torsdag 25. november 2010

Det måtte komme... Ein post om presten i Oslo

Til slutt måtte vel også eg seie nokre ord om ordskiftet på austkanten i Oslo. Eg vil rett nok ikkje seie så mykje om det som har skjedd. Dei fakta som har kome fram i media talar vel for seg... Kvarme har tatt «ein Høybråten» og tatt støyten for ein sak alle vil sjå var rett når ting har roa seg.

Det som uroar meg er ikkje «mørkemenn», det er ikkje frykt for å verte knebla sidan eg er prest og det er ikkje at folk skal melde seg ut i hopetal. Det som uroar meg er utsegna som har kome frå enkelte politikarar i denne saka. I den umiddelbare blodtåka som la seg over twitterkommentatorstanden då tiend kom om saka, kom dei hårreisande kommentarane frå Arild Stokkan-Grande; «Kirkens budskap skal være kjærlighet, men mullah Kvarme vil heller kneble...» og Guri Størvold, ei av dei som er nær Liv Signe Navarsete; «Poenget er at vi kan ikke ha en statsstøttet folkekirke hvor det ikke er rom for fargerike og frittalende prester som Gelius.» Stokkan-Grande sin kommentar er så hårreisande dum, fordomsfull og intollerant at den eigentleg burde blitt tia i hel, hadde det ikkje vore for at han no i dag, då han burde ha fått tid til å tenkje seg om, finn ut at politikarane no må diskutere kyrkja. Ein står altså med to sentralt plasserte politikarar som vil gå inn og styre eit trussamfunn politisk, avdi dei ikkje er einige med det som skjer i trussamfunnet.

Eg vil peike på kva Human-Etisk Forbund, ein organisasjon eg ikkje alltid er einig med, men som er gode på prinsipiell tenking om religionsfridom seier om politisk styring av kyrkja:
Statskirkeordningen gir på den ene side kirken privilegier i forhold til andre, mens på den andre siden får kirken begrenset religionsfrihet gjennom at den styres politisk. Det er ikke legitimt å bruke statsmakt til å fremme et bestemt kirkesyn på denne måten,

Dette er eg totalt einig i. Det Stokkan-Grande og Størvold tar til ordet for, er å bryte Den norske kyrkje sin fridom til å praktisere si tru utan innblanding frå politikarar. Det er eit brot på elementære rettar. At ein representant for Senterpartiet vil gjere dette samstundes som ho peikar på det at ein har ei statsstøtta folkekyrkje er ekstra graverande, all den tid ho representerer eit parti som kjemper med nebb og klør for at kyrkja ikkje skal få sleppe fri frå vårt babylonske fangenskap.

Eg trur også at Stokkan-Grande tar grunnleggjande feil når han hevdar at kyrkja er svekka av denne saka. Eg trur dei aller fleste ser at dette er ein personalsak som er blåst ut av alle proposjonar av media og at kyrkja har ein god sak. Derimot trur eg politikarar som har vist at dei ikkje respekterar grunnleggjande rettar som religionsfridomen kjem svekka ut av dette.

1 kommentar:

Legg inn en kommentar