fredag 31. desember 2010

Religionsfridomen vert igjen truga


Kvinner med niqab i Tyrkia.
Bilete fra Wikimedia Commons.
Utan at eg skal ha nokon meining om bruk av niqab og burka, den debatten er det muslimane sjølv som må ta, vil eg seie at eg vert trist når eg ser kva leiande politikarar for to av dei største partia i Norge kan få seg til å seie. Eg skulle ønske eg kunne seie at eg vart sjokkert, men begge partia har tidlegare vist at dei ikkje respekterar ein grunnleggjande menneskerett som religionsfridomen.

Ap sin integreringspolitiske talskvinne Lise Christoffersen tar på seg ein overdommarfunksjon og seier rett ut at ho ikkje trur på dei som vel å gå med niqab: "Jeg er tvilende til at noen egentlig ønsker å ha på seg dette. Jeg tror de er utsatt for press og religiøs indoktrinering". Ho trur altså ikkje dei vil, og om dei faktisk vil, er det på grunn av religiøs indoktrinering. Motiva folk har for å kle seg i dei religiøse plagga dei vel, bør vere opp til personane sjølve å vurdere, ikkje opp til politikarar som står på utsida og har som grunnhaldning at niqab ikkje kan diskuterast som eit klesplagg, men som "et undertrykkingsmiddel". Det bør det vere opp til dei som kler seg i det å vurdere. Uansett bør det ringe nokre alarmbjeller hos Christoffersen om ho ser på det som eit utslag av "religiøs indoktrinering". Då er det forbodet ho ynskjer eit alvorleg inngrep i desse kvinnene sin religionsfridom.

Når ho så går vidare til å seie at ei kvinne, den dagen ho "velger å ikle seg burka, sier hun at hun ikke ønsker å delta i det norske samfunnet" stemmer ikkje dette. Om det er nokon som ynskjer å melde kvinna ut av samfunnet er må det vere Christoffersen som ikkje ein gong viser kvinna nok respekt til å tru på henne om ho seier at ho har tatt eit eige val basert på sin religion.


To karmelittnonner i Brasil.
Bilete frå Wikimedia Commons.
Christian Tybbring-Gjedde, ein mann som gang på gang viser ein oppsiktsvekkande arrogant og respektlaus haldning til muslimar kjem nok ein gong med ein håplaus analyse: "Det betyr at islamiseringen av Norge har tatt en ny vending. For et par år siden snakket vi i Frp om snikislamisering, men nå skjer det i full åpenhet". At han får det til å vere "islamisering" av samfunnet at nokre få kvinner vel å kle seg etter sin religiøse overtyding heng ikkje på greip. Er det "katolisering" av samfunnet når katolske nonner går rundt i byane våre med sine ganske så dekkande ordensdraktar? Eller "ortodoksifisering" når ortodokse kvinner tar på seg skaut for å be? Eller "sikhifisering" når sikhar tar på seg ein turban? At vi har ein kyrkjeleg tradisjon som er ganske så blotta for konkrete manifestasjonar i samfunnet gjer ikkje at vi treng å kjenne oss truga av dei tradisjonane som har slike utslag. Dei er like lite trugande for oss som vår mangel på slike symbol er for dei.

Heldigvis er det også krefter i Ap som har prinsippa i orden. Gerd Kristiansen seier: "Det er flott at initiativet kommer fra kvinnene selv og at de selv bidrar til debatten om hvordan de best kan integreres. Ingenting er bedre enn at kvinner selv ønsker å gjøre noe med at niqab-bruk oppleves problematisk" og "Vi er et flerkulturelt samfunn. Det må vi bare akseptere. Jeg forstår ikke dem som velger å bruke niqab eller burka, men jeg aksepterer at de gjør det".

Eg har nok større forståing for valet dei gjer enn Kristiansen, men eg vil seie meg samd med hennar siste kommentar. Vi er eit flerkulturelt samfunn, og då må vi akseptere at ikkje alle folk gjer det same som oss sjølve.

10 kommentarer:

Finn sa...

Godt sagt Steinar. Leita ellers litt etter "redigeringsfana" då eg såg "Når ho så går vidare til å ei kvinne..." :)

Anonym sa...

Niqab er et politisk plagg, det har ingenting med religionsfrihet å gjøre. Det er et plagg som kom til midtøsten i løpet at 1900 tallet. Det har aldri hatt noe med islam å gjøre før det. Mange muslimer er bare for dumme til å skjønne det.

UnoMo sa...

Du glemmer en veldig viktig ting. Greit at vi har et flerkulturellt samfunn, men uansett er det vi som bestemmer rammene for hvordan vi vil ha dette flerkulturelle samfunnet. Muslimene er i en særstilling når det gjelder sin utøvelse av religionen sin. De krever respekt og endringer av lovverket for å utøve sin religion til det fulle, men de på sin side nekter å respektere andres syn. Så lenge andre ikke respekterer mitt syn, så vil jeg av prinsipp ikke føye meg blindt etter deres syn. Hva tror du skjer om du hadde ønsket å sette opp en kirke i ett ultramuslimsk land ? I mange muslimske land, så må du følge deres syn på kleskode, for noe annet er ikke akseptert og får følger. Hvorfor skal vi da akseptere all verdens krav fra disse grupperingene i vårt samfunn ? Det er vel egentlig det som menes med snikislamiseringen og de har jammen meg kommet litt i lengste laget her i landet nå. Men, ønsker du ghetto tilstander i Norge, så er det bare å ture frem slik man gjør nå. I bl.a. Oslo, har det gått så langt at flere titalls skoler nå har etniske nordmenn i mindretall og etniske nordmenn flytter nå ut av disse områdene. Hva slags integreringspolitikk er det ? Og hvordan tror du det vil være i disse bydelee om 10 år ? Du ønsker kanskje sharia lover her ? Eller finnes det grenser for hva også du vil akseptere ?

Steinar Sneås Skauge sa...

@Finn: Takk skal du ha. Vi wikipedianarar vert lett litt bortskjemte med redigeringsknappar. :)

@Anonym: Spenstig å hevde at muslimar er for dumme til å skjøne sin eigen religon. Trur nok dei har peiling på kva dei sjølv trur. Religion er ikkje ein statisk storleik, så sjølv om du skulle ha rett i din tidsangiving, er det eit irrelevant poeng.

@UnoMo: Du kan lese mine tankar om at det er "vi som bestemmer rammene for hvordan vi vil ha det i innlegget Avisa Sunnhordland på villspor. Kort sagt meiner eg dette er tankar som ikkje tar alle menneske sitt likeverd på alvor. Alle menneske i Norge er med på å bestemme korleis vi skal ha det. Slik er demokratiet.

Anonym sa...

@ anonym

..du har delvis rætt... islam kræver att kvinnor tæcker hela kroppen, dærfør att islam menar att hela kvinnans kropp ær en "intim kroppsdel". de som inte tæcker de intima kroppsdelarna betraktas som syndare av de som praktiserar islam.

mer om just detta med hijab finner du om du følger lænken under

http://www.islamswomen.com/hijab/obligations_of_hijab.php

Munich Machine sa...

Norge skal ha de lover og regler for identifikasjon i det offentlige rom som fantes FØR dette tullet startet.

Hijaben er et politisk plagg tilhøende terroristorganisasjonen The Muslim Brotherhood.

Niqaben er også politisk, men har ikke så mye blod på seg som hijaben har.

Men det er norske tradisjoner som skal være retningen i det offentlige rom.

Anonym sa...

Demokratiet er når flertallet bestemmer hvordan vi skal ha det ved valg. Hvordan tror du det da vil bli om noen år da muslimene er i flertall i Norge. Det er barneskolematematikk for å regne ut når dette vil skje, og det er skremmende nære. Muslimene kommer garantert til å danne et eget muslimsk parti når de er mange nok, og da kan du vinke Bye-bye til demokratiet sånn som vi kjenner det.
Vet ikke hvor ofte du er i Oslo, men hvis du tar en tur til Oslo sentrum en kveld garanterer jeg at du blir skremt av det du får se. Jeg flyttet ut av Oslo for noen år siden, og i høst var jeg en tur tilbake for første gang på 5 år. Jeg kjente ikke igjen byen etter kun disse årene. Uansett hvor jeg gikk var ca. 60 - 70% av de jeg møtte ikke-vestlige innvandrere.
Tror ikke de som bor utenfor de store byene skjønner alvoret i det som er i ferd med å skje med landet vårt.
En annen ting jeg ikke begriper er hvordan sosialisiske kvinner som har stått på barikadene og kjempet for kvinners rettigheter og likstilling kan forsvare muslimer sånn som de gjør. Dere er de første som må kaste alt dere har oppnådd på historiens skraphaug.

Steinar Sneås Skauge sa...

@Munich Machine: Muslimane finn støtte for påbodet om tildekking i Koranen og hadithar. Å hevde at noko så enkelt som eit sjal som dekkjer hovudet skal kome frå ein organisasjon stifta i 1928 er ein urimeleg påstand. Ser ein på biletet av dei to nonnene over, ser ein at det dei har på hovudet ser svært ut som moderne hijabar. Det er ikkje på nokon som helst måte knytt til Det muslimske brorskap,men viser at ein slik enkel måte å dekke til håret på er noko ein finn i fleire religionar, kulturar og tidsepoker, ikkje noko ein kan knytte til ein organisasjon i eitt land på eitt tidspunkt. Det du hevdar er ein påstand som kjem opp gong på gong, men eg har aldri sett den underbygd med gode argument... I denne samanhengen er den i tillegg heilt irrelevant då grunnlaget for ein religiøs overtyding ikkje har noko å seie for religionsfridomen.

Tanken om å "fryse" lover og reglar på eitt eller anna tidspunkt er ein absurd tanke det ikkje er fruktbart å diskutere. Skulle ein gjort det, hadde ein tatt vekk dei demokratiske rettane til å styre samfunnet for alle som kom seinare i tid.

@Munich Machine og anonym: Tanken om at "det er norske tradisjoner som skal være retningen i det offentlige rom" (kva no enn "norske tradisjonar" er...) har eg tidlegare i denne diskusjonen vist til eit anna blogginnlegg for mine tankar om. Eg meiner det er ein grunnleggjande udemokratisk påstand som ikkje respekterer alle menneske sitt likeverd. Eg vil ikkje kommentere denne saken vidare i denne diskusjonen.

@anonym: Det er interessant at kvar gong eg skriv om denne tematikken kjem "du-bur-der-du-bur-så-du-kan-ikkje-uttale-deg"-argumentasjon. Det er skremande at det verkar som om enkelte meiner grunnleggjande menneskerettar er avhengig av geografisk plassering. Kommentarar med slik argmentasjon vert sletta i denne tråden vidare då dei ikkje fører noko som helst av verdi inn i ein debatt. Ellers deler eg ikkje på nokon som helst måte di analyse av demokratiet si framtid. Slik skremselspropaganda som det du forfektar bidreg kun til eit debattklima prega av urealistisk paranoia der ein malar muslimane som ei einsretta gruppe som er farleg for demokratiet. At dei er ei einsretta gruppe det gjev meining å snakke om i eintal når det kjem til demokratiske prosessar er sjølvsagt ikkje riktig. Muslimar er ei mangearta gruppe med motstridande interesser innad, slik også til dømes kristne i Norge er det.

Arne sa...

Min Religion, Spagettimonsterismen påbyr meg å bruke finlandshette i banker og andre lokaler der større pengesummer er oppbevart, dette får jeg ikke lov til her i Norge.

så, ja religionsfrieheten er truet.

Steinar Sneås Skauge sa...

Arne, har ein ikkje noko meir konstruktivt å kome med treng ein ikkje bruke kommentarfelt. Det er ikkje obligatorisk å bruke slike felt. Og skal ein vere sarkastisk, bør ein settje seg såpass inn i det ein referer til at ein veit at parodireligionen kallast Pastafarismen eller The Church of the Flying Spaghetti Monster, ikkje "Spagettimonsterismen". Som alltid er Wikipedia ein god plass for kunnskap.
Ein kort tekst på norsk.
eller ein lang og anbefalt artikkel på engelsk.

Legg inn en kommentar