tirsdag 3. januar 2012

Køpenickiade

Bilete tatt av politiet viser ein arrestert Voigt i 1906.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Tida har igjen komen for ein tysk svindlar. Sist gong St. Isidors minne var innom dette emnet var det Kaspar Hauser som stod for bløffen. Mannen vi skal gjere oss kjent med i dag var på mange måtar meir underhaldande enn den stusslege Hauser.

Wilhelm Voigt var ein småkriminell mann frå det som i dag er Kaliningrad. Han vart fødd i 1849 og levde over halvparten av livet før fylte førti år i fengsel for ulike brotsverk. I august 1906 vart han heve ut av Berlin, og det er då det morosame startar.

I staden for å dra frå Berlin gjekk han «under jorda». Systematisk kjøpte han opp dei ulike delane til ein kapteinsuniform, heilt til han hadde komplett uniform.

Ein slik uniform var det Voigt
hadde på seg.
Denne er stilt ut i rådhuset i
Köpenick, der han tok seg tilrette.
Biletet er henta frå
Wikimedia Commons.
Iført sin uniform som gav han kapteinsrang i den preussiske hæren gjekk han til ei lokal kasserne og beordra med seg fire meinige soldatar og ein sersjant. Desse såg uniformen og fulgte med sin «overordna». Voigt kvitta seg raskt med sersjanten, som vart sendt vekk, og fekk i staden med seg endå seks meinige soldatar.

Saman tok desse toget til Köpenick som på dette tidspunktet var ein eigen by. Der dei marsjerte inn på rådhuset og okkuperte det. Voigt gav soldatane sine ordre om å sikre alle utgangar og stoppa alle telefonsamtalar frå byen til Berlin i ein time.

Så arresterte han borgermeistaren, Georg Langerhans, og kasseraren i byen. Desse to sendte han med to soldatar til Berlin for å bli avhøyrde, mistenkte for korrupsjon. Sidan det var mistanke om korrupsjon, måtte han gå gjennom rekneskapen og såg det naudsynt å konfiskere bykassa. Den inneheldt på dette tidspunktet rundt 3500 mark. Ein kaptein i den preussiske hæren er sjølvsagt ein ordna mann, så Voigt la sjølvsagt att ein kvittering for det han tok med seg. Denne skreiv han under med namnet von Malzahn, namnet på sin siste fengselsdirektør, samt bokstavane «H.i.1.G.R.» som tyder «Hauptmann im 1. Garde-Regiment». Han tok med seg pengane, bad dei soldatane som ikkje hadde fått transportoppdrag sikre bygget i ein halv time og forsvann mot togstasjonen. Så skifta han til vanlege klede og vart vekke.

Cöpenicker Dampfboot si kveldsutgåve
frå 16. oktober 1906, den dagen då
Wilhelm Voigt okkuperte rådhuset.
Biletet er henta frå tysk wikipedia, derein også kan lese heile sida.
Det vart sjølvsagt eit valdsamt rabalder etter dette. Både Tyskland og andre land lo av det som hadde skjedd, og særleg peika ein på den overdrevne respekten ein hadde for uniformar og offiserar i Tyskland.

Voigt vart arrestert etter berre ni dagar, då ein han hadde sona saman med hadde høyrt om planen hans og vart lokka av ein stor pengesum til å angje Voigt. 1. desember vart han dømt til fire år i fengsel for opptrinnet. 

Akkurat kvifor han gjorde det han gjorde, er ikkje klart. Sjølv hevda han at han eigentleg berre var ute etter eit pass for å kome seg ut av landet, medan andre hadde meir tru på at han var ute etter pengar. Han skulle ha høyrd snakk om at det vart oppbevara to millionar mark i ein safe i rådhuset, sa ein. Dessutan oppbevarte ein ikkje pass i rådhuset...

Voigt vart benåda av keisar Vilhelm i 1908. Vistnok likte keisaren det Voigt hadde gjort. Året etter gav han ut ein sjølvbiografi, Wie ich Hauptmann von Köpenick wurde. Mein Lebensbild. der han skreiv om «offiserskarriera» si. Han reiste også rundt i Europa og Nord-Amerika og fortalte om det han hadde gjort, før han døydde i Luxemburg i 1922.

Wilhelm Voigt sin svindel gav sjølvsagt inspirasjon til ein haug med filmar, skodespel og likande og vart også grunnlag for eit heilt nytt ord.   «Køpenickande» tyder å gje seg ut for å vere offentleg myndigheit  utan å vere det, og kjem sjølvsagt frå denne hendinga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar