Bilete frå National Catholic Reporter |
Han vart ordinert og sendt attende til USA, der han først virka som prest i Quincy, men der vart han pressa ut av ein kvit prest som ikkje ville jobbe med han. Deretter vart han overført til Chicago der han byrja å jobbe mellom dei svarte i byen. Han jobba der i 11 år, før han døde 43 år gamal. Noko som var vanleg for katolske prestar på denne tida. Kombinasjonen lange dagar, sjukebesøk og manglande antibiotika var ikkje heilt optimal for prestehelsa.
I livet til Tolton ser vi kyrkja på sitt verste, når vi ser kyrkja som ein spegel av dei raseskilja ein finn ellers i samfunnet. Dette er ikkje noko som berre var slik i USA på slutten av 1800-talet, men er diverre noko vi også ser i kyrkja i Norge i dag. Dei haldningane til folk med anna bakgrunn enn den «tradisjonelle norske» vi finn i samfunnet generelt, finn vi også i kyrkjelydane våre.
Samstundes viser livet hans kyrkja på sitt beste. Om opphaldet sitt på skule i Roma sa Tolton dette:
I was finally admitted to the College de Propaganda Fide, and found out that I was not the only black man there. There were students from Africa, China, Japan, and other parts of the world. The church which knows and makes no distinction in race and color had called them all.Dette er også eit like sant bilete av kyrkja i dag, både i Norge og resten av verda. Kyrkja - og då meiner eg heile kyrkja og ikkje berre Den katolske kyrkja som Tolton her snakka om, men også den lutherske kyrkja og heile kyrkjefamilien - er i sanning eit fargerikt fellesskap der folk av alle nasjonalitetar og kulturar vert innlemma på like vilkår. Tolton sitt liv viser her Kyrkja i sine ytterpunkt.
When the church does all of this, is she not a true liberator of the race? In this church we do not have to fight for our rights because we are black. She had colored saints — St. Augustine, St. Benedict the Moor, St. Monica, the mother of St. Augustine. The church is broad and liberal. She is the church of our people.
Erkebiskopen av Chicago, Francis Kardinal George seier om Tolton at «Fr. Tolton’s cause for sainthood is being introduced in the Archdiocese of Chicago, and during this year for priests it would be good to pray to him and to ask the Lord to send us many more priests like him.»
Dette har kardinalen heilt rett i. Vi treng fleire prestar som Tolton. Då meiner eg ikkje prestar som må vere svarte eller tilhøyre eit undertrykt folk, men prestar som avspeglar folket vi er kyrkje for. Vi treng prestar som klarar å kommunisere til alle etniske og kulturelle grupper og subkulturar, ikkje berre den kvite middelklassen som Den norske kyrkje når i dag.
Korleis det går med kanoniseringsprosessen veit eg ikkje. Det får katolikkane ta seg av. Interesserte kan lese meir på http://www.toltoncanonization.com/. Men Tolton kan stå som eit døme til resten av kyrkja på våre verste og beste sider. Lat oss lære av og dyrke dei beste sidene som kjem fram i Tolton sitt liv!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar