mandag 31. januar 2011

Peter Andreas Blix - Ein arkitekthelt

Peter Andreas Blix.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag, 31. januar, er dødsdagen til Peter Andreas Blix. Eg vart kjent med denne mannen då eg var prestevikar i Vik i Sogn, ei bygd som står i stor gjeld til denne mannen for å ha redda dei to middelalderkyrkjene i bygda.

Blix var arkitekt, og har mellom anna teikna brannstasjonen i Bergen og ein god del jernbanestasjonar. Han har også teikna flotte hotell som Mundal Hotell i Fjærland og Fleischers Hotell på Voss. Dette er flotte bygg, men eg skal vere ærleg å seie at det skal meir til enn å teikne nokre flotte hus og togstasjonar som sikkert er greie nok dei også, for å hamne på mi helteliste.

Minnetavle over Blix inne
i kyrkja.
Biletet har eg tatt, og det
ligg på Commons.
Hove kyrkje. Biletet er tatt av
Per Magne Kjøde og ligg på
Wikimedia Commons.
Inntoget hans på heltelista kom med det han gjorde frå 1879 og utover. På dette tidspunktet var han engasjert med å restaurere Mariakirken og Håkonshallen i Bergen. Dei hadde bruk for stein til arbeidet og gjekk ut i avisene for å få stein. Frå Vik i Sogn fekk han svar at han kunne få bruke steinen frå steinkyrkja deira frå middelalderen, Hove kyrkje. I staden for å bruke denne steinen drog Blix til Vik og kjøpte kyrkja for sine eigne pengar. Deretter restaurerte han den. Restaureringa vart ikkje gjort for å få kyrkja attende til opprinneleg stand, men den vart mellom anna dekorert med norrøne motiv. Resultatet vart nydeleg. Ikkje heilt historisk korrekt, men kyrkja vart redda og står i dag som eit minne over både middelalderen, dei som ville rive kyrkja og mannen som redda henne. Blix sjølve er gravlagt i golvet i kyrkja, og skal vere den siste som er gravlagt inne i ei kyrkje i Norge.

Det nydelege kortaket i kyrkja.
Biletet har eg tatt, og det ligg på
Commons.
Eg var som sagt prestevikar i Vik i si tid og hadde nokre gudstenester i Hove kyrkje. Ei gudsteneste i denne kyrkja er noko alle bør få med seg!

Koret er eit nydeleg kunstverk.
Biletet har eg tatt, og det ligg
på Commons.
Blix flytta til Vik for å jobbe med Hove, og medan han budde der kjøpte han Hopperstad stavkyrkje som også ligg i Vik. Også denne fiksa han opp på sin særeigne måte. Den vart delvis ein kopi av Borgund stavkyrkje, delvis pynta med Blix sine norrøne detaljar.

Ein vegg inne i kyrkja.
Biletet har eg tatt, og det
ligg på Commons.
Enkelte har vore kritiske til Blix. Han har sjølvsagt ikkje gjort desse kyrkjene slik dei opprinneleg var, men han har redda dei. Samstundes har han gjort dei unike i det han tilførte dei av utsmykningar på1800-talet. Også dette er ein del av kulturarven vår det er verdt å ta vare på, og eg veit ikkje om mange stader dette er vakrare enn i Hove kyrkje.

Ein kan lese meir om arkitekthelten i NRK Sogn og Fjordane sitt Fylkesleksikon eller i denne rosande artikkelen hjå Fortidsminneforeningen. På Wikimedia Commons kan ein også sjå mange bilete frå både Hove og Hopperstad. Kos deg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar