søndag 6. februar 2011

Ein difus skare

Gresk ikon som viser heile Kyrkja.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.


Eg har brukt kvelden på «Enhetsfest», ei økumenisk samling for ulike kyrkjelydar i Nordhordland. I arrangørgruppa og blant oss i forsamlinga i salen var det ein fleirtal av karismatikarar, noko som sette sitt preg på samlinga. Dei som kjenner meg i levande live eller gjennom bloggen min, vil nok skjøne at eg ikkje var heilt på heimebane i ein slik forsamling. Det å vere utanfor komfortsona si er ikkje krise, det har ein strengt tatt godt av, men då er det alltid kjekt når det kjem noko ein kan kalle for «sitt». Slik var det også for meg då musikantane starta med «Hellig, hellig hellig! Herre Gud allmektig» frå Norsk Salmebok.

For lesarar av St. Isidors minne vil det ikkje kome som nokon overrasking at eg meiner helgenane har for liten plass i Den norske kyrkje. Eg meiner at det skjedde ei katastrofe for Kyrkja i reformasjonen då vi klarte å «gløyme» ein stor og viktig del av kyrkja, nemleg alle dei heilage. Helgenane, og forsåvidt også englane om enn ikkje i så stor grad, er noko vi nesten aldri snakkar om når vi snakkar om Kyrkja. I vår tradisjon kan det nesten verke som om den einaste gongen det er legitimt å snakke om helgenar er om ein syng om dei. Det gjer vi nemleg ein del i salmeboka, og ein av dei gongane er i denne salmen. Eg tenkte at dette passa godt på ein einskapsfest. Einskap på jorda, og einskap med resten av kyrkja.

Eg vart derfor litt paff då eg såg kva som kom i andre vers på salmen, der vi vanlegvis syng om den syngjande helgenskaren. Då vi kom dit stod det å lese:
Hellig, hellig hellig! synger helgens skarer.
Eg veit ikkje om ein skal legge så mykje i akkurat dette. Det kan vere at ein i kyrkjelege miljø som ikkje har så mykje til overs for læra om dei heilage finn det vanskeleg å syngje om dei, og heller syng om til dømes kyrkjelyden som «helgens skare». Det er i så fall ein legitim og grei omskriving for å få ein flott salme til å passe inn i kyrkjelyden sin bruk. Det kan også vere at det rett og slett berre var nokon som hadde skreve feil.

Eg veit altså ikkje kor mykje ein skal legge i det, men det vart likevel eit talande bilete for meg på det store arbeidet ein har å gjere når ein skal arbeide med økumenikk. Vi har rett og slett ikkje alltid same mål og ynskjer med det vi gjer. Der nokon vil samle alle under biskopen av Roma meiner andre at ein ikkje skal bry seg med kven som er leiarar, kva kyrkjesamfunn ein står i og slikt i det heile. medan enkelte, som meg, ser det som eit mål at ein i det minste kan sjå heile Kyrkja som eitt, også helgenskaren.

Visjonen i fjerde vers i den aktuelle salmen høver godt som avslutning. Uansett kva ein ser som det jordiske målet i det økumeniske arbeidet, trur eg alle vil seie seg einige i dette endelege målet.
Hellig, hellig, hellig! Herre Gud allmektig,
jord og hav og himmel, se alt skal prise deg!
Hellig, hellig, hellig! Nådefull og prektig,
Fader, Sønn og Ånd, all ære være deg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar