre platar, men som så mange andre musikarar var den mentale helsa skral og vart verre og verre utover på 70-talet, før han tok sitt eige liv i 1976.

Phil Ochs og Bob Dylan var vener i byrjinga på deira respektive karrierer. Dei hadde ein form for venskapeleg rivalisering, der det vart sagt at Ochs på dette stadiet var betre enn Dylan. Tenk korleis karriera til Ochs kunne ha gått om han hadde vore frisk!

I just can't keep up with Phil. And he just keeps getting better and better and better.
Bob Dylan, 1965
Eg har tidelegare skreve ein bloggpost om ein av dei andre viseheltane mine, Victor Jara, der eg siterte ei skildring av korleis Ochs og Jara traff kvarandre i Chile og song saman. Av alle songstunder i historia er dette ei av dei eg helst skulle ha vore på!

For å minnast denne fabelaktige musikaren og poeten legg eg ved ein video som viser Phil Ochs spele det som på mange måtar vart signatursongen hans, I Ain't Marching Anymore, ein protestsong som handlar om den amerikanske trangen til å gå til krig rundt omkring i verda. Den vart skreve i samband med Vietnamkrigen, men fortel historia om korleis ein ung soldat må marsjere ut for å døy i ei rekkje med krigar amerikanerane har vore med i sidan nasjonen vart grunna. Songen er flott, teksten er flott, moralen er flott, men dei historiske sanningane er fæle.

[I Ain't Marching Anymore] borders between pacifism and treason, combining the best qualities of both.
Phil Ochs skildrar teksten i plateomslaget.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar