onsdag 3. november 2010

Ateismens ignorante - Opplevingar på Kvarteret

I går var eg og høyrte på eit samtaleforedrag av Oskar Skarsaune og Katarina Pajchel. Kvelden hadde blant anna blitt presentert på følgjande måte:
Til tider kan det se ut som det er en uoverkommelig uenighet mellom naturvitere og troende om hva som er sant når det gjelder naturen, mennesket og historien. På hvilke områder kolliderer Bibelen med moderne naturvitenskap? Må aksepten for det ene avvise det andre, eller kan de utfylle hverandre? Ateister vil hevde at mange troende får et forklaringsproblem ved å akseptere moderne vitenskap, mens en del kristne vil påpeke at Bibelen forteller oss noe om virkeligheten som naturvitenskapen ikke omfatter.

Skarsaune byrja med eit fint foredrag om høvet mellom vitskap og kristendom frå Augustin, via Thomas Aquinas til Darwing og ID-folka i USA, før Pajchel vart interjuva av møteleiaren om kva det var å vere nonne (Til dømes om dei er meir konservative enn folk i statskyrkja... Sukk...) og kva ho eigentleg driv med på CERN. Deretter stilte møteleiaren nokre meir eller mindre vellukka spørsmål til dei begge. Både Skarsaune og Pajchel gjorde sakene sine godt, og eit overfylt Teglverk på Kvarteret fekk høyre mykje lurt frå desse to.

Eg hadde i utgangspunktet hatt svært ambivalente kjensler til kvelden. Eg gleda meg til å høyre to svært oppegåande folk snakke om dette, samstundes som eg rekna med at dei aggresive ateistane og dei gale kreasjonistane ville dukke opp. Eg var, og er, også glad for at religiøse tema kjem fram i slike samanhengar, samstundes som eg meiner at det at det er behov for slike opplegg som dette viser at både dei aggresive ateistane og dei skrullete kreasjonistane har vorte for store og høglydte grupper i samfunnet vårt. Eg skulle få rett i nokre av mine bekymringar etter pausen. Då var det ope for spørsmål, og ateistane viste seg frå si minst sjarmerande side.

Det var fem-seks personar som fekk ordet. Av dei var det to-tre som viste seg å vere særs uhøflege. Dei gjekk på med ein tone og haldning som oste av aggressivitet og dundra laus på konseptet «bevis». Det at både Skarsaune og Pajchel gong på gong hadde sagt at tru og naturvitskap held seg i ulike sfærar og at religion ikkje kan bevisast som eit fysisk eksperiment, gjorde ikkje inntrykk på desse karane. Dei dundra på utan at det verka som svara dei fekk vart lytta til i det heile. Det verkar som Dawkins sin måte å drive «dialog» på har fått sine tilhengjarar også i Bergen. Både kunnskap om det dei kritiserte, og repekt for truande, var total mangelvare hjå desse folka.

Ei av dei som tok ordet, den einaste kvinna, som det vart påpeika etter debatten, kom med ein kommentar der ho byrja med å seie at ho ville spørje litt om himmel og helvete (som om det hadde noko med temaet å gjere...), deretter sa ho ikkje noko meir om dette så vidt eg hugsar, men gjekk rett vidare til å snakke om kvifor kristne trudde dei kunne kome med allmengyldige moralske svar, (igjen utanfor tema, men det var ein slags oppfylgjing på eit mindre vellukka spørsmål frå møteleiaren) menn sin dominans i samfunnet (heller ikkje i nærleiken av temaet; Tru og vitskap) før ho slutta av med å spørje om homofili. Ein skulle verkeleg tru at nokon som har kome seg heilt fram til universitetsutdanning i Norge var betre i stand til å halde seg til eit tema. Skarsaune og Pajchel svara igjen godt, om noko overraska, for seg, men dei lot klokeleg vere å seie noko om homofili. Dette fall tydlegvis ein kar tungt for brystet, for som sistemann som fekk ordet bad han dei gjere greie for sine homofilisyn, slik at han betre kunne vere i stand til å vurdere det andre dei sa. Det var den faktiske grunngjevinga han gav. Han meinte altså at for å vurdere det nokon seier om vitskapsteori og religionsfilosofi, kyrkjehistorie og teologi, er det relevant å vite kva dei meiner om homofili. Pajchel gjorde igjen eit klokt val å nekta å svare på det ho omtala som ein «lakmustest». Dei fleste med litt kunnskap bør vel uansett klare å kome med eit rimeleg godt tips på kva ei dominikanarnonne tenkjer om dette, utan at det verka å streife spørsmålsstillaren...

Eg hadde venta at dei sinte «vitskapsfundamentalistane» som ikkje er i stand til å vurdere religion ut frå det religionane seier om seg sjølv skulle kome fram, men eg hadde verkeleg ikkje venta at presumptivt oppegåande studentar skulle be om avklaring på kva foredragshaldarar meiner om homofili for å kunne vurdere alt anna dei seier. Er ikkje folk i stand til å vurdere eit argument ut frå argumentet sjølv? Treng ein ein «fasit» som skal overstyre alt anna? Har verkeleg den offentlege debatten i Norge degenerert til eit slikt nivå?

Eg er klar over at dei som tar ordet i slike debattar gjerne er dei same som skriv i kommentarfelta i nettaviser, men det er framleis trist at slike «argument» skal verte brukt i offentlege debattar i Norge. Eg veit at ateistane har betre folk enn dette. Tenk om dei kunne ha tatt ordet i går. Då kunne ein verkeleg fått ein spanande samtale. I stadet vart det intelligensen som møtte ignoransen...

2 kommentarer:

Øystein Skauge sa...

Rett opp ein del skrivefeil, kutt ut nokre små linjer med ein smule usakleg argumentasjon (husk at du er i ferd med å kaste stein i eit glashus)og send det heile til BT. Men gjer det snart før det misser aktualitet

Hilde Marie sa...

Bra oppsummering av kvelden!

Dei aggressive ateistane som hamra laus om mangel på evidens for Guds eksistens, var verkeleg lite opptatt av å bidra til konstruktiv dialog. Konseptet om at tru og naturvitskap opererer innanfor kvart sitt domene verka ikkje som noko dei tok innover seg, nei...

Men heldigvis var ikkje dei to innleiarande på same nivå som dei som stilte spørsmål etter pausen. Det er flott at kunnskapsrike og reflekterte kristne kjem til orde! Berre trist at det heile skulle ende med eit spørsmål om synet på homofili, i eit forsøk på å undergrave heile debatten og setje innleiarane i bås. Homofilispørsmålet dukkar dessverre nesten alltid opp som eit uunngåeleg vedheng i samanhengar der kristne møter til debatt / samtale... Kva syn ein har på homofili er fullstendig irrelevant når debatten handlar om forholdet mellom tru og vitskap. Det burde vere innlysande.

Legg inn en kommentar