mandag 13. februar 2012

Fordervande prestar og fromme folk

Ei side frå historieverket til Adam som
Skildring av øyane i Norden er ein del av.
Biletet er henta frå tysk Wikipedia.
Medan vi omtalar folk frå Bremen, passar det å kome innom Adam av Bremen og det han skreiv om Norge. Hans Descriptio insularum Aquilonis, eller Skildring av øyane i Norden er festeleg lesing. Boka var ferdig i rundt 1075, og i den skildrar han folk og land med det vi kan tru er relativt grei presisjon for ein som aldri var lenger nord enn Danmark. Sidan St. Isidors minne har eit kyrkjeleg tyngdepunkt er det naturleg å sjå kva han skreiv om kyrkja i Norge rundt 1075. Han har først skildra nordmennene som gode med dyrehald og dyktige krigarar før han går vidare og seier:
... nu hvor de har modtaget kristendommen og er blevet bedre underrettede i skolerne, har de lært at elske 'freden og sandheten' og slå sig til tåls med deres fattige kår og kun at sprede, hvad de selv har samlet og ikke - som før - høste hvad andre har sået. Og mens de alle oprindelig var hengivne til fæle trolddomskunster, bekender de sig nu med apostelen enfoldigt til Kristus og dét som korsfæstet. De er også de mest beherskede mennesker, man kan tænke sig, både hvad angår spisevaner og væsen, og især ynder de sparsommelighed og beskedenhed. Desuden viser de præsterne og kirken så stor respekt, at den, der ikke daglig ofrer ved den messe, han overværer, faktisk ikke regnes for kristen. Men dåben og konfirmationen, indvielsen af altre samt ordinationen til de hellige stænder må altsammen købes dyrt hos dem og Danerne. Dette forhold skyldes - efter min mening - præsternes griskhed, for da barbarerne endnu ikke kender til at give tiende eller ikke ønsker det, tvinges de i stedet til at betale for alle de tjenestydelser, som burde være gratis, fx. sygebesøk og begravelser. Deres så fremragende sæder bliver således, efter hvad jeg har erfaret, kun fordærvet af presternes griskhed.[1]
Eit par spørsmål melder seg sjølvsagt etter dette rapporten, som til dømes korleis folket kan ha vorte fromme som munkar med eit korrupt og fordervande presteskap, og kvifor i alle dagar dette fromme folkeslaget visar desse fæle prestane så stor respekt.

Enkelte vil sjølvsagt seie at dette med fromme lekfolk og eit meir utsvevande presteskap ikkje har endra seg særleg mykje på dei siste tusen åra, medan andre lurer på kvar det fromme folket vart av og kvifor dei ikkje vart med presteskapet i heilaggjeringsprosessen.

[1] Teksten er henta frå Adam af Bremen, Beskrivelse av øerne i Norden, Oversatt og kommentert av Allan A. Lund, Wormianum, 1978, side 52-54. Alt står i kapittel 31, slik boka er delt inn i denne utgåva. Eg reknar med at dette kan vere ein standardmåte å dele inn boka på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar