Viser innlegg med etiketten Den koselegaste guden i pantheonet?. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Den koselegaste guden i pantheonet?. Vis alle innlegg

torsdag 21. juni 2012

Den koselegaste guden i pantheonet? V

Ein fantastisk agam frå Sør-India. Slike dyr er mellom dei
Tū-te-wanawana er far til.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Det er på tide med ein ny tur til Pantheon for å sjå kven som er koselegast. Denne gangen skal vi møte på ein guddom maoriane på New Zeeland har dyrka.

Tū-te-wanawana vert i tradisjonell maori-religion rekna som faren og vernar til alle reptil. Han skal i enkelte tradisjonar ha vore halvt menneske, halvt reptil og skal også ha fått menneskeborn i tillegg til reptilar, noko som burde fryde den steingalne David Icke som hevdar at folk som George W. Bush, dronning Elizabeth og andre eigentleg er reptil.

For å gå attende til Tū-te-wanawana så er historien hans at han måtte flykte frå ein krig i himmelen. For å kome vekk frå krigen gøymde han seg i skogen og vart samstundes far til alle reptil.

Kriteriet i konkuransen om å vere den koselegaste guden i pantheonet går utelukkande på utsjånad. eg har ikkje klart å finne noko bilete av Tū-te-wanawana, men ein kar som er halvt reptil må jo sjå strålande ut, så nominasjonen står støtt utan bilete. Når det er sagt kan eg ikkje la denne sjansen til å få med nokre flotte reptilbilete gå frå meg, så vi kosar oss med nokre flotte bilete plukka frå dei utvalde reptilbileta på Wikimedia Commons, alle er sjølvsagt etterkomarar etter Tū-te-wanawana.
Ein fantastisk grøn mamba.
Biletet er frå Wikimedia Commons.

Ein majestetisk iguan.
Biletet er frå Wikimedia Commons.

To gekkoar i kamp.
Biletet er frå Wikimedia Commons.

Også ein alligator må geispe ein gong iblant.
Biletet er frå Wikimedia Commons.

torsdag 26. april 2012

Den koselegaste guden i pantheonet? IV

Horo Mana, henta frå goddessaday.com
Bileta deira ligg ute til fri bruk.
Etter skammeleg lang tid har eg endeleg tatt tak i forslaget Audun sendte inn til ein ny nominasjon i konkuransen om å vere den koselegaste guden i pantheonet. Eg gjev ordet til Audun:
Hopifolket i Nord-Amerika lagar noko som heiter Kachinadukker. Ein Kachina er ei ånd av anten ein guddom, ei naturkraft, eit dyr eller ein avdød. I jakta snubla eg over ei slik dukke som representerer gudinna Horo Mana. Horo Mana er vinter- og vindgudinna. Ho har med seg ein yuccakam som ho bruker til å rufse til folks hår når det blæs.  Namnet hennar tyder “comb hair upwards maiden". Ei gudinne for bad hair-days tykkjer eg fortener ei nominering, særskild når ho ser ut som eit lukketroll a la Tove Jansson.
Eg kan ikkje seie noko anna enn at eg er heilt einig i denne nominasjonen. Rett nok kan eg ikkje seie at hopi-estetikken er heilt min tekopp, men skildringa av denne gudinna er heilt strålande. Audun la også med ei lenkje til eit bilete hjå ei dame som driv og lagar slike figurar. Horo Mana såg absolutt koselegare ut der, men på grunn av opphavsretten vil eg ikkje leggje det ut her. Eg anbefalar derimot å ta turen til denne bloggen for ein kikk.

Rufsegudinna Horo Mana er med dette påmeldt i konkuransen.

torsdag 12. april 2012

Den koselegaste guden i pantheonet? III

Inari og revane.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Etter å ha vore innom hinduismen, representert ved Ganesha, og egyptisk religion, representert med Bes, skal vi i dag ta turen til shintoismen med eit streiftog innom buddhismen og hinduismen i jakta på den koselegaste guden i pantheonet. Reisa er forvirrande, og mi framstilling har preg av dette, kanskje har eg  ikkje ein gong forstått alt rett, heller. Austlege religionar er forvirrande på meg, så eg stiller meg open for oppklaringar. Koseleg er det uansett.

Vi skal til den shintoistiske guden Inari, ein populær gud i Japan, der 32 000 tempel, meir enn ein tredjedel av alle shintotempla i landet, er via til han.

Inari med to kvite revar.
Biletet er henta frå denne nettsida.
Inari er ein japansk gud for fruktbarheit, velstand, risavlingar og revar, og det er revane som gjer Inari til eit koseleg syn. Fyren sjølv, eg vel å omtale han som mann i første omgang, er nemleg ikkje så mykje å sjå til. Rett nok kjem han i ulike inkarnasjonar (om ein kan bruke dette ordet på shintoistiske gudar?) som ein gamal mann, ei kvinne, ein androgyn bodhisattva, ein slange eller ein drake, og desse kan nok vere koselege nok, men det koselege med Inari er at i tempela som er via til han er statuane av han alltid flankert av kvite revar. Revane til Inari er bodbringarar for han og han vert assosiert med revar i så stor grad at i nyare japanske framstillingar vert ikkje lenger han avbilda, men i staden er det ein av revane hans som vert avbilda.

Som sagt har Inari også ei kvinneleg side, og no startar verkeleg det forvirrande. Dei kvinnelege framtoningane til Inari vert, av grunnar eg ikkje klarar å forstå, assosiert med den hinduistiske guddinna Dakini, eller Dakiniten, som igjen vert assosiert med Daikoku-ten, ein japansk, buddhistisk ris- og jordbruksgud. Og då er vi attende til revane. For Daikoku-ten vert, i fylgje Wikipedia, framstilt som ridande på ein kvit rev.[1]
Daikoku-ten rir på ein rev.
Biletet er henta frå WikimediaCommons.

Den buddhistiske guddinna(?) som rir på ein rev er altså, det kvinnelege motstykket til den shintoistiske guden med kvite revar som bodbringarar. Det er mykje eg ikkje forstår i dette, og mykje eg kan ha framstilt feil, men ein kjem uansett ikkje vekk frå at Inari legg inn ein god sjølvpresentasjon i konkuransen om å vere den koselegaste guden i pantheonet. Det vert ikkje mykje koselegare enn ein gud som alltid er flanker av ein rev eller to!

[1] Denne sida fremstiller han, mellom anna, som ein tjukk, smilande fyr. Det er forsåvidt triveleg nok, men har kanskje ikkje så mykje med revar å gjere. Japansk Wikipedia har derimot den reveridande guddommen som hovudbilete, så eg går ut i frå at det er riktig.

torsdag 19. januar 2012

Den koselegaste guden i pantheonet? II

Eg tok for ei stund sidan opp spørsmålet om kva som er den koselegaste guddommen, basert på utsjånad. Sjølv nominerte eg Ganesha og bad om andre forslag. På Facebook kom Audun Emil Husa med følgjande forslag:
Her vil eg gjerne fremje den egyptiske dvergeguden Bes sitt kandidatur. Oppgåvene hans var m.a. å verne om heimen, d.v.s. kvinner og born. Han er dessutan ein av særs få av dei gamle egyptarane som faktisk ser mot kamera når han vert avbilda. Når ein baby lo, tilsynelatande umotivert, trudde ein at Bes var ein stad i rommet og gjorde morosame grimasar. Sjølv heller eg meir i retning av at han er skuld i ein heil del umotivert barnegråt.
Dette er eit knakande godt forslag! Eg skal ikkje skryte på meg noko kjennskap til Bes, men Gods of Ancient Egypt kan fortelje oss om  Bes at han er ein mangfaldig figur. Han var ein slags demon som ikkje var ond, men god. Han var beskyttar av heimar og fødslar og vart knytta til seksualitet, humor og dansing. Han beskytta farao, men mannen i gata likte han fordi han først og fremst beskytta kvinner og born. Etterkvart såg ein på han som forkjemparen for alt godt og motstandaren av alt vondt. Han støtta Ra, og hadde til gjengjeld Ra sin støtte. Samstundes var han ein krigsgud som beskytta Egypt og folket. Til alt dette var det sjølvsagt knytta ein del ritual, som at statuar av han beskytta hus mot vonde ånder og hjalp fødande kvinner og slikt, men ein hadde ikkje templar og presteskap knytta til Bes.

Uansett kor fine og flotte desse oppgåvene og eigenskapane er, er dette ein slags guddommeleg missekonkuranse der det er utsjånaden som gjeld. Gods of Ancient Egypt seier mellom anna følgjande om korleis Bes ser ut:
Bes was generally depicted as a bearded dwarf, sticking out his tongue and shaking a rattle. He is always depicted facing forwards [...] Bes is a comical figure with pronounced bow legs, prominent genitals and a tail. [...] Occassionally he [...] is depicted as a winged deity.
Då er vi verkeleg inne på ein utfordrar i konkurransen. Ein skjeggete dverg med hale, vingar og stor penis som ser på fotografen/skulptøren/målaren i kontrast til det som var vanleg mellom dei egyptiske kollegaene hans. Dette er bra. Det vert hevda i forslaget at Bes kanskje var skuld i barnegråt, og ser ein på statuane av han, kan det kanskje stemme. Dei eg har funne bilete av på nettet er ikkje alltid så fine, men ein kan tenkje seg at om egyptarane hadde fått nokre tusen år på seg, slik hinduane har fått det med Ganesha, ville Bes ha blitt koselegare med åra. Eg vil derfor hevde at Bes er ein god utfordrar til Ganesha som den koselegaste guden i pantheonet. Tusen takk for eit strålande forslag, Audun!

Bes saman med kona si, Beset.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

onsdag 11. januar 2012

Den koselegaste guden i pantheonet?

Ganesha ridande på ei rotte.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Dei ulike guddomane rundt om i verda kjem i ulike framtoningar. Nokre ser ut som menneske, nokre som dyr og nokre som heilt andre ting. Nokre er vakre, nokre er stygge, og nokre, som Ganesha, er beint ut koselege og søte. I alle fall om ein finn dei rette bileta av dei.

Det sjarmerande biletet som opnar denne bloggposten er ein burmesisk framstilling av Ganesha ridande på ei rotte, slik han har for vane. Rottar kjem seg som kjent fram over alt, og det er sjølvsagt ein praktisk eigenskap for eit ridedyr. Kven kan mislike ein gut med elefanthovud som rir på ei rotte?

Om eg har forstått min hinduisme riktig, noko som ikkje er sjølvsagt, er Ganesha son av Shiva og Parvati. Namnet hans tyder noko slikt som «Leiar for dei som fylgjer Shiva», og han er den av gudane ein skal tilbe fyrst, og er hinduane sin gud for hindringar, då vel i tydinga at han hjelper med å kome seg forbi hindringane, vil eg tru. Det at han rir på rotter og mus heng også saman med dette, for det at dei kjem seg inn overalt, viser at dei overvinn alle hindringar.

Ganesha vart fødd, eller kva ein skal kalle det, ved at Parvati laga han av laus hud frå kroppen sin. Ho var lei av Shiva, og han var verken med i «konstruksjonen» eller informert om det som skjedde. Då Shiva kom heim tok Parvati seg eit bad, og Ganesha nekta Shiva å kome inn. Han vart då rasande på guten og hogde hovudet av han. Dette var sjølvsagt ikkje populært hjå Parvati som vart rasande og truga med å utslette verda. Dei andre gudane vart livredde for dette og gjorde det dei kunne for å blidgjere Parvati. Dei lova å finne eit nytt hovud til Ganesha og at han skulle verte leiar for fylgjet til Shiva og skulle tilbedast først. Dette godtok Parvati og gudane drog ut for å kappe hovudet av det første vesenet dei fann. Dette var ein elefant, og slik fekk Ganesha hovudet sitt.

Eg har nyleg fått med meg at Tor Åge Bringsværd har skrive ei lita bok om Ganesha. Eg har ikkje lese boka, men det gav meg ein grunn til å pynte bloggen med eit bilete med det eg trur er den guden i pantheonet med trivlegast utsjånad.

Om andre har vektige forslag til guddommar med koseleg utsjånad er eg interessert i å høyre dei. Vi ser då heilt vekk frå ting som sanning, kva dei står for og slike uviktige detaljar.

Informasjonen om Ganesha er henta frå Hinduismen og buddhismen av Knut A. Jacobsen og Notto R. Thelle, s. 87-89