Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Xenia var gift med ein offiser i hæren som drakk seg til døde. Før dette var han valdeleg og ufyseleg mot Xenia. Etter at han døydde byrja ho å gje vekk det familien eigde til fattige, noko som førte til at slektningar utan hell forsøkte å få erklært henne som gal. Etter nokre år der ho stadig gav vekk meir av det ho eigde, forsvann ho frå byen, og var pilegrim som gjekk mellom ulike heilage stader i Russland medan ho bad «Jesusbøna». Kanskje oppsøkte ho også andre heilage personar og fekk vegleiing av dei. Ho var vekke i åtte år, og då ho kom attende til St. Petersburg hadde ho blitt ein jurodivyj. Ho gjekk i det som var att av uniformen til mannen og svarte kun når ho vart tiltala med hans namn og ho budde under open himmel. Ho tagg ikkje pengar, men hadde kun det ho fekk som gåve frå folk, og då gav ho mykje vidare til andre fattige. Etter kvart fekk ho ry på seg for å profetere framtidige hendingar og for å gje folk gode råd, som gjerne kun verka gode i etterpåklokskapens ljos.
Det vert spekulert i om Xenia handla som ho gjorde for å gjere opp for mannen. Han døydde utan å skrifte eller få nattverd, og ved å ta på seg hans klede og svare på hans namn, ville ho kanskje gjere bot på vegne av han.
Etter at ho døydde vart grava eit pilegrimsmål, og var det også under sovjettida, trass i at styresmaktene forsøkte å hindre folk i å kome seg til kapellet som vart bygd over grava hennar på 1800-talet. Formelt vart ho ikkje kanonisert før i 1978 av den russisk-ortodokse kyrkja i utlandet, og i 1988 av kyrkja i Russland. Minnedagen hennar er 24. januar.
Som med dei andre i KM i galskap er ikkje Xenia eit døme til direkte etterfylgjing, men det ho gjorde kan tene til inspirasjon for oss andre, for vi har alle noko å lære av korleis ho, og mange andre med henne, går inn i det dei kjenner seg kalla til med heile seg.
Vi avslutter med ei hymne ein finn på engelsk Wikipedia.
Having renounced the vanity of the earthly world,
Thou didst take up the cross of a homeless life of wandering;
Thou didst not fear grief, privation, nor the mockery of men,
And didst know the love of Christ.
Now taking sweet delight of this love in Heaven,
O Xenia, the blessed and divinely wise,
Pray for the salvation of our souls.