lørdag 4. desember 2010

Avisa Sunnhordland på villspor

Gjennom spalten «Å Vestland» i Bergens Tidende las eg på torsdag denne veka følgjande sitat frå ein leiarartikkel i Sunnhordland:
Me respekterer at andre har sitt religiøse liv, men me er slett ikkje samde i at alle krav som kjem frå den muslimske leiren skal innfriast. Det kan ikkje vera slik at dei som av ulike grunnar flyktar frå sitt eige land for å få eit betre liv, skal koma med krav som vil føra til store omleggingar i eit etablert samfunn, med sin eigen sterke kultur. Det er dei som kjem hit som må innretta seg etter våre reglar, ikkje omvendt.
Bergens Tidende, 2. des 2010. Del 1, side 2. 
Eg veit ikkje kven som skriv leiarartiklane i Sunnhordland, men personen som skreiv dette, bør verkeleg ta ein ny runde med kva prinsipp som vert fronta gjennom avisa. Dette er djupt udemokratisk, det gjer skil på menneskeverdet til folk og det er tankar som er umogelege å gjennomføre, og som til slutt vil kollapse i sin eige galskap.

For det første er det djupt udemokratisk at leiarskribenten vil ta frå dei som kjem til Norge mogelegheiten til å påverke vårt samfunn. Det er «dei» som skal føye seg etter «oss». «Vi» har altså retten til å definere korleis «dei» skal ha det, og «dei» må berre finne seg i dette. Er «dei» ueingige, har «dei» ikkje noko dei skulle ha sagt, «dei» er jo her som ein slags form for permanente gjestart. Det er djupt udemokratisk korleis leiarskribenten vil nekte desse folka å ta del i samfunnsdebatten på lik linje med alle andre folk. Dei har, som alle andre grupper, full rett til å ta opp saker og be om at ting skal tilpassast dei. Det gjer dei heldigvis også, på same måte som alle andre grupper i samfunnet frontar sine sakar. Dei som er borgarar i landet er alle like mykje eit medlem av vårt samfunn, og då har alle like mykje rett til å påvirke samfunnet i den leia dei er interessert i å føre det. Om det er ei lei majoriteten av samfunnet ikkje vil, fungerer demokratiet slik at vi ikkje går dit, men vi tilpassar ofte samfunnet til minoritetsgrupper med gode argument. Leiarskribenten vil ta vekk desse grunnleggjande, demokratiske rettane til desse folka når det vert sagt at «dei» skal inrette seg etter «oss». Den demokratiske, likeverdige måten å gjere dette på, er at alle innrettar seg etter alle. Dei folka som er i eit samfunn, pregar samfunnet og ingen har rett til å seie at «vi var her først, så det er vi som bestemmer.» Det er det «dei store gutane» i femte klasse på skulen seier til dei små i første. Då kallast det mobbing. No seier Sunnhordland det same.

For det andre gjer ein skil på menneskeverdet når ein deler folk inn i rangerte grupper som det vert gjort her. «Dei» høyrer ikkje til her, men det gjer «vi», så då bestemmer «vi». Dette er konklusjonen om ein følgjer logikken i argumentet til Sunnhordland. Alle vil sjå at slike tankar ikkje er noko vi vil ha i vårt samfunn. Vi vil ha eit samfunn der alle er like mykje verdt, uavhengig av etnisk bakgrunn, religion, kor lenge dei har budd i Norge og likande. Vi kan ikkje seie at nokon skal ha fleire grunnleggjande rettar enn andre. Retten til å vere med å bestemme i landet ein bur i, vert slått fast mellom anna i §21 i Menneskerettane, og i §2 vert det slått fast med klare ord at:

Enhver har krav på alle de rettigheter og friheter som er nevnt i denne erklæring, uten forskjell av noen art, f. eks. på grunn av rase, farge, kjønn, språk, religion, politisk eller annen oppfatning, nasjonal eller sosial opprinnelse, eiendom, fødsel eller annet forhold.
Sunnhordland bryr seg ikkje nemneverdig med dette. Dei slår fast at  «Det er dei som kjem hit som må innretta seg etter våre reglar, ikkje omvendt.»

Den innebygde galskapen i det Sunnhordland forfektar vert klar om ein ser litt nærare på det dei seier. Dei snakkar i utgangspunktet om krav frå «den muslimske leiren», før dei slår fast at « dei som kjem hit som må innretta seg etter våre reglar». Korleis meiner Sunnhordland at dette skiljet mellom «dei som kjem hit» og oss andre skal definerast? Er det slik at det er muslimane som gruppe som er «dei som kjem hit» eller er det berre dei muslimane som er fødde i andre land? I så fall, er det greit om muslimar fødde i Norge frontar krav på vegne av gruppa, eller er det berre dei gruppene som finn seg innanfor det vi kan definere som «våre reglar» som kan kome med krav til storsamfunnet? Kva er i så fall dei gruppene som er innanfor? Og korleis kjem ein dit? Hanseatane er dei norske nok? Eller dei danske adelsfamiliane? Tredjegenerasjonsinnvandrarar? Eller kva med kristne innvandrarar? Og vil ein i så fall seie at kristne polakkar har meir rett til å «koma med krav som vil føra til store omleggingar» enn kristne kenyanarar, sidan dei trass alt ligg nærare «våre reglar» kulturelt sett? Ein hamnar i eit uføre der ein til slutt ikkje kan gje nokon rett til å freiste å forme samfunnet vårt.

Kategorisering i «oss» og «dei» skapar dessutan fiendebilete og hidrar både integrering og kommunikasjon. Det stengjer nokon folk ute frå det gode selskap, og byggjer murar mellom grupper. Å setje grupper i samfunnet opp mot kvarandre, slik Sunnhordland gjer, er oppskrifta på å destabilisere samfunnet gjennom å skape mistru, frykt og dårleg kommunikasjonsklima. (Det ironiske er at dei gjer dette medan dei kommenterer eit foredrag av Kjell Magne Bondevik, som snakkar om korleis ein kan byggje fred og kommunikasjon, og slår fast at «me er langt på veg samde med Bondevik».)

Demokratiet sitt vesen er slik at dei som er medlemmar av eit samfunn saman formar reglane og rammene for samfunnet. Når demografien endrar seg, vil også rammene for samfunnet endre seg. Det er heilt naturleg, ja det er eigentleg ynskjeleg i eit demokrati. Når vi får fleire og fleire muslimar i Norge, skal dei ha akkurat dei same rettane som alle andre til å fronte sine saker og til å forandre samfunnet dei er ein del av. Det skulle berre mangle. 

Sunnhordland er diverre ikkje åleine i å fronte slike meiningar. Dei vert ofte fronta i demokratiet sitt namn, sjølv om dei i sitt grunnleggjande vesen er udemokratiske og strir mot grunnleggjande menneskerettar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar