mandag 20. februar 2012

Frå frimurarstormeister til utstoppa attraksjon

«Hoffmauraren» Angelo Soliman.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
St. Isidors minne har ved fleire høve vore innom slavar som har fått fridomen attende og levd interessante liv etter dette. Augustus Tolton er i ferd med å bli kanoniset, medan Josefina Bakhita vart den første sudanesar som vart kanonisert. Historia vi skal ta for oss i dag minnar derimot meir om forteljinga til On Tong, som kom som slave til Bergen og vart lege på landsbygda rundt Bergen (og ein av mine forfedre), men han vi vert kjent med i dag var nok både i liv og død meir spektakulær enn On Tong.   

Siste nummer av Dag og Tid hadde ei kort sak om Angelo Soliman, ein mann som var «hoffmaurar» i Wien på 1700-talet. Dette er ei forteljing som er for interessant til å gå forbi.

Angelo Soliman vart født rundt 1721 i eit område som i dag ligg i grenselandet mellom Nigeria og Kamerun og gjekk då under namnet Mmadi Make. Som born vart han fanga av slavehandlarar og kom som tiåring til Marseille der han vart kjøpt av ei rik dame frå Sicilia. Han vart seinare gjeven vekk i gåve til ein fyrste frå Austerrike. Han og fyrsten kom svært nær kvarandre, og Soliman redda livet hans i eit slag der Soliman var med som offiser. Eigaren hans døydde etterkvart og Soliman vart i 1753 teken som tenar hjå prinsen av Lichtenstein, som heldt hus i Wien, der Soliman etterkvart fekk tittelen «høgfyrsteleg maurar og kammertenar», i tillegg til at han også her etterkvart kom svært nær fyrsten. «Husmaurarar» var på moten på denne tida. Dag og Tid seier at «Svarte tenarar var luksusvare, det ypparste eit barokt fyrstehoff kunne syna fram», og det skal ha vore rundt førti andre slike «klenodium» i Wien i same periode som Soliman var der.

Angelo Soliman var ein eineståande mann. Han var intelligent og vakker. Han var ein dyktig matematikar og ein særs god sjakkspelar. Han snakka seks språk flytande (tsjekkisk, engelsk, fransk, tysk, italiensk og latin) og han hadde kome inn i dei høgare kretsane i Wien, om enn som slave. Han gifta seg med ei kvit kvinne i 1768, utan å ha rådført seg med eigaren sin, og fekk same år fridomen sin attende sidan eigaren ikkje var nøgd med giftarmålet.  Utan fast inntekt såg framtida ikkje så lys ut, men i 1772, same år som han fekk si einaste dotter, døydde prinsen av Lichtenstein og det kom ein ny mann på trona. Han gav Soliman jobb som huslærar for sonen sin, og både inntekt og kontakt med det øvre lag av Wien var igjen sikra. Resten av livet var han kanskje den i Wien som kom nærast på fyrstefamilien.

I 1783 vart han med i frimurarlosjen «Det sanne samhald» som var den mest revolusjonære av losjane i Wien, og også hadde medlemmer som Josef Haydn og Wolfgang Amadeus Mozart. Soliman steig i gradene i losjen, og vart etterkvart stormeister. Han jobba også politisk for å fremje saka til dei svakaste i byen. Det verka altså som om Soliman var integrert til det fullkomne i det øvre lag av verdsbyen.

I 1796 døydde Angelo Soliman av hjerneslag, og det skulle vise seg at han langt frå vart sett på som ein likemann med dei kvite i byen. Før han døydde hadde ein gjort førebuingar til det groteske som skulle kome. Rett etter at han var død vart liket flådd og beingrinda tatt ut. Alt som låg i kista familien gravla var kjøt og innvollar, dette utan at familien hans var klar over kva som skjedde. Huda og beingrinda vart preparerte av museumsfolk; han vart rett og slett stoppa ut. Så vart den utstoppa skrotten pynta med strutsefjær og perler og stilt ut i raritetskabinettet til det naturhistoriske museet i Wien saman med mellom anna ei lita afrikansk jente og ein annan afrikansk mann. Som om dei var nokre deformerte dyr.

Museet brann ned i 1848 og restane av Angelo Soliman fekk endeleg kvile i fred, men ein kan framleis sjå ei avstøyping av hovudet hans på eit museum i Tyskland.

Soliman sette spor etter seg i kulturen. Han trefte Mozart ved fleire høve, og ein meiner at ein av Mozart sine karakterar er basert på Angelo. Sikkert er det at ein av karakterane i Robert Musil sin Mannen uten egenskaper er bygd på Soliman sitt liv. Han er heller ikkje gløymt: Wien Museum køyrer no utstillinga Angelo Soliman - Ein Afrikaner in Wien. Den skulle ein ha sett!
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar