![]() |
Inari og revane. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Vi skal til den shintoistiske guden Inari, ein populær gud i Japan, der 32 000 tempel, meir enn ein tredjedel av alle shintotempla i landet, er via til han.
![]() |
Inari med to kvite revar. Biletet er henta frå denne nettsida. |
Som sagt har Inari også ei kvinneleg side, og no startar verkeleg det forvirrande. Dei kvinnelege framtoningane til Inari vert, av grunnar eg ikkje klarar å forstå, assosiert med den hinduistiske guddinna Dakini, eller Dakiniten, som igjen vert assosiert med Daikoku-ten, ein japansk, buddhistisk ris- og jordbruksgud. Og då er vi attende til revane. For Daikoku-ten vert, i fylgje Wikipedia, framstilt som ridande på ein kvit rev.[1]
![]() |
Daikoku-ten rir på ein rev. Biletet er henta frå WikimediaCommons. |
Den buddhistiske guddinna(?) som rir på ein rev er altså, det kvinnelege motstykket til den shintoistiske guden med kvite revar som bodbringarar. Det er mykje eg ikkje forstår i dette, og mykje eg kan ha framstilt feil, men ein kjem uansett ikkje vekk frå at Inari legg inn ein god sjølvpresentasjon i konkuransen om å vere den koselegaste guden i pantheonet. Det vert ikkje mykje koselegare enn ein gud som alltid er flanker av ein rev eller to!
[1] Denne sida fremstiller han, mellom anna, som ein tjukk, smilande fyr. Det er forsåvidt triveleg nok, men har kanskje ikkje så mykje med revar å gjere. Japansk Wikipedia har derimot den reveridande guddommen som hovudbilete, så eg går ut i frå at det er riktig.