Artikkelen fortel at ein har funne nokre steinkister i nærleiken av der ein tidlegare har funne andre steinkister som enkelte har forsøkt å knytte til Jesus. Den grava ein no har funne er det altså ingen som hevdar er Jesu grav. Ei meir riktig overskrift vert då nok slik som «Kan ha funnet beviser for Jesu siste hvilested - for rundt 25 år siden». Ikkje så spektakulært, men framleis spekulativt i massevis...
I denne grava har ein altså funne nokre kister. Dette kan vere spanande og viktige funn, men redaksjonen på nrk.no verkar ute av stand til å forstå det dei skriv om. Inskripsjonane på kistene inneheld, slik eg forstår forskningsrapporten NRK er greie og lenkjer til, ein gresk versjon av tetragrammet (יהוה) i tillegg til noko forskarane tolkar som ein stilisert versjon av dette på hebraisk eller gresk. Vanleg norsk utale av desse fire bokstavane er «Jahve», og om vi legg godvilja til kan ein også godta Jehova som nokre få vil bruke. Det verkar ikkje som om NRK er klar over at dette er det same namnet, for på tre-fire linjer oppgjev dei begge omsetjingane, bortsett frå at dei ikkje er i stand til å omsetje det engelske «Yahweh» til norsk «Jahve». Rett skal vere rett, også forskningsrapporten brukar begge orda, noko som eigentleg ikkje er eit godt teikn. Forskarar ein kan stole på bør vere i stand til å halde styr på kva ord dei brukar. Les ein det rapporten seier om det NRK hevdar er «det aramaiske ordet for 'herre'», vert ein usikker på kvar NRK har fått dette frå. I rapporten seier ein at dette står på gresk og fort kan bety noko ala den engelske adelstittelen «lady»....[1] Alt i alt viser avsnittet at den som har skrive det anten ikkje har lese det han refererar eller ikkje har ei grunnforståing av det han skriv om, noko som gjer lesaren usikker på om ein får eit reellt bilete av kva saka faktisk handlar om gjennom å lese artikkelen.
Inskripsjonen som vert tolka som kvalen som åt Jona. Biletet er henta frå forskningsrapporten. |
Så vert det verre. Med tidfestinga til før år 70, og med ein påstand ein berre kan ha tatt rett ut av lufta om at inskripsjonane mest truleg er laga av ein av disiplane til Jesus slår ein fast: «symbolene på kistelokkene er de tidligste kristne skrifter som finnes, langt før evangeliene ble skrevet.» Sjølv om ein skulle ha rett i både dateringa og at det er ein av disiplane til Jesus som har laga dette, er det ikkje dermed sagt at dette er dei eldste kristne skriftene. Romarbrevet vert til dømes datert til år 57 eller 58[3], altså før dateringa på desse kistene. Og Markusevangeliet vert datert til mellom 65 og 70[4], altså omtrent samtidig med denne dateringa. Påstanden er altså det reinaste sprøyt.
Vidare fortel ein om grava ein fann på åttitalet. Dette var ei grav «med beinkister påskrevet navn fra Jesu familie, blant dem Maria Magdalena, Maria og Judah, som ble påstått å være Jesu sønn. Og selvfølgelig Jesus, sønn av Josef», seier NRK. For å ta det som er eit konsekvent problem i denne artikkelen først: Personen dei hevdar er Jesu son har eit namn ein vanlegvis stavar «Juda» på norsk. Eit minstemål for å skrive om slike emner må vere å få namna riktig. Tanken om at Jesus skulle ha gifta seg med Maria Magdalena og fått born møter ein på med jamne mellomrom. I det siste har det vore mest vanleg å hevde at dei drog til Frankrike og slo seg ned der. Ei forteljing ein ikkje finn før på 1000-talet...[5] Å skulle tru at ein person det vart forfatta så mykje om kunne gifte seg og få born utan at dette vart skrive noko om er heilt usannsynleg. For ikkje å snakke om at grava hans ikkje skulle verte eit pilegrimsmål. Eller at borna fekk leiande posisjonar i kyrkja. Det er eigentleg noko som ikkje treng å seiast, men eg seier det likevel: Tanken heng ikkje på greip!
Vi skal ta med oss eit siste punkt. Det er sjølvsagt mange som har sagt det same som meg. «Dette heng ikkje på greip». Grunnen til at vi seier dette er, i fylgje NRK, at det er vanskeleg for oss å ta inn over oss at «Jesus både giftet seg og fikk barn – begge deler med en kjent prostituert». Den «kjente prostituerte» er sjølvsagt Maria Magdalena. Testamenta nemner henne ein del gongar, og ho har den svært sentrale rolla som den første som ser den oppstandne Kristus. Lukas fortel oss at Jesus dreiv ut sju demonar av henne, så det er ikkje snakk om å teikne noko glansbilete. Men nokon form for prostitusjon høyrer vi aldri om. Tanken om at ho skal ha vore prostituert skal kome av ei feilkobling pave Gregor den store gjorde i ein tale i 591, der han sa at Maria Magdalena også var kvinna vi møter i forteljinga som står rett før der Jesus driv ut demonane frå henne (Ei forteljing som forøvrig er preiketekst på søndag.). Der møter vi ei kvinne som «levde eit syndefullt liv», noko heile byen var klar over. At ein pave gjorde denne feilen nesten seks hundre år etter at Maria levde, gjer henne sjølvsagt ikkje til nokon prostituert. Maria Magdalena er ei av dei aller viktigaste kvinnene i NT, og ikkje nokon kyrkja skammar seg over på nokon som helst måte, som det verkar som NRK trur.
Det er vanskeleg å seie kva som er mest spekulativt og tøvete. Teoriane til forskarane eller artikkelen frå NRK. Uansett har dei i alle fall klart å gjere det som kunne vore glede over eit spanande funn til irritasjon over vrøvl og tøv.
Tru om NRK ville latt nokon med tilsvarande kunnskap om fotball få skrive eit referat frå ein tredjedivisjonskamp?
[1] Side 13 og 14 i rapporten. Eg reknar med det er dette dei meinar, sidan det er den einaste av innskripsjonane dette kan stemme med.
[2] Denne finn ein i Matt 12, 40. - Reidar Hvalvik/Terje Stordalen, Den store fortellingen, 1999, side 104
[3] Reidar Hvalvik/Terje Stordalen, Den store fortellingen, 1999, side 284
[4] Reidar Hvalvik/Terje Stordalen, Den store fortellingen, 1999, side 201
[5] Oskar Skarsaune, Den ukjente Jesus, 2005, side 92