søndag 23. januar 2011

Vi treng fleire folk som Ruper Mayer

Fangebilete frå Landsberg
fengsel. Biletet er henta frå
Wikimedia Commons.
I dag, 23. januar, er det fødselsdagen til Rupert Mayer, ein person som ikkje er kjent i Norge, men grava hans er ein av dei største valfartsmåla i Tyskland. Han var ein jesuittprest som kjempa mot nazistane og satt i seks år som fange for nazistane, mesteparten av tida internert i Kloster Ettal. Eg vart klar over denne mannen då eg las ein turistguide før eg skulle til München, og skreiv på grunn av dette ein artikkel om han på Wikipedia som oppladning før turen. Dette gav meg kunnskap om denne mannen, og det å vitje grava hans vart ei stor oppleving. Alle som er innom München bør finne rom for ein tur til Mayer si grav.

Mayer vart prest i 1899. I eit forhør med Gestapo sa han seinare at han var både prest og jesuitt av «kjærleik til menneska». I 1912 vart han kalla til München, og jobba der særskild med innflyttarar som ikkje fann seg tilrette i byen. Han jobba med arbeidarorganisasjonar og studentar og jobba for born og familiar.

Då fyrste verdskrig braut ut melde han seg frivillig. Han gjorde teneste som feltprest fleire stader i Europa, og vart hedra med medalje for stort mot. Dette fekk han etter at han verna ein soldat for splintar med å legge seg over kroppen hans. Rupert Mayer mista sjølv den venstre foten i handlinga, og vart teken ut av militærteneste.

Etter krigen jobba Mayer hardt for å dempe dei katastrofale følgjene krigen hadde hatt for Tyskland. Han forfekta kjærleik som det einaste som kunne redde landet - ikkje hat eller klassekamp. Han forkynte at alle kristne måtte vere rede til å vedkjenne seg trua si, sjølv om det kunne by på problem. Han holdt opp mot 70 talar, foredrag og preiker i veka og samla store folkemengder på hovudtogstasjonen i byen til gudstenester kvar søndag. Desse gudstenestene vart stoppa av nazistane i 1937.

Byste av Rupert Mayer i kyrkja der han
er gravlagt.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Etter kvart som dei hadde blitt ein maktfaktor i landet, brukte Mayer alle høve til å tale mot nazistane. Han hevda at det ikkje var mogeleg å vere både katolikk og nazist. Nazistane var redde for den store påverknadskrafta Mayer hadde, og ila han taleforbod i mai 1937. Dette brydde han seg ikkje om, og i juni vart han arrestert og dømt til eit halvt år betinga fengsel. Av sine overordna vart han beden om å vere stille, noko han var heilt til nazistane offentleg vanæra han. Då tok han opp att taleaktiviteten, noko som gav han eit opphald i Landsberg fengsel i 1938. Der var han til han vart løslatt, men utan lov til å tale offentleg. Han fortsatte sitt arbeid, og vart endå ein gong arrestert. Denne gongen vart han sendt til Sachsenhausen der han var i sju månader. I Sachsenhausen vart han svært dårleg og holdt på å døy. Nazistane var redde for at dette skulle gje han martyrstatus, og sendte han derfor til Kloster Ettal, der han sat internert fram til krigen var over. I Ettal var han delvis saman med ein annan ivrig motstandar av nazistane, den lutherske presten Dietrich Bonhoeffer.

1. november 1945 hadde han sin siste preike i korskapellet i St. Mikaelkirken i München. Medan han snakka om at ein måtte etterligne helgenane med sitt liv for å kome til himmelen fekk han slag. Seinare same kveld døydde han.

Bürgersaalkirche der Mayer ligg
gravlagt.
Biletet er tatt av Böhringer Friedrich
og ligg på Wikimedia Commons.
Han ligg i dag gravlagt i Bürgersaalkirche, like ved St. Mikaelkirken og den er eit stort mål for pilegrimar. I 1987 vart han saligkåra av Pave Johannes Paul II. Minnedagen hans er 1. november.

Framandfrykta og framandhatet spreier seg i heile Europa i dag, også i Norge. Vi treng folk som Rupert Mayer også i vår kyrkje i vår tid!

Vi sluttar i dag med bøna kjent som «Rupert Mayer-bøna».

Herr, wie Du willst, so will ich geh'n,
Und wie Du willst, soll mir gescheh'n.
Hilf Deinen Willen nur versteh'n.


Herr, wann Du willst, dann ist es Zeit,
Und wann Du willst, bin ich bereit.
Heut und in alle Ewigkeit.


Herr, was Du willst, das nehm' ich hin,
Und was Du willst, ist mir Gewinn.
Genug, dass ich Dein Eigen bin.


Herr, weil Du's willst, d'rum ist es gut,
Und weil Du's willst, d'rum hab' ich Mut.
Mein Herz in Deinen Händen ruht.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar