tirsdag 4. januar 2011

Allkunne med mageplask

Biletet er henta frå Wikipedia.
Dette er ikkje eit fritt bilete, men eg
tek sjansen på å bruke det her, så får
dei saksøke som vil det.
I dag vart det kjent at nettleksikonet Allkunne vil gå til søksmål mot Wikipedia på grunn av at ein artikkel om Arve Bruvoll har blitt kopiert frå Allkunne til Wikipedia på nynorsk og deretter over til Wikipedia på bokmål.

I denne saka må ein halde fleire tankar i hovudet samstundes. På den eine sida står det klart og tydleg i Wikipedia:Opphavsrett at slike ting som dette ikkje skal finne stad. Derfor slettar også vi som er administratorar på dei ulike Wikipedia-utgåvene massevis av artiklar som vi veit eller trur er brot på opphavsretten. Av og til skjer det desverre at vi ikkje får med oss alt, noko som har skjedd her. Slike ting kan sjølvsagt skje, men det er absolutt ikkje noko som er ynskjeleg frå nokon på nokon stad i Wikipediasystemet.

Så langt har altså Allkunne ei grei sak. Det som ville vore naturleg då dei fann dette plagiatet ville vore at dei tok kontakt med anten ein administrator eller ein i leiinga for Wikimedia Foundation eller Wikimedia Norge. Hadde dei gjort det hadde den aktuelle artikkelen vorte sletta på staden og saka hadde ordna seg på ein grei måte.

Plagiatet vart oppdaga i november i fjor. I dag kjem pressemelding om at ein vil krevje erstatning frå Wikipedia, utan at ein har teke kontakt for å få ordna opp i problemet. Dette er useriøsitet på eit nivå ein ikkje ventar frå Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum. Ein kan undre seg på kva ein vil oppnå med dette. Ein krev 75 000 kr, men det er meir nærliggande å tenkje at dei ikkje bryr seg så mykje om denne summen, men tenkjer i staden at "all PR er god PR". Om det er det berre å seie at "Nei, det er det ikkje!" Dette er ikkje god PR for Allkunne som fremstår som konfliktskapande og utan vilje til å skape konstruktive løysningar.

Lat oss vone Allkunne ser at dei tapar mykje meir på denne saka enn dei kan vone på å få att i økonomisk kompensasjon, slik at ein kan finne fram til ein konstruktiv løysing. Den finn ein ikkje i retten!

Ekstra kjedeleg for meg er det at den aktuelle artikkelen faktisk er ein eg treng for å fullføre maratonprosjektet Liste over forfattere i Norsk Salmebok og Salmer 1997.

10 kommentarer:

mrsnina sa...

Det er enda enklere, en kan skrive inn en beskjed på en artikkels diskusjonside med lenke til originalartikkelen en mener er plagiert så vil en administrator se på saken og rydde opp. Vi trenger nok å være på flere konferanser og andre steder det er naturlig å være for å opplyse om hvordan Wikipedia virker.

Steinar Sneås Skauge sa...

Det er sant, Nina. Å rydde opp i dette kunne vore den enklaste ska i verda. Eg evit ikkje om dette skuldast manglande kunnskap eller manglade vilje, men vi kan uansett gjere meir for å få opp kunnskapsnivået om korleis Wikipedia fungerar.

Lars Løvlie sa...

Kvifor tek du ikkje i staden tak i det eigentlege problemet: Brot på opphavsretten skjer heile tida på WP, og ingen ser ut til å ha kontroll (og du som admin innrømmer åpent at det er umogleg å halde kontrollen)?

Slikt ville vere mykje mindre av eit problem på eit bedre moderert nettleksikon, slik som Citizendium, der ein åpent innrømmer at ein ikkje kan stole på artiklar før dei har blitt kontrollerte av ein redaktør (fortrinnsvis fagfolk).

Anonym sa...

Dersom forfatteren av artikkelen om Arve Bruvoll virkelig var opptatt av å utbre kjennskap til vedkommende, kunne han jo ganske enkelt gått inn og redigert stoffet han fant på wikipedia slik at det fikk en, for ham, akseptabel form. Løst på mindre enn ett minutt. Riktignok ville han ikke fått betalt for innsatsen. Det har ingen av forfatterne av de 60.000 artiklene på wikipedia på nynorsk fått. De 1.500 artiklene som ligger på allkunne, ser derimot så ut til å ha kostet norske skattebetalere 6 mill - eller 4.000 kr pr stk til nå.

Steinar Sneås Skauge sa...

@Lars Løvlie: Ein påstand som den du kjem med om at det heile tida skjer brot på opphavsretten på Wikipedia utan at nokon ryddar opp er ein påstand ein absolutt bør underbyggje med konkrete døme. Eg er meir inne på Wikipedia enn dei aller fleste, og eg ser lite brot på opphavsretten. Når eg ser det, ryddar eg opp.

Citizendium har mykje for seg, men det har Wikipedia også. Eg for min del trur fagfolk har mykje meir å tene på å formidle kunnskap der det vert lest (Wikipedia) framfor der ein får høgare intern fagfellestatus (Citizendium). Uansett kan det alltid forekomme plagiat. Det viste saka med Lars Wik godt. og der var det ikkje snakk om noko så dynaisk som eit nettleksikon, men eit trykt, fagfellevurdert tidsskrift.

Eirik Newth sa...

Om det som sies på nedenstående URL er riktig, har Allkunne virkelig en syltynn sak: http://hitthebutton.org/?p=590

Harald sa...

@Lars
Wikipedia er skrevet av alle for alle. Når en gir alle frihet til å gjøre andre en tjeneste (f.eks. skrive artikler for allemennheten) har brukerne også frihet til å gjøre ting som ikke er lov. Wikipedias retningslinjer forbyr plagiat, og plagiat renskes ut straks det er oppdaget. Det hele blir som å saksøke eieren av et fortau fordi forgjengerne har kastet søppel der, i stedet for å hjelpe til med å få det plukket opp.


@Steinar
Citizendium er så godt som konk, og har bare klart å publisere 156 godkjente artikler (!) http://boingboing.net/2010/11/30/should-wikimedia-fou.html

@anonym
Utgiftene pr Allkunne-artikkel er omkring 6000 kr, og det dobbelte av det igjen målt i standard A4-tekstside. Hadde bokmåls- og nynorskwikipedia fått like mye tilskudd pr artikkel, tilsvarer det ca 2 milliarder kroner.

Eirik Newth sa...

OK, webimilene gjorde det lettere å få oversikt på http://hitthebutton.org/?p=590, og det endrer saken noe. For meg ser WP-artikkelen nå ut som direkte avskrift av Allkunne-artikkelen, og da er det åpenbart at vi har å gjøre med et brudd på Åndsverkloven (forfatteren har opphavsrett til sin versjon av det faglige innholdet teksten gjengir, om ikke til innholdet i seg selv).

Dette er likevel en tynn sak for Allkunne, med tanke på fremgangsmåten. I alt kjaset fra forlagenes side om ulovlig fildeling, velger de altså å saksøke en dugnadsbasert non-profit-organisasjon som har krystallklare regler mot ulovlig bruk, og et system (om enn uperfekt) for å fange opp slike lovbrudd. Som det sies på Wikitinget - dette lukter politikk lang vei.

Steinar Sneås Skauge sa...

Det er ein riktig oppsummering. Det er klart at det har skjedd ein glipp i kontrollen på Wikipedia. Som sagt har Allkunne eit godt poeng der. Det er framgangsmåten som er den problematiske og som gjer at ein kan spørje seg kva motiv som eigentleg ligg bak.

Anonym sa...

Hvem vet om Allkunne selv kan ha lagt ut teksten under IP for å se om det ble oppdaget? Slik "morsom" vandalisering (som vandalene gjerne kaller testing) har vært gjort før, og var like trist den gang.

Allkunne kunne taklet dette på flere måter, som å kontakte Wikipedia MYE tidligere og fått fjernet bidragene - eller til og med SELV fjernet dem.

Dette koker for min del ned til at Allkunne som ikke eier ranking på nett har sett dette som en prima PR-mulighet, uten at de selv har noen forståelse for hvordan Wikipedia henger sammen og fungerer. De har da hentet inn en advokat og spiller dette som en tabloid sak.

Jeg bare venter på at noen opptrer som guttungen i eventyret om Keiserens nye klær og viser hvor lite kunnskap og sosiale antenner Allkunne er utstyrt med. "Se! De har ikke skjønt noe!"

Legg inn en kommentar