fredag 4. mai 2012

Hvorfor be, hvordan be

I serien av bokmeldingar for bøker som kom ut for ei stund sidan har eg i dag kome til den lille perla Hvorfor be, hvordan be, skrive av Enzo Bianchi, prior for Bose-fellesskapen, eit økumenisk klosterfellesskap i Italia han har grunnlagt.

Hvorfor be, hvordan be kom ut på St.Olav forlag i 2010, og er ei av dei beste og mest oppbyggjande bøkene eg har lese på lang tid. Den er kort, rundt hundre sider, noko som gjer at den bør vere overkommeleg for dei fleste. Boka gjev ei særs god innføring i kva kristen bøn er, og korleis bøna bør vere. Dette vil ikkje seie at ho gjev formlar for bøner, liturgiar eller særleg mange konkrete råd, men at ho fokuserer på det Skrifta lærer oss om korleis vi skal be.

Boka lærer oss at bøn er noko som dreier seg om å kome inn i eit nærare høve til Gud. Det er Gud som er den aktive part i bøna, vår del av bøna er å gje vårt svar, å lytte til Gud. «Å be er å åpne seg for fellesskap med Gud»[1] Bianchi framhevar korleis den kristne bøna handlar om å lytte. Han seier at den autentiske bøna startar der ein lytter, og viser til forteljinga med Samuel i tempelet; «Å lytte er å be og har absolutt forrang, siden det annerkjenner Guds initiativ».[2] Gjennom å lytte vert vi omdanna av Anden, og vert meir og meir like Kristus.

Han viser også korleis den «einsame» bøna er naudsynt. Bøn åleine «i ensomhet, for seg selv er ikke en form for induvidualisme, men en anledning til å møte Gud»,[3] og noko som er eit naturleg og naudsynt tillegg til kyrkja si fellesbøn i liturgien.

Særleg synet hans på bøna som noko som ikkje primært er ein menneskeleg aktivitet, men noko Gud gjer i oss meiner eg er både nyttig, oppbyggjeleg og frigjerande. Det kan fri oss frå tankar om at ein ikkje «kan» be, samstundes som det viser tydeleg kva som er formålet med bøna, nemleg samfunn med Gud. «Ved å lytte til Ordet, trer vi inn i den indretrinitariske dialogens mysterium»[4]   

Boka er konstruktiv og lite polemiserande. Eg skulle gjerne fått meir når han seier at forbøna i dag er «i en form som ikke er autentisk evangelisk. Den reduseres til magi, til en slags befaling rettet mot en Gud man tenker seg som umiddelbart «tilgjengelig», og med en plikt til å tilfredsstille ethvert behov vi måtte ha.»[5] Dette er tankar eg sjølv også har vore innom, sjølvsagt ikkje i så velformulerte vendingar, og som eg gjerne skulle sett utdjupa frå ein andeleg klok mann som Bianchi. Utdjupinga kjem ikkje i denne boka, noko som kanskje er like greit, då dette er ei bok om kva bøn er og korleis ein ber, meir enn eit debattinnlegg. Vi får vente i spaning på andre bøker om emnet.

Omslaget, som på mange måtar er fælt og ser ut som noko som kan kome frå familiekulten til eit eller anna amerikansk, evangelikalt forlag, siterer han på konklusjonen hans. Det vil eg og gjere.
Vi må aldri bli trette av å si til Herren: «Lær oss å be»[6]
Kanskje vi kan sjå på denne boka som eit svar til dei som har spurt om dette, for den er verkeleg ei god lærebok i bøn. Anbefalast!

Fotnoter
[1] Side 27
[2] Side 30
[3] Side 54
[4] Side 31
[5] Side 64
[6] Side 106

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar