tirsdag 29. mai 2012

Fin satsing frå regjeringa.

Det er vanskeleg å få til slike gravferder i Norge.
Biletet er frå Japan og henta frå Wikimedia Commons.
Det vert i dag meldt om at regjeringa har løyva 7 millionar til å lage fleire livssynsnøytrale seremonirom. Dette er ei god satsing frå regjeringa si side, og noko eg vonar vert vidareført i mykje større skala.

Behovet for livssynsnøytale seremonirom er aukande, og det burde etterkvart vore noko ein finn i alle kommunar i landet. Dette handlar om at alle menneske i landet skal ha dei same mogelegheitene og rettane til å få høvelege seremoniar ved viktige livshendingar. Slik det er no er dette ofte vanskeleg for dei som ikkje høyrer heime i eit av dei større trus- eller livssynssamfunna, og ikkje så reint få stader er det kun Den norske kyrkje som har rom som er store nok og samstundes ikkje ser ut som (eller er) ein gymsal eller liknande.

For dei som står utanfor Den norske kyrkje vil slike rom vere eit stort skritt framover, men også for oss i Den norske kyrkje kan slike rom vere viktige. For det første vil det mest sansynleg frigjere ressursar, ved at seremoniar utanfor kyrkjeleg regi vil vere eit lettare alternativ å velgje for dei som er i tvil om dei vil ha ein kyrkjeleg seremoni. For det andre vil det også verte lettare for dei ansvarlege prestane og musikarane i kyrkja å halde på det kyrkjelege innhaldet i seremoniane våre om ein veit at det er eit høveleg alternativt lokale om folk ikkje finn seg tilrette med dei kyrkjelege seremoniane og den valfridomen som er i dei. Kyrkja står altså friare til å vere kyrkje og må i mindre grad gå på akkord med seg sjølve. For det tredje kan ei auka satsing på slike seremonirom føre til at det kyrkjelege frisleppet frå staten sitt fangenskap vil gå fortare. Har ein høvelge seremonirom treng ein ikkje kyrkjelege seremonimeistrar eller kyrkjer til å halde seremoniane i, i så stor grad som no, og den statlege økonomistyringa kan gå ut samstundes som prestane ikkje lenger er statstenestemenn.

Alt i alt er det svært mange gode ting med ei auka satsing på livssynsnøytrale seremonirom, både for Den norske kyrkja og for alle som står utanfor denne kyrkja. Eg vonar regjeringa held fram med den kursen dei no har gått inn på.

fredag 18. mai 2012

St. Erik

St. Erik av Sverige.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Som eg har påpeika ein god del gonger no, held vi oss med for mange problematiske helgenar i Norge. Sverige er betre stilt enn oss. Dei har til dømes St. Birgitta, og også den kongelege nasjonalhelgenen deira har meir for seg enn vår, trass i at han også kan reknast som ein krigarkonge. St. Erik har minnedag i dag, og det høver godt å minnast han. For meg er det relikvieskrinet hans som er særleg verdt å minne, men vi må først gå raskt gjennom livet hans.

Erik Jedvarsson vart fødd rundt 1120 og vart valgt til konge i Sverige i 1157. Kong Erik skal ha vore ein from og relativt asketisk kristen og han støtta kyrkja og presteskapet og brukte mykje pengar på å byggje domkyrkja i Uppsala. Han oppretta også eit kloster i byen.

I 1157 drog han til Finland med ein hær for å få has på dei plagsame finnane som raida svenske område. Samstundes ville han kristne dei, og kalla derfor hærtoget for eit krosstog. Erik vann, og dei overlevande finnane skal ha blitt døypte.

Ein av dei tinga Erik gjorde for kyrkja, var å støtte kyrkja sin rett på tidene. Dette førte til at han vart upopulær mellom stormennene. Ein dansk prins, Magnus Henriksson, gjorde krav på den svenske trona, og fekk støtte frå dei svenske stormennene som var lei av Erik. Ein dag, mest sansynleg Kristi himmelfartsdag 1160, medan Erik var på messe i Trefoldigheitskyrkja i Uppsala kom det bod om at det stod ein stor hær og venta på han. Erik sat ferdig messa og gjekk så ut og møtte fienden saman med nokre få soldatar. Det gjekk som det måtte gå, og Erik vart drepen.

Han vart gravlagt i domkyrkja i Uppsala, og då sonen hans, Knut, vann trona attende jobba han for å få rekna Erik som heilag, noko som ville styrke hans eige grep på trona. Danskane snakka med paven, som dermed nekta å heilagkåre Erik, så då tok Knut like godt og gjorde det sjølv. 18. mai 1167 vart relikvia av Erik skrinlagt i Uppsala.

Desse relikvia av Erik er interessante. Eg var på messe i Uppsala domkyrkje for nokre veker sidan, og etter messa gjekk eg og såg meg rundt i den flotte katedralen. Eg hadde ikkje lest meg opp på kyrkja før eg kom, så eg vart sjølvsagt særs overraska då eg oppdaga relikvieskrinet til Erik ståande inne i kyrkja. For å gjere det heile endå rarare var relikvieskrinet frå 1579, altså etter reformasjonen. Eg har aldri tidlegare sett relikvier i ei luthersk kyrkje. I tillegg til relikvia av Erik, hadde dei også eit skrin med ein bit av Birgitta av Vadstena ståande i kyrkja. Slike skrin ser eg gjerne i fleire lutherske kyrkjer!

På 1200-talet vart relikviene til Erik flytta frå den gamle domkyrkja til den nye, som var bygd på staden der Erik feira si siste messe. Det er den kyrkja som står i dag. Då reformasjonen kom vart skrinet smelta om, men sjølve relikvia vart ikkje øydelagt. I 1574 bestilte kong Johann III eit nytt relikvieskrin. Han skal ha vore meir venleg til den katolske kyrkja enn faren, og ville kanskje gjere opp noko av skaden, Skrinet er fint og digert og står framleis i kyrkja i Uppsala. Altså eit etterreformatorisk, luthersk helgenskrin i ei luthersk kyrkje. Artig.

Svenskane har altså ein mindre problematisk kongeleg, nasjonalhelgen enn oss. Dessutan har dei skrinlagt han i hovudkyrkja si, noko som i luthersk samanheng er så sjeldant at det i seg sjølve er verdt å merke seg. Om vi ikkje fylgjer St. Erik sitt døme i eitt og alt, kan vi i alle fall fylgje Svenska kyrkan sitt døme og på ein betre måte ære dei heilage som har gått føre oss.

Relikvieskrinet til St. Erik slik det stod då eg var i Uppsala.

tirsdag 15. mai 2012

Lat oss gjere St. Hallvard til nasjonalhelgen

St. Hallvard og trellkvinna i Oslo Rådhus.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Norge har vore eit luthersk land i rundt fem hundre år, noko helgentradisjonane våre lir under. No når det er ei lita renessanse for helgenar, også i vår kyrkje, har vi lett for å gå til dei mest kjente helgenane, sjølv om dei har med seg mykje som ikkje er lett å forsvare eller godt for å overbevise lutheranarar om at vi må hugse på dei heilage som har gått føre oss. St. Olav hadde rett nok ein stor kult i middelalderen, men det er mykje med han som er vanskeleg som det at han var ein krigar og også det at han ikkje var alfa og omega i kristninga av Norge, slik vi gjerne likar å tru. Det var ein lang prosess som nok ville enda med eit kristent Norge også utan han, sjølv om det som skjedde etter at han døydde heilt klart gjorde sitt. Sunniva er endå vanskelegare, då det er usikkert, kanskje er det meir rett å seie tvilsamt, om ho i det heile har eksistert.

Men vi har St. Hallvard, som har minnedag i dag. Hallvard har eksistert, og han var etter alt å døme ein god mann som døydde i teneste for nesten sin. Eit døme på korleis ein kristen skal leve.

Hallvard vart truleg fødd rundt 1020, og var ein kristen som «var lydig mot sine foreldre, kjærlig mot sin neste, kysk og på alle måter redelig og rettferdig». Ein dag skulle han ro på Drammensfjorden. Då kom dei ei gravid kvinne, mest truleg ein trell, springande mot han og bad om å få bli med. Han tok ho med i båten, og det kom etterkvart tre menn etter henne. Ho sa at dei anklaga henne for tjuveri, nok ho sa ho var uskuldig i. Hallvard trudde henne, og ville få henne vekk så ho ikkje skulle bli henretta. Mennene rodde fortare enn Hallvard, og då dei nådde fram til Hallvard og kvinna forsvara han henne og argumenterte for at ho måtte vere uskuldig i det dei skulda henne for. Dette gjorde mennene endå sintare, og dei drap Hallvard med eit pilskot, før dei drap den gravide kvinna. Til liket av Hallvard batt dei ein kvernstein før dei senka han i sjøen. Dette skal ha skjedd 15. mai 1043.

Liket av Hallvard flaut opp att, trass i kvernsteinen, og han vart gravlagt med pomp og prakt. Ved grava hans skjedde det fleire under, og han vart dyrka som ein helgen, særleg i området rundt Oslofjorden. Han kom inn i byvåpnet til Oslo på 1300-talet, og er der framleis, og er vernehelgen for Oslo.

Bernt Eidsvig seier i si helsing i dag «Gjennom sin martyrdød vinner Hallvard en seier for menneskeverdet i vårt land. Katolikker ber i dagens liturgi om at denne dagen skal «glede våre hjerter». Jeg kan ikke tenke meg en mer verdig feiring, en mer gledelig fortsettelse av denne dag, enn at vi som tar del i den, bidrar til at hans kamp for menneskeverdet fortsetter

Kampen for menneskeverdet er viktig for kyrkja. Store ting skal skje med Den norske kyrkje no, og eg skulle ynskje vi kunne gjere St. Hallvard til nasjonalhelgen i staden for Olav, då vil vi understreke dette. Den historiske tradisjonen for Hallvard er mindre, men den er ikkje fråverande. Han har også eit døme som er meir relevant for kyrkja i dag enn det dømet Olav har. Kanskje kan Hallvardsdagen bli den neste store festdagen i Den norske kyrkje, og kanskje kan vi utrope han til vernehelgen for kyrkja vår, samstundes som vi endrar våpenskjoldet vårt vekk frå krigsøksene, trass i at dei er martyrmerket til Olav, og til kvernsteinen. Då får vi eit våpenskjold som minner oss om martyriet, men martyriet for menneskeverdet, ikkje døden på slagmarka for kongsmakta. Mykje skal endrast for kyrkja no. Om vi nyttar høvet til også å endre våpenskjold, kan vi få eit våpenskjold kyrkja kan vere stolt av,!
Frå det vi har, til noko som dette?

fredag 11. mai 2012

Karl Barth om Gud og verda

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag er det 126 år sidan Karl Barth vart fødd. Han var ein av dei største, om ikkje den største teologen i det tjuande hundreåret, Pius XII kalla han for ikkje mindre enn den største teologen sidan Thomas Aquinas.

Barth skreiv viktige verker som ein kommentar til Romarbrevet, noko vi kjem attende til, og monsterverket Kirchliche Dogmatik som er på 13 band og 8676 sider. Då nazistane tok makta i Tyskland var han ein av dei sentrale personane i etableringa av Bekennende Kirche, ei kyrkje som stod i opposisjon til den nazifiserte protestantiske kyrkja i landet. Han skreiv Barmenerklæringa, eit skrift som hadde same funksjon i Tyskland som Kirkens grunn hadde i Norge, og var ein sterk nazimotstandar heile krigen.

Eit anna interessant punkt med Barth er at han, mannen Princeton Theological Seminary seier at vert sett på som ein moderne kyrkjefar, i 35 år budde saman med ei konkubine. Etter å ha vore gift i tolv år kunngjorde han at ei ung studine, Charlotte von Kirchbaum, skulle flytte inn saman med han, kona og borna deira. Dette gjorde ho, og eit underleg trepersonssamliv som vert skildra som «convoluted, extremely painful for all concerned, yet not without integrity and joys», starta. Dette er viktig for Barth, for dei 35 åra dette varte var «exactly the years of Barth's most productive intellectual life. As his unique student, critic, researcher, advisor, collaborator, companion, assistant, spokesperson, and confidant, Charlotte von Kirschbaum was indispensable to him. He could not have been what he was, or have done what he did, without her.» Mange store menn har ting i liva sine ein må undre seg over. Barth skil seg ikkje frå dette, tvert om er det kanskje han som har eit av dei raraste aspekta i livet sitt, nettopp med denne konkubinehistoria.

Eg vil sitere frå Romarbrevskommentaren hans, slik dette er attgjeve i The Christian Theology Reader. No når debatten om kristentru og naturvitskap har blussa opp rundt på nettet og andre stader, viser Barth klart og tydeleg kvifor dette er ein unødig debatt, sjølv om det er noko anna han snakkar om her. Gud er utanfor verda i den forstand at vi ikkje kan kjenne eller forstå Gud på anna måte enn gjennom det han har openberra for oss. Å forsøke å stadfeste eller avkrefte Gud gjennom naturvitskap er umogeleg, då Gud ligg utanfor det vi kan nå med desse metodane. Derfor skal ikkje kristne vere redd for naturvitskap, og ingen treng tru naturvitskapen kan avkrefte Gud. Kjem ein seg vekk frå den blindgata vil religionsdebatten verte mykje meir fruktbar.

[Paul] appeals only to the authority of God. This is the ground of his authority. There is no other.
Paul is authorized to deliver—the Gospel of God. He is commissioned to hand over to men something quite new and unprecedented, joyful and good,—the truth of God. Yes, precisely —of God ! The Gospel is not a religious message to inform mankind of their divinity or to tell them how they may become divine. The Gospel proclaims a God utterly distinct from men. Salvation comes to them from Him, because they are, as men, incapable of knowing Him, and because they have no right to claim anything from Him. The Gospel is not one thing in the midst of other things, to be directly apprehended and comprehended. The Gospel is the Word of the Primal Origin of all things, the Word which, since it is ever new, must ever be received with renewed fear and trembling.
[...]
Jesus Christ our Lord. This is the Gospel and the meaning of history. In this name two worlds meet and go apart, two planes intersect, the one known and the other unknown. The known plane is God's creation, fallen out of its union with Him, and therefore the world of the 'flesh' needing redemption, the world of men, and of time, and of things—our world. This known plane is intersected by another plane that is unknown— the world of the Father, of the Primal Creation, and of the final Redemption. The relation between us and God, between this world and His world, presses for recognition, but the line of intersection is not self-evident. The point on the line of intersection at which the relation becomes observable and observed is Jesus, Jesus of Nazareth, the historical Jesus 

Henta frå Alister E. Mc.Grath (red), The Christian Theology Reader, 2nd ed., Blackwell Publishing, 2001. Side 216-217. Står originalt i  Karl Barth, The Epistle to the Romans, Oxford University Press, 1933, Side 28-29

tirsdag 8. mai 2012

Gud - sjelens styrke

Glasmaleri av Julian frå Norwich Cathedral.
Biletet er tatt av Flickr-brukaren Ian S
som gjev lov til bruk av biletet.
Medan det kokar på kommentarfeltet på den forrige bloggposten min, går vi eit skritt til sida og minnast Julian av Norwich som har minnedag i dag

Ein veit ikkje så mykje om Julian, men ho var kanskje ei benediktinarnonne som levde i England på 1300-talet. Sikkert veit vi at ho var ein mystikar og gjekk til det drastiske skrittet å bli murt inne i eit lite rom i kyrkja i Norwich, kun med tre små vindauge for å kommunisere med omverda. 

Etter å ha gjennomlevd alvorleg sjukdom fekk Julian fleire visjonar frå Gud som ho seinare skreiv ned. Desse har kome ut i fleire utgåver og er framleis i sal. Eg vil sitere frå Innhyllet i kjærlighet som kom ut på St. Olav forlag i 1986. Flotte ord til ettertanke!
Gud - sjelens styrke
Vi er innhyllet i Faderen, og vi er innhyllet i Sønnen, og vi er innhyllet i Den hellige ånd. Og Faderen er innhyllet i oss, og Sønnen er innhyllet i oss, og Den hellige ånd er innhyllet i oss. 
Vår sjel hviler i Gud som er dens sanne fred. Vår sjel er dypt rotfestet i Gud, dens sanne styrke. 
Og hvis vi i vår blindhet og svakhet noengang skulle falle...skulle vi raskt reise oss...og gå rett til Gud i kjærlighet. Hverken krype ynkelig omkring som om vi var fortvilet, eller være overmodige som om vi skulle mene at det ikke betydde noe.[1]
[1] Julian av Norwich, Innhyllet i kjærlighet, St. Olav forlag, Oslo 1986. 2. opplag 1987. Side 45.

søndag 6. mai 2012

«Dette er ren galskap»

Tidlegare har lokalaget til Høgre i Bergen gått ut og fronta tanken om forbod mot tigging. No har dei fått med seg landsmøtet i partiet på det same.

Eg meiner dette er noko vi må kjempe mot med nebb og klør. Eit forbod mot tigging har inga anna nytte enn som rein kosmetikk. Eit forbod hjelper ikkje dei som treng hjelp, nemleg dei som må ty til tigging for å tene det dei treng for å halde seg i live. Det vil tvert om gjere livet vanskelegare for ei gruppe som allereie har det knallhardt.

Eit slikt forbod er skreddarsydd for at samfunnet rundt skal sleppe å verte konfrontert med dei svake og med vår eiga egoisme når vi går forbi han eller ho som sit der med koppen. Tigging er til sjenanse for oss fordi det gjer at vi ser kor priviligerte vi er. Vi ser at fattigdomen ikkje er langt vekke, den er rundt oss her i Norge. Tigginga blottar oss for vår egoisme og vår manglande vilje og evne til å skape eit samfunn som tar vare på alle. Derfor vert det ubehageleg for oss priviligerte. Ved å forby det slepp vi dette ubehaget, men vi skapar eit kaldare samfunn. Vi lagar lovar for å gøyme vekk det som ikkje passar inn i glansbiletet av Norge. Gjennom å gjere dette skapar vi samstundes eit samfunn som fjerner seg meir og meir frå det solidariske velstandssamfunnet vi likar å tru at vi bur i.

Vi forbaud prostitusjon for å gøyme vekk problema med trafficking, no vil fleire forby tigging for å gjere noko med «organisert tigging». Dette er vel ein finare måte å seie at ein vil ha vek romfolket på. Igjen vil vi altså gjennom forbod gøyme dei som er offer for den urettferdige verda vi lever i. Dette er forbod som ikkje tener dei svake, men oss rike, priviligert. Det er forbod eg er strekt i mot. Dei dette gjeld treng hjelp og støtte, ikkje at samfunnet legg eit skjulande teppe over problema deira.

bt.no fekk gjennom eit fint samantreff av saker sagt det som bør seiast omforslaget frå Høgre:
«Dette er ren galskap«

fredag 4. mai 2012

Hvorfor be, hvordan be

I serien av bokmeldingar for bøker som kom ut for ei stund sidan har eg i dag kome til den lille perla Hvorfor be, hvordan be, skrive av Enzo Bianchi, prior for Bose-fellesskapen, eit økumenisk klosterfellesskap i Italia han har grunnlagt.

Hvorfor be, hvordan be kom ut på St.Olav forlag i 2010, og er ei av dei beste og mest oppbyggjande bøkene eg har lese på lang tid. Den er kort, rundt hundre sider, noko som gjer at den bør vere overkommeleg for dei fleste. Boka gjev ei særs god innføring i kva kristen bøn er, og korleis bøna bør vere. Dette vil ikkje seie at ho gjev formlar for bøner, liturgiar eller særleg mange konkrete råd, men at ho fokuserer på det Skrifta lærer oss om korleis vi skal be.

Boka lærer oss at bøn er noko som dreier seg om å kome inn i eit nærare høve til Gud. Det er Gud som er den aktive part i bøna, vår del av bøna er å gje vårt svar, å lytte til Gud. «Å be er å åpne seg for fellesskap med Gud»[1] Bianchi framhevar korleis den kristne bøna handlar om å lytte. Han seier at den autentiske bøna startar der ein lytter, og viser til forteljinga med Samuel i tempelet; «Å lytte er å be og har absolutt forrang, siden det annerkjenner Guds initiativ».[2] Gjennom å lytte vert vi omdanna av Anden, og vert meir og meir like Kristus.

Han viser også korleis den «einsame» bøna er naudsynt. Bøn åleine «i ensomhet, for seg selv er ikke en form for induvidualisme, men en anledning til å møte Gud»,[3] og noko som er eit naturleg og naudsynt tillegg til kyrkja si fellesbøn i liturgien.

Særleg synet hans på bøna som noko som ikkje primært er ein menneskeleg aktivitet, men noko Gud gjer i oss meiner eg er både nyttig, oppbyggjeleg og frigjerande. Det kan fri oss frå tankar om at ein ikkje «kan» be, samstundes som det viser tydeleg kva som er formålet med bøna, nemleg samfunn med Gud. «Ved å lytte til Ordet, trer vi inn i den indretrinitariske dialogens mysterium»[4]   

Boka er konstruktiv og lite polemiserande. Eg skulle gjerne fått meir når han seier at forbøna i dag er «i en form som ikke er autentisk evangelisk. Den reduseres til magi, til en slags befaling rettet mot en Gud man tenker seg som umiddelbart «tilgjengelig», og med en plikt til å tilfredsstille ethvert behov vi måtte ha.»[5] Dette er tankar eg sjølv også har vore innom, sjølvsagt ikkje i så velformulerte vendingar, og som eg gjerne skulle sett utdjupa frå ein andeleg klok mann som Bianchi. Utdjupinga kjem ikkje i denne boka, noko som kanskje er like greit, då dette er ei bok om kva bøn er og korleis ein ber, meir enn eit debattinnlegg. Vi får vente i spaning på andre bøker om emnet.

Omslaget, som på mange måtar er fælt og ser ut som noko som kan kome frå familiekulten til eit eller anna amerikansk, evangelikalt forlag, siterer han på konklusjonen hans. Det vil eg og gjere.
Vi må aldri bli trette av å si til Herren: «Lær oss å be»[6]
Kanskje vi kan sjå på denne boka som eit svar til dei som har spurt om dette, for den er verkeleg ei god lærebok i bøn. Anbefalast!

Fotnoter
[1] Side 27
[2] Side 30
[3] Side 54
[4] Side 31
[5] Side 64
[6] Side 106

onsdag 2. mai 2012

Avslappa byarkitekt

Slik såg han ut, den fyrste byarkitekten til svenskane.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
St. Isidors minne har ved tidlegare høve vore innom ein norsk arktiekthelt, og ei vitjing til Storkyrkan i Stockholm gjer det naudsynt å omtale endå ein arkitekt, sjølv om det denne gongen ikkje skal dreie seg om det han har gjort, sjølv om det er imponerande nok.

Nicodemus Tessin den eldre levde på 1600-talet og vart Sverige sin første byarkitekt og står bak ei rekkje med staslege bygg i Sverige; Drottningholms slott som er slottet der kongefamilien bur og domkyrkja i Kalmar er to døme, i tillegg til ei rekkje andre slott og palass. Staslege bygg, men fyren i seg sjølv verkar ikkje å ha vore den mest spanande mannen, og eg har eigentleg ganske avgrensa tolmod med slott og andre bygg i kategorien «store bygg for fiffen». Han fekk ein son som han i det som må ha vore ei rie av boblande kreativitet kalla Nicodemus, og dermed no vert kalla Nicodemus Tessin den yngre. Den yngre tok tak der faren slapp, og står bak ei tilsvarande liste med prestisjebygg, mellom anna slottet i Stockholm. Far og son gjorde altså eit godt innhogg i slottsbyggjemarknaden i Sverige.

Det som gjer at den eldste Tessinen nærast ropar etter omtale på St. Isidors minne er ikkje verken livet hans eller dei fjonge husa, men minnesmerket han har fått i Storkyrkan. På veg ut av kyrkja oppdaga eg plutseleg ein mann som sat og dingla med beina oppe langs ei søyle litt ute på den eine sida i kyrkja. Dette viste seg å vere ein statue av Nicodemus Tessin den eldre som tydlegvis sat og slappa av etter å ha bygd byen. På ein annan side av stolpen stod sonen rank og stolt, medan faren berre sat der og dingla med beina. Fantastisk!

Sjansen for å få ein statue i ei kyrkje etter at eg er død er vel ikkje overhengjande, men om eg no skulle få meg ein slik statue har eg no stadfesta for ettertida at eg også vil sitje langs ei søyle og dingle med beina.
Her sit han og dinglar.
Biletet vart kanskje ikkje så skarpt som det kunne, men det får duge.