fredag 27. april 2012

Relikvier mot fyllesjuke og for auka potens?

Denne stakkaren fekk nasa si stole frå
naturhistorisk museum i Göteborg.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
St. Isidors minne tar igjen på seg ansvaret for å informere om dei underlege hendingane på den grøne øya.

I byrjinga på mars stakk nokon av med, av alle ting, hjarta til Lauretius O'Toole, Dublin sin skytshelgen, som låg i Christ Church Cathedral i Dublin. Lenge har ein ikkje høyrd noko nytt om denne sære saka, men no har det irske politiet kome med nyhende som gjer det heile endå rarare.

Irsk politi meldar at dei ser saka i samanheng med omsetjing av horn frå nashorn. Dei meiner at ein gjeng som sel pulverisert nashornhorn som medisin også kan stå bak dette, mest truleg som ei ny nisje.

Det er berre å vone at det er ei ny nisje mellom dei med for mykje pengar og for få skruplar, og at det ikkje er snakk om ein ny form for eksentrisk medisinering.

Pulverisert nashornhorn skal verte brukt som potensmiddel og mot fyllesjuke. Kanskje oppmalt helgenhjarta kan verke for betre moral?

Voneleg finn ein hjarta uskadd hjå ein samlar som burde ha lært ein ting eller to av den han har kjøpt hjarta til.

Uansett har ein no fått endå ein god grunn til å finne dei som står bak dette. Sal av kroppsdelar frå truga dyr som humbugmedisin er noko skikkeleg svineri som ein må ta knekken på. Om ein får gjeve denne handelen eit slag samstundes som ein finn att det sakna hjarta slår ein to store floger i den same smekken.

3 kommentarer:

Arve Kjell Uthaug sa...

Eg håpar dei finn at helgenhjarta.

Elles er det underleg at tjuveri av framskotne delar på nashorn har blitt ein geskjeft i Irland. Eg har alltid tenkt om denne øya som, rett nok grøn, men samstundes heller fattig på vilt dyreliv. Allereie den ærverdige Beda slo jo fast at dette var ei øy utan giftige ormar (og ja, Steinar, det var nok meint som eit positivt trekk ved øya). At folk så skulle enda med å reka rundt og selja nashornpulser her, er underleg. Eit tvilsamt tilskot til eit - kanskje - litt fattig dyreliv.

Steinar Sneås Skauge sa...

Ja, dei legg jo skulda på gode St. Patric for den kjedelege situasjonen dei har hamna i med eit svært skralt reptilutval...

Men du har heilt rett i at Irland ikkje akkurat er kjent for dei store flokkane med nashorn som beitar på dei grøne engene. Samstundes har jo vi ei løve i riksvapenet vårt, så afrikanske dyr i den nordeuropeiske faunaen er kanskje ikkje så uvanleg likevel?

Anonym sa...

kom hit via katolsk.no; fin blogg du har! Sol

Legg inn en kommentar