onsdag 22. februar 2012

Ein gullbelagt munk

Yuet Kai sittjande mellom 13 000 buddhastatuar.
Medan vi er inne på lik som står på utsilling, kan det høve å ta med seg forteljinga om Yuet Kai, eller 月溪法師 for dei kinesiskkunnige mellom oss. Yuet Kai hamna også på utstilling etter at han var død, om i noko meir respektfulle former enn Angelo Soliman.

Yuet Kai vart født inn i ein rik familie i sørkina i 1878. Han var ein dyktig poet og flink med lyra i tillegg til at han studerte filosofi på eit godt universitet i Kina. Då han var 19 år bestemte han seg for å vie livet sitt til buddhismen, noko han gjorde med ettertrykk. For å vise kor bestemt han var, skal han ha skore kjøtet av to av fingrane sine, sett fyr på dette og brukt det til å tenne 48 lys framfor ein statue av Buddha. I 1933 flytta han til Hong Kong, eigentleg for å undervise, noko han også gjorde, men han enda etterkvart opp med å bygge eit stort templkompleks, Ten Thousand Buddhas Monastary eller «Klosteret for dei ti tusen buddhaane».

Dette er eit svært tempelkompleks som, som namnet hintar om, inneheld tusenvis av statuar av Buddha, i tillegg til massevis av andre statuar. Tempelet ligg langt oppe i ei fjellside og alt av materiale måtte bærast opp med handemakt. Bygginga starta i 1949, då Yuet Kai hadde runda 70 år, men han var med på å bære alt saman opp saman med disiplane sine. Sjølve klosteret tok åtte år å bygge, og det tok ti år til å få ferdig alle buddhastatuane som skulle stå langts veggane i hovudtempelet. Tilsaman vart dette rundt 13 000 statuar. Då hadde allereie Yuet Kai vore død i nokre år. Han døyde i 1965, 87 år gamal. Først vart han gravlagd i ei kiste i marka, men etter nokre månader vart han gravd opp att. Kroppen var då framleis heilt fin, og den vart mumifisert, malt med bladgull, kledd i munkedrakt og plassert i lotusstilling i eit glasmonter i tempelet, for alle å sjå. Og der sit han den dag i dag, som eit midtpunkt i eit fantastisk tempelkompleks.

Utsikten frå toppen av pagoden ned mot hovudtempelet
Klosteret ligg som sagt langt oppe i ein bratt bakke, og langs dei over fire hundre trappetrinna opp dit står det over fem hundre statuar av folk som har nådd Nirvana, såkalla arhat. Når ein har slete seg opp trappene vert ein møtt av mellom anna ein nietasjes pagode og massevis av statuar i ulike storleikar. Eit fantastisk skode som alle som er i Hong Kong bør få med seg.

Det er altså ikkje berre i Kyrkja ein finn folk som har gjeve livet sitt til høgare maktar med liv og helse og heller ikkje berre i Kyrkja ein kan finne bygg som kanskje kan verke i overkant utsmykka eller geistlege som vert balsamerte. Yuet Kai gjorde alt dette. Han gav livet sitt til buddhismen og bygde eit fantastisk tempelkompleks. Som takk for dette sit han i dag i balsamert i eit glasmonter.  
Yuet Kai vert heidra.
Foto:Øystein Skauge

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar