onsdag 2. mai 2012

Avslappa byarkitekt

Slik såg han ut, den fyrste byarkitekten til svenskane.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
St. Isidors minne har ved tidlegare høve vore innom ein norsk arktiekthelt, og ei vitjing til Storkyrkan i Stockholm gjer det naudsynt å omtale endå ein arkitekt, sjølv om det denne gongen ikkje skal dreie seg om det han har gjort, sjølv om det er imponerande nok.

Nicodemus Tessin den eldre levde på 1600-talet og vart Sverige sin første byarkitekt og står bak ei rekkje med staslege bygg i Sverige; Drottningholms slott som er slottet der kongefamilien bur og domkyrkja i Kalmar er to døme, i tillegg til ei rekkje andre slott og palass. Staslege bygg, men fyren i seg sjølv verkar ikkje å ha vore den mest spanande mannen, og eg har eigentleg ganske avgrensa tolmod med slott og andre bygg i kategorien «store bygg for fiffen». Han fekk ein son som han i det som må ha vore ei rie av boblande kreativitet kalla Nicodemus, og dermed no vert kalla Nicodemus Tessin den yngre. Den yngre tok tak der faren slapp, og står bak ei tilsvarande liste med prestisjebygg, mellom anna slottet i Stockholm. Far og son gjorde altså eit godt innhogg i slottsbyggjemarknaden i Sverige.

Det som gjer at den eldste Tessinen nærast ropar etter omtale på St. Isidors minne er ikkje verken livet hans eller dei fjonge husa, men minnesmerket han har fått i Storkyrkan. På veg ut av kyrkja oppdaga eg plutseleg ein mann som sat og dingla med beina oppe langs ei søyle litt ute på den eine sida i kyrkja. Dette viste seg å vere ein statue av Nicodemus Tessin den eldre som tydlegvis sat og slappa av etter å ha bygd byen. På ein annan side av stolpen stod sonen rank og stolt, medan faren berre sat der og dingla med beina. Fantastisk!

Sjansen for å få ein statue i ei kyrkje etter at eg er død er vel ikkje overhengjande, men om eg no skulle få meg ein slik statue har eg no stadfesta for ettertida at eg også vil sitje langs ei søyle og dingle med beina.
Her sit han og dinglar.
Biletet vart kanskje ikkje så skarpt som det kunne, men det får duge.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar